Vandring del 2: 10. Ørsebekken og Havet

Vi satte oss på ein benk i forrige vandring. Hustuftene etter husmannsplassen Øssebekken, som det seies til dagleg, ligg på sletta nedafor her. Når vi no sit her, skal eg fortelle litt om denne plassen. Navnet kjem truleg av ”aur” (ør), grusør i utløpet av Havelva.

I 1865 dreiv Lorns og Margrete denne plassen. Lorns var innvandrar frå Gudbrandsdalen. Men han var ingen vanleg husmannstype, han var felespelar og dreiv som spelemann saman med Einar Jystad i Sjøsveet. Kansje møttes dei her på haugen, (som er mellom dei to plassane) og øvde. I tillegg dreiv han landhandel i Øssebekken. Varene tok han fra T. Jensen i Trondheim. Han vart nok ikkje rik av denne butikken, men handelsånda var nok fødd, for seinare vart han ein tiltrudd mann i firmaet E. A. Smith i Trondheim. Ei av døtrene vart gift med sjefen i firmaet. Sonen deira vart sjef for verdsfirmaet Guggenheim, og han gav pengar til nytt orgel i Nidarosdomen. Alle borna etter Lorns og Margrete gjode det godt innan handelsnæringa, og alle var musikkintereserte.Så dette førte til at alle flytta til Trondheim.

Derfor kom det nye plassfolk hit i 1873: Johan Hogstad og Martine fra Verdala. Dei hadde to sønner: Jon og Jørgen. Men som mange andre stader måtte dei få varer på krita hos handelsmanenn til dei kunne betale med fisk e. l., pengar hadde dei ikkje. Dei viktigaste varene dei måtte ha var grynmjøl, og snøre for å binde fiskegarn med. Derfor måtte sønene koma seg i arbeid snøggast råd. Jon drog i utanriksfart med seglskuter i mange år, og vart førar på ei lystjakt til ein amerikansk millionær. Her tente han gode pengar. Også Jørgen vart lokka av sjøen. Han var på Lofotfiske, på ein mottaksbåt i to vintrar. så var han på fleire seglbåtar og dampbåtar før han enda opp som matros på hurtigruteskipet ”Kong Harald” frå 1902 – 1906. Da kom det bud frå broren at han kunne få hyre på yaten som han førte. Der vart dei begge to til 1909. Heile tida brevveksla dei med faren. Desse breva finnes fortsatt. Her skreiv gutane om det dei opplevde i Amerika, og faren om det som foregjekk heime. Som om fisket, dersom nokon gifta seg o. l. I eit brev står det: No har endeleg Fredrik Wohlan gifta seg med Jossefine Ness. Lite ana vel nokon av dei at sonen til desse to, skulle bli svigerson til Jørgen. Men i 1909 kom det bod om at faren var sjuk, mora var død før, og Jørgen drog heim for og overta plassen. I Amerika hadde han tent bra med penger, og når han kom med båten til Sundneshamna, og gjekk over Sundnesnesset så han kom til Nessgård, tenkte han som så mange gonger før: Denne plassen skal bli min, og no hadde han pengar til det, og det vart her han bygde opp heimen sin i 1914. Han kom heim før faren døyde.Og Jørgen skriv at han sat og las breva som broren hadde skrevi til faren, når faren låg på det siste: Her fortel han om ting som er opplevd der over. Ein gong kom dei over eit skip som låg og dreiv forlatt i havet. Det var stående ordre om at slike vrak skulle brennast. Men først hadde han vore ombord og sett. Han hadde funne nokre klær og eit flott barberettui, (dette kjem vi attende til) som han hadde teke med, før han sette fyr på skipsvraket.

Og så var det ein kollega som på mirakuløs måte hadde berga livet ved eit forlis, medan resten av manskapet vart oppete av hai.

Faren døyde, og i 1910 gifta Jørgen seg med nabogjenta i Sjøsveet, Inga. Men det var ikkje noko vanleg brudlaup, dei vart vigde i Nidarosdomen. Det måtte synast når ” Ein sjøman hadde gått i land.” Men no måtte dei ha ein heim til dei fekk bygd nye hus på Nessgård.

Dei fekk ny avtale med kappelanen Nilsen i Røvika om å få leige Øsebekken som husmandsplass fram til 1914: Der står det m. a. ”Festeren skal betale årleg avgift på 40 kr., pliktarbeid 5dager i våronn, 10 dager i slåttonn, 5 dager i skuronn, for nevnte arbeid får han 80 øre pr. dag. Han kan samle kvist og annet løst avfall til brendsel. Likeså kunne han samle tang og tare i fjæren til gjødsel.”

Når denne avtalen gjekk ut, flytta dei til ny heim på Nessgård, og han fekk kjøpe jorda i Øssebekken til ”avlingsgård.” Høyet rodde han over bukta i ein færing med eit stort segel som innpakking. Dei såg berre årene som stakk ut av høyet vart det sagt, men Jørgen sat nok der han og, sjølv om han var både høgreist og kraftig.

I 1923 kom broren heim på besøk. Han hadde vorte gift, men ekteskapet skranta. Når han var heime skreiv han testamente, der det stod at broren skulle ha alt etter han. Testamentet vart tinglyst med to viterlighetsvitner. Han drog attende til Amerika, men året etter kom det melding om at han hadde drukna. No skulle Jørgen få arven etter broren. Men enka etter han hevda at testamentet var ugyldig. For i Amerika var det krav om tre vitner til eit slikt dokument. Det vart mye skriving mellom dei, og begge hyra advokatar. Tida gjekk, og advokatane tente pengar, og arven minka. Da fåreslo Jørgen ovanfor enka at dei delte arven likt mellom seg. Dette aksepterte enka, og det kom 18000 kroner til Jørgen. I tillegg kom det ei kiste ( kalt Amerikakista med påskrifta anno 1776) med personlege ting etter broren: Mellom anna eit gullur med ein medaliong på, eit fotoapparat (avansert etter tida). Dette var det mange som lånte etterpå, når det var brudlaup o. l. Og så var det eit flott barberetui i sølv, anntakeleg det same som er nevnt tidlegare. Om dette var reisekista til Jon vites ikkje.

Av desse historiene ser vi at det var tronge tider her heime, men dei ungdomane som kom seg ut kunne gjæra det godt. Men når dei heime trong hjelp, var heimplassen og slekta viktigare enn pengar for nokre.

Men no må vi fortsette vår vandring langs Havelva til vi kjem ned mot sjøen. På andre sida av elva ligg det eit flatt jordstykke som heiter Havet. I haugen bortafor låg det ein husmannsplass fram til i 1868, da tok Lars Erikson og kona Elisabth,av jordstykket og passen til kårbustad, når han solgte Røvika til kapelangard. Men når dei døyde vart husa revi og jorda lagt til garden, dette var kring 1900. Navnet Havet kan koma av det gamle ordet Hav eller heving.

Men jordstykket er no flatt som havet også.

Vi fortsetter langs sjøen og langfjøra til eit bord med benker, som står ved stien, her stopper vår ferd i dag, medan utanfor er det vekselvis sjø og tørrlagt sjøbotn to gonger i døgnet.

Info