Vandring del 2: 11. Holmen eller ?

Navnet skjemmer ingen heiter det; men navnet kan være så ymse.

Så også dit vi kjem no på siste del av vår vandring.

Holmen, som ikkje er nokon holme, for den er jo landfast, men det er i nyare tid det er laga fylling så ein kan koma over om det er flo sjø. Men den har fleire navn: Haugen friområde, Volholmen, Hjulstadholmen,Jonholmen og Håggåhølmin. Kva som er rett og gale skal vera usagt, men sett i rett samanheng blir vel alt rett:

Haugen friområde heiter det, etter at kommunen regulerte det til friområde.

Jon heitte han som eigde området før – derfor Jonholmen.

Eit kjent motiv tatt utover sjøen fra Volsvingen, er holmen med Kvamsholmane og Ytterøya i bakgrunnen, så får vi Volholmen.

Før det var husmannsplassar der, var det Hjulstadgardane som åtte halvparten kvar av holmen, derfor Hjulstadholmen.

Håggåhølmin har sitt opphav fra 1901, da husmannen i Håggån kjøpte Holmen.

Plassen Håggån, som ligg eit stykke opp frå sjøen, er nevnt i skrifter fra 1701, da var Ola Olson husmann her. Han var 65år og hadde ein son på 6år. Altså ein produktiv kar, det står ikkje noko om moras alder.

Det har budd mange slags folk her, som smed, skreddar, hovslager, fiskar, men det har vore folk her alt i ”heidnom old” (før den historiske tida). Nedafor husa er det funne ein gravplass, truleg frå steinalderen. Altså for nesten 4000år sidan! Husa som står der ser ikkje så gamal ut, men er ikkje noko pryd i kulturlandskapet.

Mortinus Sefaniasson, som budde her i 1886, hadde nok gremma seg om han hadde sett korleis plassen blir ivaretatt, for det var ein handlingens mann. I tillegg til jordarbeid (pliktarbeid) var han skreddar og sildefiskar. I 1901 vart alle plassane på Holmen ledige, da slo han til og fekk kjøpe heile Holmen, itillegg til Håggån. Så no vart han laksefiskar også. For på holmen var det laksevald. Han betalte 1000kr. til Hjulstadgårdane, ein rimeleg pris sjølv i den tida. Som oftast var ikkje bøndene strikse på prisen når dei solgte til husmenn.

I kultursti samanheng, og av mange blir Holmen såleis kalt Håggåhølmin.

Men før holmen vart lagt under Håggån, var det tri husmannsplassar der.

Det som var spesielt var at Hjulstadgardane åtte kvar sin halvdel av holmen, delt etter der vegen går.

Holmen I (Edvardplassen) låg lengst ut mot sjøen i livd av ”Sjåpåberget”, og med gardgrensa beint gjennom plassjorda. Derfor hadde husmannen pliktarbeid på begge gardane.

Dei siste plassfolka der var Edvard og Serina. Han var kjend som ein robust og fripostig kar. Han skulle være ein vågsam seglar og var på Lofoten mange vintrar; og stod ikkje med huva i handa same kven han møtte. Han var også ein sers flink symjar, noko som ikkje var vanleg i den tida. Det er fortalt at ein gong han var med rutebåten, og det gjekk litt tid før båten kom til kai, hoppa han i sjøen fult påkledd og svømte i land. Han skulle vise desse landkrabbane på båten korleis sjøen skulle meistrast. Han var også sers ordhag, og kunne tala ”Roma midt imot”. Kring 1900 flytta dei til Byåsen der kona, Serina var ifrå. Dei kjøpte ei stue der det hadde budd tæringsjuke folk.

Like etterpå døyde både Edvard og Serina av tæring. Likeså to av borna deira. Stua vart etter dette brent.

Dei andre to plassane låg ein på kvar side av vegen, og var såleis under kvar sin gard.

Holmen II (Johannesplassen) låg på østre side av valen,og var den første som vart rydda. Da var det stor tømmerskog bortover grusryggen her. Dette var ein liten plass med ei lita stue, men mannen Johannes var også liten av vekst. Han var destilatør på Sundnes brenderi, og var såleis meister på den første Sundnesakuaviten. Derfor vart det ikkje så mye anna arbeid utover pliktarbeidet på garden.

Holmen III (Jonplassen) låg på andre sida av valen. Dette var plass berre ei kort tid (1883 – 1900). Husa vart bygd av eit stabbur frå kårheimen Havet. Dei som budde her var Jon og Maren Johanne, ho var datter til Johannes i naboplassen. Jon dreiv mykje med fisking m. a. på Lofoten. Men verste sjøturen hadde han når han arbeide hos Herman Løchen på Sundnes, som okserøkter. Løchen kjøpte opp oksekalvar og drankfora dei vinteren over , så vart dei frakta til England og solgt til høgare prisar der. På ein slik tur over Nordsjøen, vart det uver, og dei mista mange dyr. Jon og familien flytta til Levanger i 1898.

Men før det var husmannsplassar på holmen, var det gardsveg utover holmen til nausta og til saltkjelen som gardane hadde i lag, og så til ”Sjåppåberget” for grenda, der dei skipa (sjåppå) inn varer fra byturane.

Men no er vi ved stiens ende (foreløpig?), og eg takkar for laget og vandringa i tid og stad, der målet har vore å fortelja om folk og hendingar attende i tid som syner dei store kulturelle forandringar og livsmåtar folk har hatt.

Vil også rette ein stor takk til grunneigarane der stien går, for deira velvilje. Likeså til alle som har bidratt med opplysningar, slik at historia blir så rett som mogleg. Er fortsatt mottakeleg for nye opplysingar eller rettingar.

Info