Vandring del 3: 2. Sundnes

Da fortsetter vi vår vandring. For lettare å koma ned av berget er det laga trapper ned på volden. Og over Volelva er det bru. Litt lenger fram låg det 2 husmansplassar for 100 år sidan. Det var Reina (Vollen) og litt nedafor Vol-voln. Reina låg som navnet seier, under ei rein ved grensa mellom Vola og Sundnes. Dei som budde der kring 1900, heitte Anna og Martin. Det var vissnok berre ein generasjon som budde der. Volvollen er ein eldre plass med busetting kring 1750, men låg truleg aude ei tid. I 1891 budde Johan Øren og Elise Margrete Eliasdatter der. Han hadde etternavnet Øren av di han i oppveksten var fergemannsdreng og budde på Kreygårdsøren ved Sundfærhus på Steaumen. Ho var av noko «finare folk». På morsida Grønfolket i Vika, og på farsida sorenskrivar Riber i Fosen. Men det står det var armodsleg og lite av jordisk gods på den vesle plassen. Men når det gjalt avkom vart det mange born der som greide seg bra. Den mest kjente var Elias Volan, (1887- 1974) som var ein ihuga fagforeningsmann og politikar. Han gjekk frå Det Norske Arbeiderpart til Norges kommunistiske Parti to gonger! Og må vel reknast som radikalar som lett kom i strid med sine eigne. Det står skrevi om han i Eynni Idri, 2010.

Volan må vera ein av gardane på Inderøy som strekker seg lengst, frå fjorden og 3 km. i luftlinje opp mot toppen av skogen som ligg 249 m.o. h. Gardsnavnet er skrevi på forskjellige vis. På 1500 talet: Waardenn. Truleg har det stått ein varde på Volkammen, og at navnet kjem truleg av varde.
I 1834 vart garden sjølveigarbruk når Kristian Berg fra Mosvik, og Ellen Myr fra Ytterøy kjøpte garden. Dette var svært dyktige folk, og hadde garden i 40 år. Kristian var med i første heradstyret på Inderøy i 1838. Og der var han med i 30 år! I tillegg var han medhjelpar i kyrkja og for presten. Medhjelparen var oppnevnt av biskopen, og var ein akta stilling. Han hjelpte presten med arbeid i kyrkjelyden og styring av visse legater, sosialstyret, verjeråd og sokneråd. I tillegg hjelpte han presten med prestekleda, og sat framme i koret når det var gudsteneste. Det skal vera Kristian og Ellen som har sjenka døypefonten (dåpsengelen) som står i kyrkja.

Men no går vi vidare, og kjem fort over på gardsnr. 9, Sundnes. For alle buplassane som har 9 som gardnr. er av Sundnes, og det er i alle fall 150 bruksnr. Så også dei 2 første heimane som vi passerer: Risan 1 og Risan 2 (også kalt Hestrisan.) I 1865 var Lars og Marta plassfolk på Risan 1. Lars var «plogmann på Sundnes», og var vide kjent for sine ferdigheter. Løchen sende han også i pløyetevling, der han gjorde det finfint. Men han måtte kjøyre med to unghestar slik at det gjekk for fort til at han vant. Eit barnebarn av Lars, Lorns rydda og bygde hus på Risan 2. Men når faren, Johannes, flytta til Trondheim, flytta Lorns til Risan 1, og leide bort husa på Risan 2, til den plassen vart solgt i 1947. Denne plassen var den siste humannsplassen som vart rydda under Sundnes, og den siste som vart sjølveigarheim. I 1921 fekk Lars kjøpe Risan 1, og husmannstida var over på Risan.

Det var mange husmannsplassar på Sundnes. På 1700talet er det registrert 6 plassar. Men på 1800talet auka det fort, og det er nevnt 28 av dei i «Husmannssoga for Inderøy.» Det som er spesielt er at første husmannsplassane som er omtala (1701) ikkje låg på Sundnes, men Anders Bårdsen var på Valberg, og John Siverssøn på Holmen. Det var nok eigendomar som eides av Sundnes. Valberg ligg på Utøy. Korleis Holme som er nevnt, vites ikkje.
Når vi fortsetter vandringa langs bukta, kjem vi til ei lita slette der det står eit flott kvilehus. Her er det tak over hode, så dersom du vil beskue sjøen, den lange fjøra eller sjøfuglane, kan du både få skugge i sola eller sitte tørt om det regnar.

sundnes_gard

Men her står det også eit oppslag om Sundnes, eller «Synnes» som vi seier lokalt.(tyder vel det søndre nesset.) Det finnes masse informasjon om garden og folk som har levd der. Den er først nevnt i 1430 åra. Da var det erkebisbegods. Etter reformasjonen vart det krongods og fogdegard. Men fra 1668 kom den i privat eige. Eigarane som har satt spesielle spor etter seg er Cristian Wittrup og sønen Peder, 1691 – 1781. Familien Angell, 1781 – 1839. Men storheitstida var nok frå 1847, når Herman Løchen overtok. Han hadde garden til sin død i 1876. Han var ein foregangsmann på mange områder, noko du skal få høyre om neste gong. Og garden var i den tida på 1000 da. dyrka og drenert mark.

Etter han var det fleire eigarar fram til 1921, da komunen nytta forkjøpsretten sin, og tok over garden. Da var det at mange av dei som hadde vore husmenn fekk kjøpe plassane sine. Det var også fleire som fekk kjøpe seg jord for og bygge seg ein heim på. I alt kring 30 i talet. Kommunen tok også av ein parsell av jorda, før dei solgte resterende 500 da dyrkajord, og 100 da. skogland, til presten Egede Nilsen Severus. Han ville bruke eigendomen til barneheim for foreldreløse og hjemløse gutter. Såleis vart det barneheimsdrift der fra 1923 til 1948.

I 1950 kom Nils J. Aunet heim frå USA, og kjøpte garden. Og i dag er det andre generasjon etter Nils og kona Jossefine som eig garden.
Når Aasmund Olavson Vinje var på Inderøy i 1860, budde han på Sundnes og skreiv i Ferdaminni: (Kvar han sat når han skreiv er det mange tankar om, men at det var landskapet på Inderøy han skildra er det ingen tvil om!)

”Her ser eg fagre fjord og bygder, som mange gamle kjemper bar, med mange slike store dygder, at tidt me trur det gudar var”.
”Nei, dette er best nordafjells, ja kanskje i hele landet. Det er stort, det er rikt, og det er fjorder og landskap i det mest yndefulle samspell”.
”Slike sommardagar og slike ljose, milde netter med blomsterduft har eg aldri hatt som på Sundnes...”

God Inderøyreklame desse sitata!
Så berre sitt på benken her, og sjå det med eigne augo det Vinje beskreiv!

Info