Vandring del 3: 3. Sundnesnesset

No fortsetter vi turen langs fjæra. Mellom åkerkanten og flomålet ser vi fleire planteslag som trives her i overgangen mellom sjø og land: Som ulike strandengtyper, bl. a. saltsivengler og driftvoller. Lenger ut finnes salturt og havgras. Det finnes også populasjoner av Havisaks.

Gruntvannsområdet annses som eit viktig sjø/vannfuglområde. Når det er tørrlagt utgjer det 380 da. (Hadde det vore i Nederland hadde det kansje vore dyrkajord?)

Men så var det denne Herman Løchen, brukseigar på Sundnes, som fekk så mykje gjort på dei 29 åra han var på Inderøy.

Første gong eg stifta kjennskap til han var når eg gjekk ut på folkeskulen. Da skulle alle elevane i avgangsklassa halda eit foredrag om ein kjent person. Når farmora mi høyrde dette, sa ho: Du som skal bli bonde må fortelle om Herman Løchen som var på Sundnes. Det er ingen person som har betydd så mykje for jordsbruket på Inderøy.Og så fortalte ho, og eg skreiv om han:

Han var født i Drøbak i 1822.  Døde på Inderøy,1876. Gift med Anne Margrete Jensen fra Mosvik, i 1848.Dei hadde 9 barn: 8 døttre og sonen Håkon.

Herman var utdanna i brenneri-virksomhet i Tyskland og arbeide hos faren som dreiv fleire brenneri, før han i 1845 kom til Mosvik der A. Jensen på Vinje bruk, var i ferd med brenneribygging. Også på Sundnes var A. Mattson (daverande eigar) i ferd med slik verksomhet. Løchen var konsulent på begge plassane.

Det har vore forandringar også før i tida:

Det vart i gang satt mange større brenneri i landet på denne tida. Grunnen var alkohol-lovgivinga som vart praktisert. I 1816 vart det frigjeve for brenning på gardane. Dette førte til uhyggeleg forbruk og medfølgende problemer. Derfor vart det i 1845 bestemt at ingen kunne brenne på mindre panner enn 200 liter, og etter konsesjon. Her var det nok bruk for fagfolk som Herman Løhcen.

lochen

Og i 1847 når A. Mattson vart sjuk, og solgte Sundnes og brenneriet, vart Herman Løhcen kjøpar og eigar av alt.

Garden vart utbygd og jorda grøfta og oppdyrka, og brenneriet vidreutvikla. Han tok i bruk nye metodar og var ein føregangsmann i gardsdrift. Grøfting var heilt uvanleg i bygda, derfor hyra han erfarne grøftarar frå Skåne. Han var den første her som sådde kunstig eng og sådde tunips.

Garden vart eit mønsterbruk vide kjent.

Sonen, Håkon skriv i minneord om faren og drifta på Sundnes: «Brukets størrelse forståes når der ein sommer blev innkjørt 2000 dobbelt-spente lass høi, og det ble opptaget 6000 tønner potet, og at der en vinter stod 425 klavebundne naut på fjøset ------«

Han fekk bygd meieri på garden, det første i distriktet. Hit leverte også gardane i kring mjølka. Som vi ser var det stordrift. Men han hadde også fleire gardar: Hogstad vestre, Bosnes østre. Hogstad åtte han saman med Jørgen Richter frå 1856 til 62, seinare åleine. Her dreiv han med mykje nydyrking. (Omskreve i Eyna Idri 2012)

Han hadde også eigendomar i andre bygder: Møllebruk på Steinkjer, sagbruk i Snåsa, skogar i Snåsa og Stod og gard på Levanger.

Løchen var ein framifrå organistrator, men han trengte også mykje og god arbeidskraft. Derfor var det 22 husmenn på Sundnes. Men i tillegg var det også mange fleire som arbeide der.

Det er fortalt at han var ein streng, men rettferdig arbeidsleiar. Som fortalt var det svenskar der på grøfte-arbeid. Løchen kom ridande for å innspisere grøftarane. Ein av dei var kjent for å lura seg unna i arbeidet, så når han såg sjefen kom, skunda han seg å pisse i handa som han gnudde i håret. Når Løchen kom sa han: «Jag blir sved jag Løchen». «Jei skal lære dei sved» sa Løchen, og gav svensken eit rapp med ridepisken. Eksemplets makt!

Skulle tru han hadde nok og ordna med som godseigar og nybrotsmann både i jord, plantar og foredling av nye produkt. Men Løchen var levande interesert i bygdas ve og vel, og ville ha framsteg i mange ting. Såleis vart han også politisk engasjert, med 2 år på stortinget og ordførar i Inderøy i 8 år. Fekk etablert dampskipstrafikk på fjorden, med kai og butikk på Sundneshamn.

Bru over tidevanns-straumen ved Straumen og forbedring av vegane i bygda. Han var formann i byggenemda for ny kyrkje i Sakshaug sogn. Var med og stifta Inderøy idrettslag i 1863.

Saman med kona, gjorde han Sundnes til eit kultursentrum, der mange kjente personar var gjestar på garden. For å nemne i fleng: P, Chr. Asbjørnsen, Jørgen Mo, Andreas Munch, Ole Bull, og Aa. O. Vinje. Vidre kunstmålarar som Tidemann, Muller, Lerche, Nordgren m. fl. Og når desse kom sette han alltid av tid til omvising og gjestebud på Sundnes. Da vart naboar og venner også innvitert. Richter-familien var sjølvsagte gjester, etter som Rostad og Sundnes hadde mykje samarbeid på fleire frontar.

Men Løchen hadde også sjølv kunstneriske evner: Ein god talar, songar, gitarspelar, skreiv dikt, sanger og salmar til fleire anledningar.

Sjølv om han hadde mange samarbeidere og hjelpere, gav han mykje av seg sjølv for å få til det han ønska. Kan hende det gjekk på helsa laus. I tillegg var han ikkje redd for å låne kapital for å iverksette det han hadde tenkt.

I alle fall, siste leveåra skranta både økonomien og helsa, og før han døyde i 1876, reiste kreditorane med eigendomen. Han ville for mykje, og utakk er verdens lønn!

Men du verden kva denne mannen har betydd for framsteg i landbruk og samfunnet forøvrig. Derfor: I 1976 var eg formann i Bondelaget, da kom det forslag frå Ivar Vatn sen. at vi måtte sette opp eit verdig gravmerke på gravplassen til Herman Løchen ved Sakshaug gamle kyrkje.

Det vart henta ein granittstein i fjøra på Sundnes. Symbolikken er vel klår: Granitt er det mest solide i naturen! Etter ei markering ved gravplassen, flytta forsamlinga seg til Sundnes der det var både talar og song. Sjølvsagt vart Vinjes: «Her ser eg fagre fjord og bygder», som er skreve medan han var her, nytta. Men der og da, var det første gong Johannes Hynne: «Inderøy, bygda vår» vart framført offentleg. Kan vel seie vi har to «nasjonalsongar» på Inderøy.

Det vart ei verdig markering av ein allsidig, myndig og effektiv kulturperson.

Skulle nok skrevi mykje meir om mitt første foredrags emne frå folkeskolen, men når eg teinkjer på kor nervøs og redd eg var da eg skulle fortelle (vi skulle ikkje lesa, sa Granhus), og kor letta eg var når seansen var over, så får vi heller «vandra vidare».

På stien rundt Sundnesbukta, passerer vi ei elv. Den kjem frå Kvistad. Men oppe i dalen er det ein demning for å samle vatn til Sundnes og brenneriet. Den var det også Løchen som fekk bygd i si tid, men den forfall. I dag er den restaurert til ein triveleg rasteplass.

Når vi fortsetter langs sjøen, kjem vi til ein hage der vi får gå over plena, for å koma vidare. Her har Inderøyas første Cateringbedrift etablert seg. Det er nok slutt på husmanstida, no kan vi få maten ferdigservert heime berre ved eit tastetrykk!

Litt lenger fram ligg det eit naust der det er rasteplassar. På naustveggen er det bilder og oppslag om fuglane som trivast her på leira. Studer desse til neste gong.

Her er det kortnebbgås på vårflukt over Sundnesbukta og Sundnesbukta i haustfargar.

Info