Vandring del 3: 5. Sundneshamna

Når vi går frå Jægtvolden tar vi stien mot Sundneshamna. Dette var leia dei gjekk når dei skulle på handel eller skulle ut å reise med «dampen». På høgresida har vi ein skog av bartre og ein undervegetasjon av busk og kratt, nesten ein eventyrskog?  Og bartrea her er planta av gutar som var på Sundnes den tid det var «barneheim» der. (1923 – 1948)

Litt lenger fram tar det av ein sti ned mot sjøen til ein badeplass som har vore og er «rivieraen» for folk her omkring. Men når vi høyrer namnet på plassen forstår vi den har vorte nytta til noko anna og: «Tælgøra». Som før nemnt kjem namnet Jægtvolden av at det er bygd jekter her ein gong i tida. Den tida var det nok øks som vart nytta når båtborda vart utforma, dei vart «tælga» (forma) så dei skulle passa der dei skulle nyttast. Og når det også er ei ør nedanfor her, vert det «Tælgøra».

Hit kom også Anne Kathrine Jensen,  i 1848 som nybakt kone til Herman Løchen, den nye eigaren på Sundnes.

Da vart ho skyssa i ein slik «seksring» (bilde) frå Mosvik og hit til «Tælgøra», der Herman tok i mot sin livsledsager, og førte henne opp til Sundnes. Bryllaupet hadde stått på «Sjøvin» nokre dagar før. Det var tri roarar så ferda gjekk fort i finvêret. Det står også at båten hadde det norske flagg i bakskotten, og at når dei kom til lands på «Tælgøra» vart det applaus av folk som dreiv å bygge ei jekt der. (frå Håkon Løchens bok om mora)

 

faring

Når vi fortsette stien, som frå Jægtvolden og til Straumen er tilrettelagt for rullestolbrukarar, får vi på venstre side utsyn mot Sakshaug-grenda, før vi kjem fram til det som vert kalla «Øverhamna». I starten var det vel berre ein husmannsplass som heiter Øverhamna her, men etter kvart har det vorte ei heil grend med både fastbuande og feriehus. Ikkje rart det når landskapet har slike velforma proporsjonar med sjøen som ramme kring det heile!

Men slik såg det nok ikkje ut kring 1850, når Fredrik Larson Gjørv og kona fekk feste på ein plass i utmarka til Sundnes på 16 tolvfenning. Dette vart Øverhamna på 8,3 da. etter dagens måleinhet. (ein tolfening er ca. ½ da). I tillegg hadde dei beiterett på «Tælgøra». (Etter det var det ikkje skogbevokst på «Tælgøra» den tida.)  Fredrik var Jakteskipper og gift med Maria Andersdatter frå Ytterøy. I 1875 hadde dei to born heime, ein gut på 37 år og ei jente på 21 år! Faren døyde kring 1890, da tok yngste dottera med mora og emigrerte til Amerika.

Lorns L. Sakshaug fekk da overta plassen, og bygde nye hus der.

Ner-Hamna er omtala så tidleg som i 1737. Men det vart nok meir fart der etter 1860 åra, da  Herman Løchen tok til med «landhandleri» her. Grunnen var mellom anna:  I 1855 starta

Herman Løchen og Ole Richter, saman med nokre interesserte på Levanger, Innhered dampskipsselskap, og den første dampbåten, «Inhered» vart set i rutetrafikk i Trondheimsfjorden. Dermed kom det også kaie med dampskipsannløp her. Da heitte det Sundnæs Hamn. Dette var det husmannen i Øverhmna, Lorns Saxshaug som bestyrte. Da Løchen døde i 1876, fortaste Lorns med dampskips-ekspedisjon og landhandelen.

loktumaleri

Sonen,  Peder M Saxhaug overtok etter han, og kjøpte begge Hamna-plassane i 1913. Han bygde nye hus for butikkdrift og husvære for familien i Nerhamna. Det vart også bygd bakeri. Sonen Steffen Saxhaug tok over, og dreiv til 1981. Så overtok Kari og Per Saxhaug.

Aktiviteten hadde auka heile tida, men alt forandrast etter som tida går, også type  aktiviteten vert  forandra.

Det eg kan hugsa best frå eg var ungen, var når far og alle andre bønder fekk bod om at no kom det båt med kunstgjødning som måtte hentast når båten lossa. Da stod det lang rekke med heste- køyrarar opp gjennom Hamnavegen, sidan vart det traktorar. Men det som var felles: No vart det ein prat med yrkesbrødre, for køa var lang og lossinga tok tid. Men ingen klaga over det! Det var jo ein kombinasjon av nytte og sosialt samvær.

Men etter kvart skulle alt gå så fort, rasjonalisering, effektivisering, økonomisering er kjente ord. Etter kvart gjorde denne «-iseringa» sitt til at det ikkje kom båt på Sundneshamna lenger, og da kom køen også bort. Slik at i dag ser vi berre husa og kaia som vitnar om svunne tider. Det står også eit kultursti-oppslag her som viser litt om utviklinga på «Hamna».

Men det var jo både bensinpumpe, bakeri og bygningsvarer i tillegg til landhandel her, så det var eit viktig knutepunkt ein gong.

Her starta turen med dampbåten om dei skulle til Levanger, Trondheim eller kanskje heilt til Amerika. Det var nok mange som tok avskjed med heimbygda si her. Særleg frå 1880 – 1894, altså ein 15 årsperiode, da emigrer-inga frå Inderøy til det «forjettede» land, Amerika lokka mange: 779stykker i alt. Så tok det av noko fram til 1900, da vart det atter i ein 3 årsperiode  det reiste mange. Slik at fram til 1910, var det ein ny 15 årsperiode da det drog kring 400, altså ei halvering frå førige periode. Og no tok emigrasjonen av år for år. I alt reknar ein med at det var 1500 inderøyningar som drog for og søke lykka i Amerika kring denne tida.

Her var det mange som nytta seg av båt både for gods og folk lokalt på fjorden i mange år.

Eit nytt innslag i samferdsla på Innherred vart det når jernbanen vart opna fram til Steinkjer i 1905. Det vart ein hard konkurrent for båtane.

Men vi går no vår vandring i ei anna tid, og startar etter Hamnavegen, atter eit bevis på forandring i tid og komfort: No blir det asfalt eit stykke, noko dei som tek seg fram på hjul nok sett pris på. Og nedanfor her ligg det mange fritidsbåtar i ei småbåthamn. Dei fleste ligg no bere der, som eit bevis på at vi fekk det ganske bra vi som ikkje drog til Amerika også?

Dei var nok i jamnare bruk båtane på bilde under, som er frå 1913:

sildefiske

Dette er sildefiskebåtar som deltok i eventyrfiske kring Straumen i åra 1912 og 1913. Det er fortalt at det var 250 fartøy, med smått og stort, og ein mannskaps-styrke på 1200.

Må vel gå ut frå at dette skapa ei stor aktivitet av mange slag, også på land på dagtid?

Fiske har til alle tider vore varierande frå «svart hav» til «havets gull» i overflod!

Som i 1891 til 1893, da var det som heile fjorden mellom Levanger og Inderøy var fylt med sild. Det vart fortalt at om natta såg fjorden ut som ein by av lanternene på drivgarnsbåtane.

Andre år var det inne i «Børgin» silda var. Det vart fiska så mykje at omsettinga vart vanskeleg, og ein del sild vart brukt til dyrefor, og også lagt i kompost til gjødsel.

Dette og fleire «sildeventyr» er omskrevi i Eyna Idri, 1994.

Til neste gong kan vi no reflektere over dette med å kaste mat, både før og no, av di at det er for mykje mat. Kva med dei som manglar mat? Dei fantets før, og finnes no!

Info