Vandring del 3: 6. Sundneshamna mot Straumen

«Hamnavegen» går frå Sundneshamna, forbi Sundnes og endar i riksv. 755. På dagens bildet ser vi i forgrunnen dei to kaiene og småbåthamna. I midten gamelkaia med lager-huset, i dag er det Stornes rederi som eig denne. Fremst er den nye betongkaia, bygd i 1989. I 1971 sette Felleskjøpet opp lagerbygninga bak, også den er no i privat eige.  Så ser vi i Småbåthamna som kom i 1980.

sundnesh1

Men på det andre bilde ser vi butiken slik den var kring 1950. Det minste raude huset ved butiken var bakeriet. Her var den sise faste bakar, Paul Strand, også kjent som mangeårig dirigent i musikklaget Laat. Før han, var det faren hans som var bakar på Sundneshamna.

Han budde rett over bukta her, i Vangslivegen i eit av dei første husa når vi kjem kulturstien.

sundnesh2

På bildet ser vi eit kvit stue litt ovanfor butiken: «Bakarstua», eller ein av plassane som heitte Hamnvik. Her budde bakaren som var før Strandkarane, bakar Sivertsen. Han og kona var barnlause, men tok til seg ein gut som vaks opp der. Tomas heitte han, og gjekk under navnet «Tomas Bakarstun». Men når pleieforeldra døde vart heimen solgt til Anton Kvistad. Da hadde Tomas bygd seg ei lita hytte i skogen like ved.  Tomas var ein harmlaus og ufarleg person, men noko orginal og annleis enn folk flest. Det eg hugsar av han, var når eg byrja å gå på fest på «Folkvang». Da sat han på ein krakk ved ovnen i ein islending og vadmelsbukse, og togg tobak. Når det vart fult med tobakspytt, spytta han berre på ovnen så det fresa. Han såg også ting som andre ikkje såg, «småkallar», og vart dei for nærgåande hytta han med tollekniven, og dei var borte! Snakka med seg sjølv, det var for han naturleg.

Ein annleis kar i ei anna tid. Han låg ingen til byrde, men fekk nok litt hjelp når det trengtes.

Når vi fortsett vår «vandring» etter Hamnavegen i ei anna tid, ser vi det har komi mange nye hus også langs denne vegen, men vi ser litt nærare på dei gamle buplassane: Først går vi forbi gamlebutikken, så litt lenger fram på venstre side ligger gården Sundvolden, eller «Spelberget» som det blir sakt til dagleg. Det var Iver Anton Kvistad og kona Olava som kom frå Klementsgjale, ein plass under Kvistad, som busette seg her kring 1900. Dette er omskreve av Alf Kvistad, i Einny Idri i 2017. Det er etterslekt til Olava og Iver Anton  som bur her framleis. Og det skal vissnok finnast 160 etterkomarar etter dei spreid i alle vedensdelar!

Det var nok ein plass her før og, som vart kalla Spellmannsberget. Kansje har det vore ein møteplass der det var spel og folk hadde det moro?

På andre sida av vegen er det eit nyare hus som langt frå er noko morrohus. Her kjem avfall frå folk som er busett oppgjennom grenda her. Det kjem i rør, blir rensa, og reint vatn går ut i sjøen langt utpå. Det er visnok slutt med utedass, der restene vart dryssa i potetrada når poteten vart sett om våren. (Når eg gjekk på lanbrukskole i 1959, sa jordbrukslæraren at næringsværdien i avføringa frå eit meneske var verd 35 kr. omrekna i kunstjødnings pris!)

Når vi kjem dit vi skal ta av mot Straumen, ser vi at på motsatt side, har vegen gått beint fram og opp til Sundnes. Men vi går gårdvegen mot Svebakken. To gamle buplassar med eigne historiar frå husmannstida. Men på øvre side av vegen er ein av dei siste jordbæråkrane på Inderøy, som det var så mange av sist på 1900 talet. Triveleg syn!

Lenger fram ligg Øvre Svebakk, eller Bårdsgjale som det var kalla i 1840, når to brødre frå Straumen fekk feste på plassen. Ættlingar av desse har vore på plassen heilt til i dag. I 1914 fekk dei som mange fleire kjøpe til noko jord av Sundnes.

På andre sida av vegen ligg Svebakken. Det er to husmannsplassar som er slegi saman.

Plassen er nevnt så tidleg som i 1750 åra, da ein Lars Olson og kona Jartrud budde her.

I skiftet etter Lars i 1760, går det fram at det var etter den tid ein uvanleg stor medel etter han. Det syner at det måtte væra velstand i denne heimen! Det var både ofiserar og bønder som var skuldi denne husmannen, og truleg var det brennevinsalg som husmannen hadde berika seg på? Etter at buet var oppgjort sat enka enno med ein god medel, og kunne i den tid koma under uttrykket: «Eit godt gifte», sjølv med sine 75 år! Folketellinga i 1762 syner at da hadde ho fått ny mann.  Jon heitt han og var 26 år! Han tok over både enka Jertrud, og plassen. Men 10 år etter drukna han på heimtur frå sildefiske i Sjørnafjorden; men da står det at han har fått ny kone, Guru. Også ho døyde same året.

Også vart det atter eit nytt rikt skifte. For også Litl-Ingål var eigd av denne plassen, så her vart det ein bra medel og dele. Dei hadde ikkje born, men Guru hadde fleire søsken med etterkommarar. Og da som no, når det er noko å dele, vert det mange som melder sitt slektskap når buet skulle oppgjærast. Noko som førte til mykje om og men, i følgje gamle protokollar!

Det var fleire drivarar her, fram til i 1865 da kopperslagar Johannes Grove vart husmann her.

Kopparslagaren var det Andreas Matson som henta frå Trondheim når han kjøpte Sundnes, der det vart brenneri. Da vart det mykje bruk for kopparsmed- arbeid, derfor fekk Johannes ta over husmannsplassen Svebakk, i tillegg til arbeid på Sundnes.

I 1891 vart han enkemann, men etterslekta er fortsatt her på bruket. Også her vart plassen kjøpt og forstørra når kommunen eigde Sundnes.

Vi går ned bakken til ein rasteplass, der bord og benker fortel om kva som var framkomstmidlet i tidlegare tider, båten!  Lat oss gå «om- bord» og nyta utsikten.

Her får vi oversikt av Sakshaug-grenda frå ein anna vinkel enn frå Sakshauglia. Oppetter dalen her gjekk det ein bekk, men den er attlagt i røyr no. Og siste somar gjekk kornåkeren i eit over tre gårdseigendomar samanhengande! Også her ser det ut som det er langt attende til husmannstida, da ein åkerlapp var det tryggaste ein kunne ha for å overleva.

Men to ting som står like trykt som før, som for 147 år og 834 år sidan, er kyrkjene våre.

Dei kan vi sjå meir på til neste gong, for det er bygg som er bygda verdig  - anten vi kallar det Gudshus eller Kulturhus!

Info