Vandring del 3: 7. Straumen

Når vi sit her på benken som minner om eit vikingeskip, går tankane lett attende i tid. Går vi berre 50 år attende, var det nytte-trafikk her på sjøen, særleg til Sundneshamna. Går vi enno 50 år attende, var det stor trafikk av jekter som frakta kalk frå Straumen.

Det vart brent kalk i stor stil frå 1873 og fram til 1920.  Det vart også brent murstein og tegelrør i to ovner ved Næssberget. Siste driftsåret var 1937, men da i mindre omfang.

Eit særpreg frå den tida er at all skogen kring her vart nedhoggd til brensel. Det vart henta tømmer til kalkbrenninga heilt frå ålmeningen i Volhaugen og Flåmyra å fleire stader.

Dette var mogleg da det hadde vorte bru over Straum-sundet i 1861. Så mykje av kalkprodukta vart også frakta landevegen. Brua vi har i dag er den tredje i rekka, frå 1958. Den andre var frå 1909.

Stadig forandringar, og båttrafikken i dag er fritidsbåtar som går alt for fort motstraums og skremmar Ea og Ekallen. Men dei er gode til å manøverera seg både over og under vatnet.

Det har dei gjort i alle tider, og innretta seg etter tida som går.

Det kan ein vel seia om kyrkjebygga våre og, som vi ser herfra i all sin ynde og alderdom. Dei har ei lang og underleg historie å fortelja. Tek med berre nokre nøkkeltall og historier.

Sakshaug gamle kyrkje

gamlekirka

Steinkyrkje bygd sist på 1100 talet. Steinen er truleg teki ut oppe i Kvistadmarka. Etter steinhoggermerkene (23 i alt) som synest i steinveggane, kan ein sjå at fleire av handverkarane var dei same som sette opp Nidarosdomen. Det finnes inventar i kyrkja frå 1600talet, altertavle, alterbord, døpefont og prekestol som enno er i bruk. Kyrkja har vorte påbygd og restaurert mange gonger opp gjennom tidene. Det var også tårn både oppe på kyrkja, og ved sida av kyrkja til ulike tider.

Slik såg kyrkja ut fram til 1880, med tårn. Men framleis nnest
altertavle og alterbord frå 1692. Døypefont og preikestol frå
middelalderen i dagens kyrkje.
Slik såg kyrkja ut fram til 1880, med tårn. Men framleis nnest altertavle og alterbord frå 1692. Døypefont og preikestol frå middelalderen i dagens kyrkje.

Men i 1871 vart den nesten rasert. Det hadde komi ny kosbar kyrkje og alt som var salgbart i gamlekyrkja vart utreve og solgt. Berre steinmurane var att. (bildet) Men i 1910 vart det starta eit møysomeleg og langt arbeid for og restaurera den att. Og i 1958 kunne den innvias til bruk att.

Det er omskreve før i Vandring i tid og sted, at langs Kulturstien (Fjuruan) er det eit naust som har golv frå gamelkyrka. Dette har komi dit via fleire omvegar, m. a som kjørebru i ein driftsbygning på Kvam.

Kyrkja er i dag i bruk ved spesielle anledningar serleg i somarhalvåret da det er dårleg med oppvarming.  Men om somaren er det populært med brudlaup her. Og det finnes fleire stader i nærleiken der brudlaupsfeiringa kan fortsetja.

Men når vi er attmed Gamalkyrkja, like ved låg truleg Inderøyas første bakeri: Bakarstu`n der Elling Johannesson Sakshaug (Ellen bakar) dreiv bakeri frå om- lag 1850 – 1880, og litt handel attåt. I denne «litt handel», låg det vissnok også sal av brennevin. Mange vart nok kvitt vel mykje pengar før tørsten var sløkt. Ein kan lesa at mange av desse sjenkarane hadde pengar til gode hos folki alle samfunnslag.

I 1871 fekk Inderøy ny kyrkje. Da vart alt treverk revet og solgt.
Ruinane av kyrkja såg slik ut som på bildet frå 1905.
I 1871 fekk Inderøy ny kyrkje. Da vart alt treverk revet og solgt. Ruinane av kyrkja såg slik ut som på bildet frå 1905.

Sakshaug kyrkje

Forhistoria starta i 1851, med ny lov om kyrjer og kykjegardar: Etter den skulle kyrkja ha sitteplassar til 3/10 av folketalet i soknet: 1113 sitteplassar! I gamlekyrkja var det berre 250 sitte-plassar. I tillegg var det ikkje oppvarming i gamelkyrka.

Derfor vart det i 1860 formanskapsvedtak om å bygge ny kyrkje med 1200 sitteplassar.

Men også da var det dette med budsjetdekning. Derfor var det i utgangspunktet bestemt ei trekyrkje.  Tida gjekk til 1866, da kom det ny prest, Nicolai Franzen, han sette meir press på kommunen, og han vart valgt til formann i byggekomiteen. Men sist på 1866 vart Franzen sjuk, og Herman Løhcen vart ny byggeleiar. Det vart også utpekt tomt (etter fleire val: Der Gamelkirka låg, Ved Hjulstad, Kvamskogen og der kyrkja ligg i dag)  Håkon Mosling vart utpekt til arkitekt og byggeleder. Mosling og Løhcen gjekk for ei steinkyrkje. Og 29/8 – 1868 gjekk kommunestyret med Ole Richter som orfører, inn for og bygge ei steinkyrke på Nedre Saxhaug, til byggekostnad maksimalt 10 800 Spd. Og 7/5 – 1869 vart grunnsteinen lagt.

sakshaugnye

Her er forklaringa på at over kirkedøra står det 1869, medan når vi snakkar om kor gamal kyrkja er bruker vi året den vart ferdig og innvigd: 6/9 – 1871!

Grunnsteinen vart lagt ned i alterfoten, der er det også dokumenter som er innlagt i ein blykasse, laga av Johannes Grove, kopparsmeden vi høyrde om i forige «vandring».

No skulle det vise seg at bygget vart både større og dyrare enn planlagt. Her har ikkje historia forandra seg til i dag!  Budsjetsprekk!

Men Mosling forskudterte pengar, fekk vel att noko men ikkje alt. Rekninga på heile kyrka kom på 15 0580 Spd. Kommunen ekstrabevilga, og betalinga kom på 12 500 Spd. Resten måtte Mossling bæra!

Vi har nok mykje og takka han for, at vi har så stor og fin kyrkje! Men han skal ha sagt at arbeidet og resultatet skulle væra: «solid og smukt.» (og han helt ord)

Men no må vi taka fatt på siste stykket mot Straumen: Stien (promenaden) går etter ein opplagt vold av åkerstein og jord. Ei flott og etterlengta samanbinding av Sundnesnesset og Straumen. Når vi kjem dit bebyggelsen startar går vi opp ein bakke og kjem der Vangslivegen startar, her står det ei stor opplysningstavle om den 2 mil lange kulturstien.

Fortsett vi langs sjøen, går vi i eit forholsvis nytt bustadfelt. Dette vart etablert sist på 1970 talet. Før den tida var det berre ein sti her som gjekk forbi der det for 100 – 200 år sidan  låg  to husmannsplassar: Lia I og II. Den eine med jord («Kreilin») den andre utan jord. («Sjøli» i dag). Navnet Kreilin, kjem truleg av at fleire av eigarane på Sundfær på 1700 talet heitte Krey.

Når vi kjem fram til Musøra møter vi Musøra borettslag med fleire boeinheter. Dette kom opp først på 2000talet. Men her har det vore skreve historie før: Slakteri, E-verk butikk/ lager og aldersheim, alt dette måtte vike når dette boligkomplekset kom. Så kjem vi opp på Sunfærvegen, med gården Sundfær på øvre side.

Når vi fortsetter vegen går vi over Musbrua, bygd i 1816. Denne er innfallsporten til Mustrøparken og tusenårs-stedet for Inderøy. Dette er Inderøyas Vigelans-park, berre at her heiter kunstnaren Nils Aas. Her kan du vandre ein heil dag, sjå skulpturen av kommunevåpnet med sin flyndresang, og fleire kunstverk som Nils Aas har skapt, og er plasert  i ein frodig natur av tre og blomar. Og så elva da, som vitnar om at ikkje alt forandrast, vatnet renn fortsat nedover bakken!

Men her i kring er det lite med parkeringsplassar, derfor må vi attende til tavla som står der Vangslia startar. Herfra går vi gangvegen opp på Vangsvegen, og svingar mot kyrkja og kyrkjestua. Her er det parkeringsplassar, (dersom det ikkje er storarrangement i kyrkja) og oppslag om Kulturstien. Her finnes også ein kasse med kartblad over kulturstien Straumen – Vangshylla, som fortel litt om dette med «Vandring i tid og sted»!

Ein slik kasse er det ved alle parkeringsplassane og gapahuker som kulturstien nyttar.

Men det beste inntryket av stien og naturen, kulturminner og historie, får du når du går denne leia langs sjøen på sørsida av Inderøy. Og opplever at «stien vi går kjem alltid attende dit vi har gått.» Slagordet til 150 års jubelanten: Norsk turistforening.

Styret i kulturstien ønsker alle velkomen, for det er når stien vert nytta vi gleder oss!

Info