Vandring del 3: 7. Straumen

Når vi sit her på benken som minner om eit vikingeskip, går tankane lett attende i tid. Går vi berre 50 år attende, var det nytte-trafikk her på sjøen, særleg til Sundneshamna. Går vi enno 50 år attende, var det stor trafikk av jekter som frakta kalk frå Straumen.

Det vart brent kalk i stor stil frå 1873 og fram til 1920.  Det vart også brent murstein og tegelrør i to ovner ved Næssberget. Siste driftsåret var 1937, men da i mindre omfang.

Eit særpreg frå den tida er at all skogen kring her vart nedhoggd til brensel. Det vart henta tømmer til kalkbrenninga heilt frå ålmeningen i Volhaugen og Flåmyra å fleire stader.

Dette var mogleg da det hadde vorte bru over Straum-sundet i 1861. Så mykje av kalkprodukta vart også frakta landevegen. Brua vi har i dag er den tredje i rekka, frå 1958. Den andre var frå 1909.

Stadig forandringar, og båttrafikken i dag er fritidsbåtar som går alt for fort motstraums og skremmar Ea og Ekallen. Men dei er gode til å manøverera seg både over og under vatnet.

Det har dei gjort i alle tider, og innretta seg etter tida som går.

Det kan ein vel seia om kyrkjebygga våre og, som vi ser herfra i all sin ynde og alderdom. Dei har ei lang og underleg historie å fortelja. Tek med berre nokre nøkkeltall og historier.

Sakshaug gamle kyrkje

gamlekirka

Steinkyrkje bygd sist på 1100 talet. Steinen er truleg teki ut oppe i Kvistadmarka. Etter steinhoggermerkene (23 i alt) som synest i steinveggane, kan ein sjå at fleire av handverkarane var dei same som sette opp Nidarosdomen. Det finnes inventar i kyrkja frå 1600talet, altertavle, alterbord, døpefont og prekestol som enno er i bruk. Kyrkja har vorte påbygd og restaurert mange gonger opp gjennom tidene. Det var også tårn både oppe på kyrkja, og ved sida av kyrkja til ulike tider.

Slik såg kyrkja ut fram til 1880, med tårn. Men framleis nnest
altertavle og alterbord frå 1692. Døypefont og preikestol frå
middelalderen i dagens kyrkje.
Slik såg kyrkja ut fram til 1880, med tårn. Men framleis nnest altertavle og alterbord frå 1692. Døypefont og preikestol frå middelalderen i dagens kyrkje.

Men i 1871 vart den nesten rasert. Det hadde komi ny kosbar kyrkje og alt som var salgbart i gamlekyrkja vart utreve og solgt. Berre steinmurane var att. (bildet) Men i 1910 vart det starta eit møysomeleg og langt arbeid for og restaurera den att. Og i 1958 kunne den innvias til bruk att.

Det er omskreve før i Vandring i tid og sted, at langs Kulturstien (Fjuruan) er det eit naust som har golv frå gamelkyrka. Dette har komi dit via fleire omvegar, m. a som kjørebru i ein driftsbygning på Kvam.

Kyrkja er i dag i bruk ved spesielle anledningar serleg i somarhalvåret da det er dårleg med oppvarming.  Men om somaren er det populært med brudlaup her. Og det finnes fleire stader i nærleiken der brudlaupsfeiringa kan fortsetja.

Men når vi er attmed Gamalkyrkja, like ved låg truleg Inderøyas første bakeri: Bakarstu`n der Elling Johannesson Sakshaug (Ellen bakar) dreiv bakeri frå om- lag 1850 – 1880, og litt handel attåt. I denne «litt handel», låg det vissnok også sal av brennevin. Mange vart nok kvitt vel mykje pengar før tørsten var sløkt. Ein kan lesa at mange av desse sjenkarane hadde pengar til gode hos folki alle samfunnslag.

I 1871 fekk Inderøy ny kyrkje. Da vart alt treverk revet og solgt.
Ruinane av kyrkja såg slik ut som på bildet frå 1905.
I 1871 fekk Inderøy ny kyrkje. Da vart alt treverk revet og solgt. Ruinane av kyrkja såg slik ut som på bildet frå 1905.

Sakshaug kyrkje

Forhistoria starta i 1851, med ny lov om kyrjer og kykjegardar: Etter den skulle kyrkja ha sitteplassar til 3/10 av folketalet i soknet: 1113 sitteplassar! I gamlekyrkja var det berre 250 sitte-plassar. I tillegg var det ikkje oppvarming i gamelkyrka.

Derfor vart det i 1860 formanskapsvedtak om å bygge ny kyrkje med 1200 sitteplassar.

Men også da var det dette med budsjetdekning. Derfor var det i utgangspunktet bestemt ei trekyrkje.  Tida gjekk til 1866, da kom det ny prest, Nicolai Franzen, han sette meir press på kommunen, og han vart valgt til formann i byggekomiteen. Men sist på 1866 vart Franzen sjuk, og Herman Løhcen vart ny byggeleiar. Det vart også utpekt tomt (etter fleire val: Der Gamelkirka låg, Ved Hjulstad, Kvamskogen og der kyrkja ligg i dag)  Håkon Mosling vart utpekt til arkitekt og byggeleder. Mosling og Løhcen gjekk for ei steinkyrkje. Og 29/8 – 1868 gjekk kommunestyret med Ole Richter som orfører, inn for og bygge ei steinkyrke på Nedre Saxhaug, til byggekostnad maksimalt 10 800 Spd. Og 7/5 – 1869 vart grunnsteinen lagt.

sakshaugnye

Her er forklaringa på at over kirkedøra står det 1869, medan når vi snakkar om kor gamal kyrkja er bruker vi året den vart ferdig og innvigd: 6/9 – 1871!

Grunnsteinen vart lagt ned i alterfoten, der er det også dokumenter som er innlagt i ein blykasse, laga av Johannes Grove, kopparsmeden vi høyrde om i forige «vandring».

No skulle det vise seg at bygget vart både større og dyrare enn planlagt. Her har ikkje historia forandra seg til i dag!  Budsjetsprekk!

Men Mosling forskudterte pengar, fekk vel att noko men ikkje alt. Rekninga på heile kyrka kom på 15 0580 Spd. Kommunen ekstrabevilga, og betalinga kom på 12 500 Spd. Resten måtte Mossling bæra!

Vi har nok mykje og takka han for, at vi har så stor og fin kyrkje! Men han skal ha sagt at arbeidet og resultatet skulle væra: «solid og smukt.» (og han helt ord)

Men no må vi taka fatt på siste stykket mot Straumen: Stien (promenaden) går etter ein opplagt vold av åkerstein og jord. Ei flott og etterlengta samanbinding av Sundnesnesset og Straumen. Når vi kjem dit bebyggelsen startar går vi opp ein bakke og kjem der Vangslivegen startar, her står det ei stor opplysningstavle om den 2 mil lange kulturstien.

Fortsett vi langs sjøen, går vi i eit forholsvis nytt bustadfelt. Dette vart etablert sist på 1970 talet. Før den tida var det berre ein sti her som gjekk forbi der det for 100 – 200 år sidan  låg  to husmannsplassar: Lia I og II. Den eine med jord («Kreilin») den andre utan jord. («Sjøli» i dag). Navnet Kreilin, kjem truleg av at fleire av eigarane på Sundfær på 1700 talet heitte Krey.

Når vi kjem fram til Musøra møter vi Musøra borettslag med fleire boeinheter. Dette kom opp først på 2000talet. Men her har det vore skreve historie før: Slakteri, E-verk butikk/ lager og aldersheim, alt dette måtte vike når dette boligkomplekset kom. Så kjem vi opp på Sunfærvegen, med gården Sundfær på øvre side.

Når vi fortsetter vegen går vi over Musbrua, bygd i 1816. Denne er innfallsporten til Mustrøparken og tusenårs-stedet for Inderøy. Dette er Inderøyas Vigelans-park, berre at her heiter kunstnaren Nils Aas. Her kan du vandre ein heil dag, sjå skulpturen av kommunevåpnet med sin flyndresang, og fleire kunstverk som Nils Aas har skapt, og er plasert  i ein frodig natur av tre og blomar. Og så elva da, som vitnar om at ikkje alt forandrast, vatnet renn fortsat nedover bakken!

Men her i kring er det lite med parkeringsplassar, derfor må vi attende til tavla som står der Vangslia startar. Herfra går vi gangvegen opp på Vangsvegen, og svingar mot kyrkja og kyrkjestua. Her er det parkeringsplassar, (dersom det ikkje er storarrangement i kyrkja) og oppslag om Kulturstien. Her finnes også ein kasse med kartblad over kulturstien Straumen – Vangshylla, som fortel litt om dette med «Vandring i tid og sted»!

Ein slik kasse er det ved alle parkeringsplassane og gapahuker som kulturstien nyttar.

Men det beste inntryket av stien og naturen, kulturminner og historie, får du når du går denne leia langs sjøen på sørsida av Inderøy. Og opplever at «stien vi går kjem alltid attende dit vi har gått.» Slagordet til 150 års jubelanten: Norsk turistforening.

Styret i kulturstien ønsker alle velkomen, for det er når stien vert nytta vi gleder oss!

Vandring del 3: 6. Sundneshamna mot Straumen

«Hamnavegen» går frå Sundneshamna, forbi Sundnes og endar i riksv. 755. På dagens bildet ser vi i forgrunnen dei to kaiene og småbåthamna. I midten gamelkaia med lager-huset, i dag er det Stornes rederi som eig denne. Fremst er den nye betongkaia, bygd i 1989. I 1971 sette Felleskjøpet opp lagerbygninga bak, også den er no i privat eige.  Så ser vi i Småbåthamna som kom i 1980.

sundnesh1

Men på det andre bilde ser vi butiken slik den var kring 1950. Det minste raude huset ved butiken var bakeriet. Her var den sise faste bakar, Paul Strand, også kjent som mangeårig dirigent i musikklaget Laat. Før han, var det faren hans som var bakar på Sundneshamna.

Han budde rett over bukta her, i Vangslivegen i eit av dei første husa når vi kjem kulturstien.

sundnesh2

På bildet ser vi eit kvit stue litt ovanfor butiken: «Bakarstua», eller ein av plassane som heitte Hamnvik. Her budde bakaren som var før Strandkarane, bakar Sivertsen. Han og kona var barnlause, men tok til seg ein gut som vaks opp der. Tomas heitte han, og gjekk under navnet «Tomas Bakarstun». Men når pleieforeldra døde vart heimen solgt til Anton Kvistad. Da hadde Tomas bygd seg ei lita hytte i skogen like ved.  Tomas var ein harmlaus og ufarleg person, men noko orginal og annleis enn folk flest. Det eg hugsar av han, var når eg byrja å gå på fest på «Folkvang». Da sat han på ein krakk ved ovnen i ein islending og vadmelsbukse, og togg tobak. Når det vart fult med tobakspytt, spytta han berre på ovnen så det fresa. Han såg også ting som andre ikkje såg, «småkallar», og vart dei for nærgåande hytta han med tollekniven, og dei var borte! Snakka med seg sjølv, det var for han naturleg.

Ein annleis kar i ei anna tid. Han låg ingen til byrde, men fekk nok litt hjelp når det trengtes.

Når vi fortsett vår «vandring» etter Hamnavegen i ei anna tid, ser vi det har komi mange nye hus også langs denne vegen, men vi ser litt nærare på dei gamle buplassane: Først går vi forbi gamlebutikken, så litt lenger fram på venstre side ligger gården Sundvolden, eller «Spelberget» som det blir sakt til dagleg. Det var Iver Anton Kvistad og kona Olava som kom frå Klementsgjale, ein plass under Kvistad, som busette seg her kring 1900. Dette er omskreve av Alf Kvistad, i Einny Idri i 2017. Det er etterslekt til Olava og Iver Anton  som bur her framleis. Og det skal vissnok finnast 160 etterkomarar etter dei spreid i alle vedensdelar!

Det var nok ein plass her før og, som vart kalla Spellmannsberget. Kansje har det vore ein møteplass der det var spel og folk hadde det moro?

På andre sida av vegen er det eit nyare hus som langt frå er noko morrohus. Her kjem avfall frå folk som er busett oppgjennom grenda her. Det kjem i rør, blir rensa, og reint vatn går ut i sjøen langt utpå. Det er visnok slutt med utedass, der restene vart dryssa i potetrada når poteten vart sett om våren. (Når eg gjekk på lanbrukskole i 1959, sa jordbrukslæraren at næringsværdien i avføringa frå eit meneske var verd 35 kr. omrekna i kunstjødnings pris!)

Når vi kjem dit vi skal ta av mot Straumen, ser vi at på motsatt side, har vegen gått beint fram og opp til Sundnes. Men vi går gårdvegen mot Svebakken. To gamle buplassar med eigne historiar frå husmannstida. Men på øvre side av vegen er ein av dei siste jordbæråkrane på Inderøy, som det var så mange av sist på 1900 talet. Triveleg syn!

Lenger fram ligg Øvre Svebakk, eller Bårdsgjale som det var kalla i 1840, når to brødre frå Straumen fekk feste på plassen. Ættlingar av desse har vore på plassen heilt til i dag. I 1914 fekk dei som mange fleire kjøpe til noko jord av Sundnes.

På andre sida av vegen ligg Svebakken. Det er to husmannsplassar som er slegi saman.

Plassen er nevnt så tidleg som i 1750 åra, da ein Lars Olson og kona Jartrud budde her.

I skiftet etter Lars i 1760, går det fram at det var etter den tid ein uvanleg stor medel etter han. Det syner at det måtte væra velstand i denne heimen! Det var både ofiserar og bønder som var skuldi denne husmannen, og truleg var det brennevinsalg som husmannen hadde berika seg på? Etter at buet var oppgjort sat enka enno med ein god medel, og kunne i den tid koma under uttrykket: «Eit godt gifte», sjølv med sine 75 år! Folketellinga i 1762 syner at da hadde ho fått ny mann.  Jon heitt han og var 26 år! Han tok over både enka Jertrud, og plassen. Men 10 år etter drukna han på heimtur frå sildefiske i Sjørnafjorden; men da står det at han har fått ny kone, Guru. Også ho døyde same året.

Også vart det atter eit nytt rikt skifte. For også Litl-Ingål var eigd av denne plassen, så her vart det ein bra medel og dele. Dei hadde ikkje born, men Guru hadde fleire søsken med etterkommarar. Og da som no, når det er noko å dele, vert det mange som melder sitt slektskap når buet skulle oppgjærast. Noko som førte til mykje om og men, i følgje gamle protokollar!

Det var fleire drivarar her, fram til i 1865 da kopperslagar Johannes Grove vart husmann her.

Kopparslagaren var det Andreas Matson som henta frå Trondheim når han kjøpte Sundnes, der det vart brenneri. Da vart det mykje bruk for kopparsmed- arbeid, derfor fekk Johannes ta over husmannsplassen Svebakk, i tillegg til arbeid på Sundnes.

I 1891 vart han enkemann, men etterslekta er fortsatt her på bruket. Også her vart plassen kjøpt og forstørra når kommunen eigde Sundnes.

Vi går ned bakken til ein rasteplass, der bord og benker fortel om kva som var framkomstmidlet i tidlegare tider, båten!  Lat oss gå «om- bord» og nyta utsikten.

Her får vi oversikt av Sakshaug-grenda frå ein anna vinkel enn frå Sakshauglia. Oppetter dalen her gjekk det ein bekk, men den er attlagt i røyr no. Og siste somar gjekk kornåkeren i eit over tre gårdseigendomar samanhengande! Også her ser det ut som det er langt attende til husmannstida, da ein åkerlapp var det tryggaste ein kunne ha for å overleva.

Men to ting som står like trykt som før, som for 147 år og 834 år sidan, er kyrkjene våre.

Dei kan vi sjå meir på til neste gong, for det er bygg som er bygda verdig  - anten vi kallar det Gudshus eller Kulturhus!

Vandring del 3: 5. Sundneshamna

Når vi går frå Jægtvolden tar vi stien mot Sundneshamna. Dette var leia dei gjekk når dei skulle på handel eller skulle ut å reise med «dampen». På høgresida har vi ein skog av bartre og ein undervegetasjon av busk og kratt, nesten ein eventyrskog?  Og bartrea her er planta av gutar som var på Sundnes den tid det var «barneheim» der. (1923 – 1948)

Litt lenger fram tar det av ein sti ned mot sjøen til ein badeplass som har vore og er «rivieraen» for folk her omkring. Men når vi høyrer namnet på plassen forstår vi den har vorte nytta til noko anna og: «Tælgøra». Som før nemnt kjem namnet Jægtvolden av at det er bygd jekter her ein gong i tida. Den tida var det nok øks som vart nytta når båtborda vart utforma, dei vart «tælga» (forma) så dei skulle passa der dei skulle nyttast. Og når det også er ei ør nedanfor her, vert det «Tælgøra».

Hit kom også Anne Kathrine Jensen,  i 1848 som nybakt kone til Herman Løchen, den nye eigaren på Sundnes.

Da vart ho skyssa i ein slik «seksring» (bilde) frå Mosvik og hit til «Tælgøra», der Herman tok i mot sin livsledsager, og førte henne opp til Sundnes. Bryllaupet hadde stått på «Sjøvin» nokre dagar før. Det var tri roarar så ferda gjekk fort i finvêret. Det står også at båten hadde det norske flagg i bakskotten, og at når dei kom til lands på «Tælgøra» vart det applaus av folk som dreiv å bygge ei jekt der. (frå Håkon Løchens bok om mora)

 

faring

Når vi fortsette stien, som frå Jægtvolden og til Straumen er tilrettelagt for rullestolbrukarar, får vi på venstre side utsyn mot Sakshaug-grenda, før vi kjem fram til det som vert kalla «Øverhamna». I starten var det vel berre ein husmannsplass som heiter Øverhamna her, men etter kvart har det vorte ei heil grend med både fastbuande og feriehus. Ikkje rart det når landskapet har slike velforma proporsjonar med sjøen som ramme kring det heile!

Men slik såg det nok ikkje ut kring 1850, når Fredrik Larson Gjørv og kona fekk feste på ein plass i utmarka til Sundnes på 16 tolvfenning. Dette vart Øverhamna på 8,3 da. etter dagens måleinhet. (ein tolfening er ca. ½ da). I tillegg hadde dei beiterett på «Tælgøra». (Etter det var det ikkje skogbevokst på «Tælgøra» den tida.)  Fredrik var Jakteskipper og gift med Maria Andersdatter frå Ytterøy. I 1875 hadde dei to born heime, ein gut på 37 år og ei jente på 21 år! Faren døyde kring 1890, da tok yngste dottera med mora og emigrerte til Amerika.

Lorns L. Sakshaug fekk da overta plassen, og bygde nye hus der.

Ner-Hamna er omtala så tidleg som i 1737. Men det vart nok meir fart der etter 1860 åra, da  Herman Løchen tok til med «landhandleri» her. Grunnen var mellom anna:  I 1855 starta

Herman Løchen og Ole Richter, saman med nokre interesserte på Levanger, Innhered dampskipsselskap, og den første dampbåten, «Inhered» vart set i rutetrafikk i Trondheimsfjorden. Dermed kom det også kaie med dampskipsannløp her. Da heitte det Sundnæs Hamn. Dette var det husmannen i Øverhmna, Lorns Saxshaug som bestyrte. Da Løchen døde i 1876, fortaste Lorns med dampskips-ekspedisjon og landhandelen.

loktumaleri

Sonen,  Peder M Saxhaug overtok etter han, og kjøpte begge Hamna-plassane i 1913. Han bygde nye hus for butikkdrift og husvære for familien i Nerhamna. Det vart også bygd bakeri. Sonen Steffen Saxhaug tok over, og dreiv til 1981. Så overtok Kari og Per Saxhaug.

Aktiviteten hadde auka heile tida, men alt forandrast etter som tida går, også type  aktiviteten vert  forandra.

Det eg kan hugsa best frå eg var ungen, var når far og alle andre bønder fekk bod om at no kom det båt med kunstgjødning som måtte hentast når båten lossa. Da stod det lang rekke med heste- køyrarar opp gjennom Hamnavegen, sidan vart det traktorar. Men det som var felles: No vart det ein prat med yrkesbrødre, for køa var lang og lossinga tok tid. Men ingen klaga over det! Det var jo ein kombinasjon av nytte og sosialt samvær.

Men etter kvart skulle alt gå så fort, rasjonalisering, effektivisering, økonomisering er kjente ord. Etter kvart gjorde denne «-iseringa» sitt til at det ikkje kom båt på Sundneshamna lenger, og da kom køen også bort. Slik at i dag ser vi berre husa og kaia som vitnar om svunne tider. Det står også eit kultursti-oppslag her som viser litt om utviklinga på «Hamna».

Men det var jo både bensinpumpe, bakeri og bygningsvarer i tillegg til landhandel her, så det var eit viktig knutepunkt ein gong.

Her starta turen med dampbåten om dei skulle til Levanger, Trondheim eller kanskje heilt til Amerika. Det var nok mange som tok avskjed med heimbygda si her. Særleg frå 1880 – 1894, altså ein 15 årsperiode, da emigrer-inga frå Inderøy til det «forjettede» land, Amerika lokka mange: 779stykker i alt. Så tok det av noko fram til 1900, da vart det atter i ein 3 årsperiode  det reiste mange. Slik at fram til 1910, var det ein ny 15 årsperiode da det drog kring 400, altså ei halvering frå førige periode. Og no tok emigrasjonen av år for år. I alt reknar ein med at det var 1500 inderøyningar som drog for og søke lykka i Amerika kring denne tida.

Her var det mange som nytta seg av båt både for gods og folk lokalt på fjorden i mange år.

Eit nytt innslag i samferdsla på Innherred vart det når jernbanen vart opna fram til Steinkjer i 1905. Det vart ein hard konkurrent for båtane.

Men vi går no vår vandring i ei anna tid, og startar etter Hamnavegen, atter eit bevis på forandring i tid og komfort: No blir det asfalt eit stykke, noko dei som tek seg fram på hjul nok sett pris på. Og nedanfor her ligg det mange fritidsbåtar i ei småbåthamn. Dei fleste ligg no bere der, som eit bevis på at vi fekk det ganske bra vi som ikkje drog til Amerika også?

Dei var nok i jamnare bruk båtane på bilde under, som er frå 1913:

sildefiske

Dette er sildefiskebåtar som deltok i eventyrfiske kring Straumen i åra 1912 og 1913. Det er fortalt at det var 250 fartøy, med smått og stort, og ein mannskaps-styrke på 1200.

Må vel gå ut frå at dette skapa ei stor aktivitet av mange slag, også på land på dagtid?

Fiske har til alle tider vore varierande frå «svart hav» til «havets gull» i overflod!

Som i 1891 til 1893, da var det som heile fjorden mellom Levanger og Inderøy var fylt med sild. Det vart fortalt at om natta såg fjorden ut som ein by av lanternene på drivgarnsbåtane.

Andre år var det inne i «Børgin» silda var. Det vart fiska så mykje at omsettinga vart vanskeleg, og ein del sild vart brukt til dyrefor, og også lagt i kompost til gjødsel.

Dette og fleire «sildeventyr» er omskrevi i Eyna Idri, 1994.

Til neste gong kan vi no reflektere over dette med å kaste mat, både før og no, av di at det er for mykje mat. Kva med dei som manglar mat? Dei fantets før, og finnes no!

Vandring del 3: 4. Sundnesnesset – Jægtvolden

No fortsette vi opp over Sundnesnesset. (Litt pussig namn dersom ein går til tydinga av namnet Sundnes: Det søndre nesset. Da vert Sundnesnesset: Søndre ness nesset!) Men vi forlate strandkanten og tek av opp i skogen. «Eventyrskogen» sa barna her i kring om skogen før. Her var leikeplassen der alle slags aktivitetar vart utprøvd. Som «indianar og cowboy», ein liten fotballbane var det også mellom trea. Men det var før det var nettbrett og mobilar, Facebook og appar. Men skogen har fortsatt ein trolsk stemning der berre fantasien sett grenser. Det var nok også fantasien som laga tilnamnet på området her før: «Balkan»! Namnet var nok henta frå krigane mellom fleire land i søraustlege Europa, 1912-13 og 1914. For i den tida var det visstnok litt småkrangel om mitt og ditt, om grenser og ungar, golvtuer som forsvann og poteter som kom på avveie? Under opninga av stien hausten 2016 var det nokre damer som laga ein parodi over temaet, til stor munterheit for oss som var «vandrere»!

Når vi kjem ut av skogen møter vi eit vegkryss, og no er vi i sentrum av det som var husmannsplassane på Sundnes i «Balkantida». Trikanten heiter det her, og her er det parkeringsplass for dei som vil gå tursti. Derfor står det også ei opplysningstavle her med kart og kommentarar om området her. Deriblant dette om husmannsplassen:

Stranden

På vei mot Jægtvolden finn dere den restaurerte husmannsplassen Stranden til høyre ned mot sjøen (kjem dere fra Jægtvolden har dere akkurat passert den). Fra stien ser dere øvresida av husmannsplassen, mens hovedinngangen er mot sjøen. Gå gjerne ned og kikk.

Stranden var husmannsplass under storgården Sundnes som ein av 28 husmannsplassar. Det er ukjent når denne plassen vart tatt i bruk første gang, men den første skrevne kontrakten er fra 1831 da Jon Olson Jektvollen og kona fikk feste på plassen. Det var arbeidsplikt for husmannen når jordeigaren forlangte det mot ei vanlig daglønn på 8 skl.  (ca. 30 øre) I 1875 var det nye bygsler. Martin Pedersson, jordarbeidar, og kona Kristina Maria Olsdatter. Dei hadde 4 sauer og 1 gris, og sådde 1/8 tønne bygg, 1/4 tønne havre og 2 1/2 tønne poteter.

Martin og Kristina hadde mange barn, deriblant Marie og Ragna. Disse 2 er dei siste som bodde på plassen på helårsbasis. Søstrene drev jorda og sydde attåt. Ragna døde i 1941, mens Maria bodde i stua til 1971, som ho fikk kjøpe i 1954.

Fjøs og stue i same huset:

Skisse

Stranden er eksempel på en vanlig byggemåte for husmannsstuene, med sammenbygd stue og fjøs.

Mens mange andre plasser er borte eller ombygd framstår denne stua så og sei - uendra. Det gjær den spesiell, og gir et viktig innblikk i datidas byggestil og levemåte på husmannsplassen.   Det var for øvrig 11 plasser som gjekk under betegnelsen Stranden. Og 10 som nevnes som Nesset.

Restaurert etter gamle byggeskikker

Da nåværende eiere, Eli og Arne Berg i 2008 bestemte seg for å sette i stand stua, var det viktig at dette ble gjort ved bruk av gamle byggeskikker og materialer. Blant anna består spontaket av 24000 spon stukket ut for hånd. Som vi skjønner, mye arbeid og skjønn. For dette fikk de i 2016, Inderøy kommunes Kulturminnepris!

Maria og Ragna i hagen med to geiter:
Maria og Ragna i hagen med to geiter. Årstall antagelig 1920/30
Maria på sine eldre dager foran hovedbygningen.
Maria på sine eldre dager foran hovedbygningen.

Jægtvolden

Vi fortsette vår vandring langs skogkanten mot Stranden. Skogen kallas for Petterhaugen. Her oppi finnes det fortidsminne. Men om det er ein Petter som er gravlagt der ein gong i tida, er vel tvilsamt? Men så tek vi av mot venstre, og kjem forbi ein byggeplass der det har vorte nye bustader i moderne stil. Kontrastane frå husmanns-stua er stor,  det er lett å forstår at no er husmanns-tida over ! Lenger framme passerer vi ein spesiell haug: «Haraldhaugen.» Her var hoppbakken på Sundnesnesset den tida det var snø!

Men no er vi på området til Jægtvolden, og for å ta det frå starten:

Tidleg på 1800-tallet var det to Jægtvolden-husmannsplassar her, under garden Sundnes. Namnet kommer sannsynlegvis av at det i eldre tider ble bygd jekter her på volen.

Grunnleggaren av Sundnes Brenneri, Andreas Mattson solte Sundnes i 1848 til Herman Løchen og flyttet med sin familie til «Lille-garden». Eit hus han bygde litt ovanfor der Jægtvolden ligg i dag. Mattson døde i 1852. Da enka Ingeborg Anna giftet seg på nytt og flyttet, kjøpte Herman Løchen også Lille-garden i 1855.

Våningshuset som Andreas Mattson bygde på «Lille-garden» vart flytta derfrå og austover til plassen Jægtvolden der det hadde vore to husmannsplassar.  Frå 1860 – 1913 var Jægtvolden bustad for distriktslegen i Nordre Innherred, seinare Inderøy distrikt.  Den første av distriktslegen som budde her var Peter Martin Nedrum. Han anla den store hagen med sjeldne trær og busker ned mot fjorden. Seinare budde distriktslegane Bodom, Svane Dick, Synnestvedt og Angell der. Plassen vart fråskilt Sundnes i 1914 og solt til brenneribestyrer Ole Olsen på Sundnes Brenneri.

Pensjonat og hotell:  Familien Olsen drev pensjonat i hovudbygningen («Lillegården») i 1930-åra. Frå 1945 ble husa leid ut til andre drivere. De gamle bygningane og hagen ble utskilt som eget bruk 1948, og kjøpt av Anton Tronstad i 1954. Jægtvolden er fortastt eid av familien Tronstad.

I 1976 ble Jægtvolden hel renovert og det ble heilårsdrift på pensjonatet. I 1981 overtok Kjersti og Olav Edvard Slaapgård (mor & son) drifta. Jægtvolden ble drevet som pensjonat frem til 1989. Da vart eksisterande bygg modernisert og det ble foretatt ein utbygging av 40 hotellrom og resepsjonsområde. Det gamle bygget fekk gode møterom i 2. etg. og salongar ble utvide i 1. etg.  Jægtvolden hadde tatt steget frå pensjonat til hotell.

I forbindelse med nyopning trakk Kjersti seg ut av drifta, og Olav Edvard overtok alene. Stadig aukande belegg førte til at det i 2008 ble de utvida med 21 rom ned mot sjøkanten. Siste løft for hotellet var ei utbygging i 2011 av ei moderne kjøkkenfløy med et større møterom i 2. etg. Litt av ei forandring frå husmannsplassane som vart distriktets fjordhotell!

Og midt inne i dette hotellet, ligg fortsatt «Lillegården» med den gamle gruva i kjøkenet, som dannar forbindelse mellom den gamle og nye tid. Atmosfæren ligg i veggane, og er med på å gi den atmosfære og ro mange er ute etter på ein slik plass.

Eg trur vi nattar over her til neste vandring?

Vandring del 3: 3. Sundnesnesset

No fortsetter vi turen langs fjæra. Mellom åkerkanten og flomålet ser vi fleire planteslag som trives her i overgangen mellom sjø og land: Som ulike strandengtyper, bl. a. saltsivengler og driftvoller. Lenger ut finnes salturt og havgras. Det finnes også populasjoner av Havisaks.

Gruntvannsområdet annses som eit viktig sjø/vannfuglområde. Når det er tørrlagt utgjer det 380 da. (Hadde det vore i Nederland hadde det kansje vore dyrkajord?)

Men så var det denne Herman Løchen, brukseigar på Sundnes, som fekk så mykje gjort på dei 29 åra han var på Inderøy.

Første gong eg stifta kjennskap til han var når eg gjekk ut på folkeskulen. Da skulle alle elevane i avgangsklassa halda eit foredrag om ein kjent person. Når farmora mi høyrde dette, sa ho: Du som skal bli bonde må fortelle om Herman Løchen som var på Sundnes. Det er ingen person som har betydd så mykje for jordsbruket på Inderøy.Og så fortalte ho, og eg skreiv om han:

Han var født i Drøbak i 1822.  Døde på Inderøy,1876. Gift med Anne Margrete Jensen fra Mosvik, i 1848.Dei hadde 9 barn: 8 døttre og sonen Håkon.

Herman var utdanna i brenneri-virksomhet i Tyskland og arbeide hos faren som dreiv fleire brenneri, før han i 1845 kom til Mosvik der A. Jensen på Vinje bruk, var i ferd med brenneribygging. Også på Sundnes var A. Mattson (daverande eigar) i ferd med slik verksomhet. Løchen var konsulent på begge plassane.

Det har vore forandringar også før i tida:

Det vart i gang satt mange større brenneri i landet på denne tida. Grunnen var alkohol-lovgivinga som vart praktisert. I 1816 vart det frigjeve for brenning på gardane. Dette førte til uhyggeleg forbruk og medfølgende problemer. Derfor vart det i 1845 bestemt at ingen kunne brenne på mindre panner enn 200 liter, og etter konsesjon. Her var det nok bruk for fagfolk som Herman Løhcen.

lochen

Og i 1847 når A. Mattson vart sjuk, og solgte Sundnes og brenneriet, vart Herman Løhcen kjøpar og eigar av alt.

Garden vart utbygd og jorda grøfta og oppdyrka, og brenneriet vidreutvikla. Han tok i bruk nye metodar og var ein føregangsmann i gardsdrift. Grøfting var heilt uvanleg i bygda, derfor hyra han erfarne grøftarar frå Skåne. Han var den første her som sådde kunstig eng og sådde tunips.

Garden vart eit mønsterbruk vide kjent.

Sonen, Håkon skriv i minneord om faren og drifta på Sundnes: «Brukets størrelse forståes når der ein sommer blev innkjørt 2000 dobbelt-spente lass høi, og det ble opptaget 6000 tønner potet, og at der en vinter stod 425 klavebundne naut på fjøset ------«

Han fekk bygd meieri på garden, det første i distriktet. Hit leverte også gardane i kring mjølka. Som vi ser var det stordrift. Men han hadde også fleire gardar: Hogstad vestre, Bosnes østre. Hogstad åtte han saman med Jørgen Richter frå 1856 til 62, seinare åleine. Her dreiv han med mykje nydyrking. (Omskreve i Eyna Idri 2012)

Han hadde også eigendomar i andre bygder: Møllebruk på Steinkjer, sagbruk i Snåsa, skogar i Snåsa og Stod og gard på Levanger.

Løchen var ein framifrå organistrator, men han trengte også mykje og god arbeidskraft. Derfor var det 22 husmenn på Sundnes. Men i tillegg var det også mange fleire som arbeide der.

Det er fortalt at han var ein streng, men rettferdig arbeidsleiar. Som fortalt var det svenskar der på grøfte-arbeid. Løchen kom ridande for å innspisere grøftarane. Ein av dei var kjent for å lura seg unna i arbeidet, så når han såg sjefen kom, skunda han seg å pisse i handa som han gnudde i håret. Når Løchen kom sa han: «Jag blir sved jag Løchen». «Jei skal lære dei sved» sa Løchen, og gav svensken eit rapp med ridepisken. Eksemplets makt!

Skulle tru han hadde nok og ordna med som godseigar og nybrotsmann både i jord, plantar og foredling av nye produkt. Men Løchen var levande interesert i bygdas ve og vel, og ville ha framsteg i mange ting. Såleis vart han også politisk engasjert, med 2 år på stortinget og ordførar i Inderøy i 8 år. Fekk etablert dampskipstrafikk på fjorden, med kai og butikk på Sundneshamn.

Bru over tidevanns-straumen ved Straumen og forbedring av vegane i bygda. Han var formann i byggenemda for ny kyrkje i Sakshaug sogn. Var med og stifta Inderøy idrettslag i 1863.

Saman med kona, gjorde han Sundnes til eit kultursentrum, der mange kjente personar var gjestar på garden. For å nemne i fleng: P, Chr. Asbjørnsen, Jørgen Mo, Andreas Munch, Ole Bull, og Aa. O. Vinje. Vidre kunstmålarar som Tidemann, Muller, Lerche, Nordgren m. fl. Og når desse kom sette han alltid av tid til omvising og gjestebud på Sundnes. Da vart naboar og venner også innvitert. Richter-familien var sjølvsagte gjester, etter som Rostad og Sundnes hadde mykje samarbeid på fleire frontar.

Men Løchen hadde også sjølv kunstneriske evner: Ein god talar, songar, gitarspelar, skreiv dikt, sanger og salmar til fleire anledningar.

Sjølv om han hadde mange samarbeidere og hjelpere, gav han mykje av seg sjølv for å få til det han ønska. Kan hende det gjekk på helsa laus. I tillegg var han ikkje redd for å låne kapital for å iverksette det han hadde tenkt.

I alle fall, siste leveåra skranta både økonomien og helsa, og før han døyde i 1876, reiste kreditorane med eigendomen. Han ville for mykje, og utakk er verdens lønn!

Men du verden kva denne mannen har betydd for framsteg i landbruk og samfunnet forøvrig. Derfor: I 1976 var eg formann i Bondelaget, da kom det forslag frå Ivar Vatn sen. at vi måtte sette opp eit verdig gravmerke på gravplassen til Herman Løchen ved Sakshaug gamle kyrkje.

Det vart henta ein granittstein i fjøra på Sundnes. Symbolikken er vel klår: Granitt er det mest solide i naturen! Etter ei markering ved gravplassen, flytta forsamlinga seg til Sundnes der det var både talar og song. Sjølvsagt vart Vinjes: «Her ser eg fagre fjord og bygder», som er skreve medan han var her, nytta. Men der og da, var det første gong Johannes Hynne: «Inderøy, bygda vår» vart framført offentleg. Kan vel seie vi har to «nasjonalsongar» på Inderøy.

Det vart ei verdig markering av ein allsidig, myndig og effektiv kulturperson.

Skulle nok skrevi mykje meir om mitt første foredrags emne frå folkeskolen, men når eg teinkjer på kor nervøs og redd eg var da eg skulle fortelle (vi skulle ikkje lesa, sa Granhus), og kor letta eg var når seansen var over, så får vi heller «vandra vidare».

På stien rundt Sundnesbukta, passerer vi ei elv. Den kjem frå Kvistad. Men oppe i dalen er det ein demning for å samle vatn til Sundnes og brenneriet. Den var det også Løchen som fekk bygd i si tid, men den forfall. I dag er den restaurert til ein triveleg rasteplass.

Når vi fortsetter langs sjøen, kjem vi til ein hage der vi får gå over plena, for å koma vidare. Her har Inderøyas første Cateringbedrift etablert seg. Det er nok slutt på husmanstida, no kan vi få maten ferdigservert heime berre ved eit tastetrykk!

Litt lenger fram ligg det eit naust der det er rasteplassar. På naustveggen er det bilder og oppslag om fuglane som trivast her på leira. Studer desse til neste gong.

Her er det kortnebbgås på vårflukt over Sundnesbukta og Sundnesbukta i haustfargar.

Vandring del 3: 2. Sundnes

Da fortsetter vi vår vandring. For lettare å koma ned av berget er det laga trapper ned på volden. Og over Volelva er det bru. Litt lenger fram låg det 2 husmansplassar for 100 år sidan. Det var Reina (Vollen) og litt nedafor Vol-voln. Reina låg som navnet seier, under ei rein ved grensa mellom Vola og Sundnes. Dei som budde der kring 1900, heitte Anna og Martin. Det var vissnok berre ein generasjon som budde der. Volvollen er ein eldre plass med busetting kring 1750, men låg truleg aude ei tid. I 1891 budde Johan Øren og Elise Margrete Eliasdatter der. Han hadde etternavnet Øren av di han i oppveksten var fergemannsdreng og budde på Kreygårdsøren ved Sundfærhus på Steaumen. Ho var av noko «finare folk». På morsida Grønfolket i Vika, og på farsida sorenskrivar Riber i Fosen. Men det står det var armodsleg og lite av jordisk gods på den vesle plassen. Men når det gjalt avkom vart det mange born der som greide seg bra. Den mest kjente var Elias Volan, (1887- 1974) som var ein ihuga fagforeningsmann og politikar. Han gjekk frå Det Norske Arbeiderpart til Norges kommunistiske Parti to gonger! Og må vel reknast som radikalar som lett kom i strid med sine eigne. Det står skrevi om han i Eynni Idri, 2010.

Volan må vera ein av gardane på Inderøy som strekker seg lengst, frå fjorden og 3 km. i luftlinje opp mot toppen av skogen som ligg 249 m.o. h. Gardsnavnet er skrevi på forskjellige vis. På 1500 talet: Waardenn. Truleg har det stått ein varde på Volkammen, og at navnet kjem truleg av varde.
I 1834 vart garden sjølveigarbruk når Kristian Berg fra Mosvik, og Ellen Myr fra Ytterøy kjøpte garden. Dette var svært dyktige folk, og hadde garden i 40 år. Kristian var med i første heradstyret på Inderøy i 1838. Og der var han med i 30 år! I tillegg var han medhjelpar i kyrkja og for presten. Medhjelparen var oppnevnt av biskopen, og var ein akta stilling. Han hjelpte presten med arbeid i kyrkjelyden og styring av visse legater, sosialstyret, verjeråd og sokneråd. I tillegg hjelpte han presten med prestekleda, og sat framme i koret når det var gudsteneste. Det skal vera Kristian og Ellen som har sjenka døypefonten (dåpsengelen) som står i kyrkja.

Men no går vi vidare, og kjem fort over på gardsnr. 9, Sundnes. For alle buplassane som har 9 som gardnr. er av Sundnes, og det er i alle fall 150 bruksnr. Så også dei 2 første heimane som vi passerer: Risan 1 og Risan 2 (også kalt Hestrisan.) I 1865 var Lars og Marta plassfolk på Risan 1. Lars var «plogmann på Sundnes», og var vide kjent for sine ferdigheter. Løchen sende han også i pløyetevling, der han gjorde det finfint. Men han måtte kjøyre med to unghestar slik at det gjekk for fort til at han vant. Eit barnebarn av Lars, Lorns rydda og bygde hus på Risan 2. Men når faren, Johannes, flytta til Trondheim, flytta Lorns til Risan 1, og leide bort husa på Risan 2, til den plassen vart solgt i 1947. Denne plassen var den siste humannsplassen som vart rydda under Sundnes, og den siste som vart sjølveigarheim. I 1921 fekk Lars kjøpe Risan 1, og husmannstida var over på Risan.

Det var mange husmannsplassar på Sundnes. På 1700talet er det registrert 6 plassar. Men på 1800talet auka det fort, og det er nevnt 28 av dei i «Husmannssoga for Inderøy.» Det som er spesielt er at første husmannsplassane som er omtala (1701) ikkje låg på Sundnes, men Anders Bårdsen var på Valberg, og John Siverssøn på Holmen. Det var nok eigendomar som eides av Sundnes. Valberg ligg på Utøy. Korleis Holme som er nevnt, vites ikkje.
Når vi fortsetter vandringa langs bukta, kjem vi til ei lita slette der det står eit flott kvilehus. Her er det tak over hode, så dersom du vil beskue sjøen, den lange fjøra eller sjøfuglane, kan du både få skugge i sola eller sitte tørt om det regnar.

sundnes_gard

Men her står det også eit oppslag om Sundnes, eller «Synnes» som vi seier lokalt.(tyder vel det søndre nesset.) Det finnes masse informasjon om garden og folk som har levd der. Den er først nevnt i 1430 åra. Da var det erkebisbegods. Etter reformasjonen vart det krongods og fogdegard. Men fra 1668 kom den i privat eige. Eigarane som har satt spesielle spor etter seg er Cristian Wittrup og sønen Peder, 1691 – 1781. Familien Angell, 1781 – 1839. Men storheitstida var nok frå 1847, når Herman Løchen overtok. Han hadde garden til sin død i 1876. Han var ein foregangsmann på mange områder, noko du skal få høyre om neste gong. Og garden var i den tida på 1000 da. dyrka og drenert mark.

Etter han var det fleire eigarar fram til 1921, da komunen nytta forkjøpsretten sin, og tok over garden. Da var det at mange av dei som hadde vore husmenn fekk kjøpe plassane sine. Det var også fleire som fekk kjøpe seg jord for og bygge seg ein heim på. I alt kring 30 i talet. Kommunen tok også av ein parsell av jorda, før dei solgte resterende 500 da dyrkajord, og 100 da. skogland, til presten Egede Nilsen Severus. Han ville bruke eigendomen til barneheim for foreldreløse og hjemløse gutter. Såleis vart det barneheimsdrift der fra 1923 til 1948.

I 1950 kom Nils J. Aunet heim frå USA, og kjøpte garden. Og i dag er det andre generasjon etter Nils og kona Jossefine som eig garden.
Når Aasmund Olavson Vinje var på Inderøy i 1860, budde han på Sundnes og skreiv i Ferdaminni: (Kvar han sat når han skreiv er det mange tankar om, men at det var landskapet på Inderøy han skildra er det ingen tvil om!)

”Her ser eg fagre fjord og bygder, som mange gamle kjemper bar, med mange slike store dygder, at tidt me trur det gudar var”.
”Nei, dette er best nordafjells, ja kanskje i hele landet. Det er stort, det er rikt, og det er fjorder og landskap i det mest yndefulle samspell”.
”Slike sommardagar og slike ljose, milde netter med blomsterduft har eg aldri hatt som på Sundnes...”

God Inderøyreklame desse sitata!
Så berre sitt på benken her, og sjå det med eigne augo det Vinje beskreiv!

Vandring del 3: 1. Håggåholmen

Når vi står på denne holmen, som ikkje er nokon holme lenger, for det har vorte laga veg over øra der det før var veg berre når det var fjøre sjø. Men i 1969 vedtok kommunestyret og legge ut området til friområde, da vart det også teki ut fjell ovanfor her, og fylt opp slik at holmen vart landfast. Heile Friområdet er 56 da. stort og omfattar holmen der det var 3 husmannsplassar og fleire naust. I tillegg til Holmen er også husa i «Ner-Håggån», også kalt «Sjø-Håggån», med.

Alt dette vart ein eigendom i 1901, når husmannen Mortinus Hjulstad kjøpte det. I 1918 tok sonen John og kona Hanna Elise over eigendomen.

Neste gong eigendomen kom for salg, brukte staten forkjøpsretten, slik at det vart friområde. Ner-Håggån leies ut til beite, husa skal no vissnok restaurerast (noko som er på tide) Resten av eigendomen kan almenheten nytte. Og her kjem kulturstien også. Det står ei opplysningstavle som fortel om kulturstien som går i begge retningar langs sjøen.

Ute på holmen var det 3 husmannsplassar sist på 1800 tallet. Inne i grunnmurane på ein av plassane (Jon-plassen), er det laga ein gapahuk. Jon var fiskar og fjøskar på Sundnes. Han og heile familien (mange born) flytta til Levanger i 1898. Men dersom dei som budde her for 120 år sidan, hadde sett oss som går tur her og nyter natur og livet kring oss, hadde det nok vanka komentarar som: Dagdrømmere, latstokker, giddeslause? Desse jordstykka som dei rydda og arbeide opp til dyrkajord i fritida, som for dei var naudsynte for å overleva, har no vorte «friarealer» for oss!

Da dei starta var det stor skog her. Men dersom vi er her ved fjøre sjø, ser vi store blatbunnsområder i strandsona som er like eins i dag som før. Kansje er dei endog vorte større? Det har runne mykje vatn ut i havet også her !

strandsone

Dei grønne felta viser desse områda, som er samanhengande fra Sundnesleiret, Kvamsholman og til Undersåkerskjæret. I følge Naturbase fra Miljødirektoratet er heile området på ca. 1400 da. Og dette har til alle tider vore eit viktig område for sjøfugl. Forskjellig fugl til dei ulike årstider, men også nye arter har kome inn.

Det mest i øyefallende forandring i dag er dei store flokkane med Grågås og Kortnebbgås som det er flest av, men også Kvitkinngås og Canadagås er i hopetall. Desse kjem serleg frå Nederland og Belgia og mellomlander her før dei dreg til nordlegare plassar, serleg Svalbard, for hekking. I 2014 var det registrert 76000 kortnebbgjess som mellomlanda i Trøndelag.

Dei kjem vår og haust. Her finn dei mat i eit miljø dei liker. Og når dei har eti seg mette etter 2 til 3 veker dreg dei vidare. Dei kjem sist i april, og reiser som regel midt i mai. Desse høyrer til andefamilien. Hoa kalast: Gås. Hannen: Gasse. Fellesbenevnelse : Gjess. Men så har vi dei stabile fuglane her i andefamilien, og da serleg Ærfuglen. Her får han- og hofuglen navnet: «Ekall og E». Skilnaden på levesettet til Gjess og And kjem av at And dykker og svøm godt under vatnet, mens gåsa kan svømme, men ikkje dykke, men er ein framifrå flygar, difor dreg dei dit det ikkje er snø og is om vinteren for å finne mat. Men Ekallen og kjæringa dykker og fin mat på blatbunsområda her. Men midt i mars kjem det ein kjent fugel hit som det altid er moro og sjå, for da er våren i annmars. Kven har vel ikkje sett Tjelden ( med raud fota og raudt nebb?) Årets fugl! (2018)

På dei 3 Kvamsholmane er der fleire fuglearter som hekker. Derfor er 2 av holmane freda i hekketida. Den tredie er landfast ved fjøre sjø slik at reven kjem dit. Derfor hekker ikkje fuglane der, og freding der er unødvendig. Fredetida er frå 15/4 – 1/7, og da skal fuglane ha fred! Men også dei to freda holmene står no i fare! Dei siste åra har det bygd seg opp ein val også ut på dei, slik at rovdyr kan koma seg også dit for å plyndre egg og unger. Men farene kjem også luftvegen: Dei seinare åra har vi fått ein stor auke av ørn, hegre og stormåse som lever i «sus og dus» i hekketida. (Rovfuglar og rovdyr må fredast veit du!) Ærfugl og småmåsen får ikkje fostre opp ungar og bestanden av dei krymer veldig!

Før vart det sanka egg på holmane til matauke og for salg. Serleg til baking var egga gode. Derfor vart det solgt egg til bakarane i bygda. Men denne inntekta mista grunneigarane når væra vart freda. Og det går mange historier om folk som nattestid var og skulle sikkra seg nokre egg. Dette gjekk ikkje så bra altid, og det kunne bli både «sure» egg og «blaute» minner om turen. Dette var jo også inngripende i naruren, men eggsankinga vart avslutta etter eit par uker, og da la fuglane nye egg som fekk væra i fred og bestanden var stabil. Å gripe inn i nature er ikkje enkelt, anten ein er eggsankar eller byrokrat?

Kvamsholmane vart også nytta til beite for sauene. Men vart det tørrsomar vart det lite av både gras og vaten å finna. Derfor vart det slutt med det. Men det var no radig med gjerdinga der! Men no startar vi turen i kulturstien rundt Sundnesbukta. Når vi tar av vegen som går frå 755 og ned på Haugen friområde, kjem vi fobi der steinen til veg ut på holmen var utsprengt i 1970. På øvre side av stien er det kulturbeite til ungdyr. Her veks det edellauvtrær av fleire slag, serleg er hassel i øyefallende. Spesielle planter er skogskjegg. Beitet høyrer Hjulstad østre til. Gården ligg lenger opp, ved riksveg 755. Garden vart flyta i 1848 dit den ligg i dag, av første distrikslegen i nordre Innhered, Ivar Winfeldt Buch, som budde der til i 1855. Han bygde ei flott stuelån med tilhørende hageannleg som kunne ein distrikslege være verdig. Før låg begge Hjulstadgårdene på høgda der Hjulstad vestre (øvre) ligg i dag.

Når vi går vidre kjem vi opp på Hjulstadskjæret. Her er det benker, og eit storslått overblikk av vekselvis sjø heilt opp til skjæret, eller tørrlagt sjøbotn fleire hundre meter bortetter. Avhengi av tidevannets stilling. Men mellom full flo, til det er full fjøre går det 6 timer og 12,5 minutter. Kan hende blir det lenge og sitte, men her er forandringa merkbar også på kortare tid. Hugs normalt er det ca. 2,5 høyde meter i skilnad på havnivået her. Men når det er nymåne og fullmåne blir skilnaden kansje over 3 meter. Dette er det sol og månes nærhet til jorda som påvirker med sin tyngdekraft.

Men andre stader på kloden kan skilnaden koma opp i 15 meter. Men også her på berget kan «springfloa» by på problemer når vi skal fortsette vår vandring. «Springflo» blir det når det er «utavær» (vestavind), og fullmåne eller nymåne. Klokka 12 kan sjøen da koma så høgt at den flaumer over første del av stien. Men det står på berre eit par timar så renn sjøen ut att og leira vert tørrlagt att. Størst er fjøra kring påsketider, og langfredag har langfjøre sa dei før. Men «springfloa» er oftast om hausten. Nei, her må ein fylja med almanakken om ein skal koma vidare. Og rundt heile bukta er det 1,5 km. Så gjer Dere klar til neste «vandring.»

Vandring del 1: 1. Vangshylla

Langs stien har det foregått mye spennende opp gjennom tida. Nils Undersåker forteller i denne artikkelserien om selvopplevde hendelser og gjenfortalte historier om folk og hendelser langs stien. Svein Jørum har illustrert mange av artiklene. Vi startar frå Vangshylla. Den personen eg først og frems tenker på da, er Georg Voldseth. Mitt første møte med […]

Vandring del 1: 2. Husmannsplassane

Frå Vangshylla tek vi gamlevegen, som vart laga først på 1800-tallet og vart brukt fram til 1930, da det vart ny veg til Vangshylla. Vidare opp bakkane til Dalenget. Her kjem vi dit husmannsplassen ”Lisa-råa” låg. Før vi fortsett, skal vi sjå litt på historia til husmannsplassane generelt. Før år 1720 var det svært få […]

Vandring del 1: 3. ”Gælnværsnatta”

Når vi tek vegen som går mot Rotvold, kjem vi dit ”Sjøbakken” låg. I 1875 var smeden Peder Sveinsson og Jakomina Jonsdotter plassfolk der. Dei fekk ei dotter, og navnet Jakomina likte dei så godt, at dei kalla dotter si og for det. I 1891 vart ”Sjøbakken” nedlagt som husmannsplass. Vi vandrar vidare til ”Syvsvedalen”. […]

Vandring del 1: 4. Bjønndrapet

I dag går vi fra Sysvedalen, over Bjønndalen, utover ”Halleran” mot Sjøbygda (Forsgrenda). Det som er spesielt med stien her, er at det er einaste leia ein kan kome fram i dette terrenget. Etter å ha passert hyttefeltet på Rotvold, kjem vi til ein lysning som ein gong har vore dyrkajord, ”Rotsveet”. Det ligg i […]

Vandring del 1: 5. Bedemannen

Når vi har fortært nistepakken oppe på ”Høghallaren”, starter vi opp att. No går stien langs ein fjellskrent med ei ur under. Vi får tru det går betre med oss enn med ein kar frå Sjøbygda som hadde vore på Vangshylla eit ærend. Der hadde han fortært sterke saker, og ballansen var vel heller dårleg, […]

Vandring del 1: 6. Sjøbygda

– eigentleg er dette to grender: ”FORRSGRENDA” – som på 1800tallet hadde 6 heimar, i dag er det 3 som er fast busett. ”ULVINBAKKEN” – der var det også 6 heimar på 1800tallet, men i dag er det berre ein plass som har fast busetting. Men i begge grendene er det fleire sommarhus. I Ulvinbakken […]

Vandring del 1: 7. Mat og vær !

Ved stien mellom Sjøenget og Mariaplassen står det ein lund med store almetrær. Går vi attende i tid – før 1800,var alm nærmast eit ”hellig ” treslag. Eit gamalt ordtak sa:”Eit almetre er meir verd enn heile skogen.” Grunnen var nok at barken på alm var ein viktig ingrediens når dei laga barkebrød. Furubark var […]

Vandring del 1: 8. Året er 1705, ein søndag først i mai

Peder Råen og kona, plassfolket på Rå (eller Råa som dei sa)kjem gåande på stien over berga frå Sjøbygda til Rå. Dei går kveldstur for å sjå og lukte våren her. For da som no – over berga her når blåveis og kvitveis står som ein skog – får du eit ”vårkikk”, av og nyte […]

Vandring del 1: 9. Rostadsjøen – Alle’en – parken

I 1823, da Massi Olsdatter Rostad gifta seg med Jørgen Richter, stod det 3 tre i hagen på Rostad. Ei rogn som ho hadde planta som barn, ei osp og ei selje. Sidan vart det fylt på mange hundre lass med jord i hagen og på berga nedafor. Det vart planta ei mengde med tre […]

Vandring del 1: 10. ”Plasskaillan”

Når du har fått med deg det som står på oppslagstavla på Rostad tek du stien ned mot Rostadbakkan. Her gjekk husmennene til og frå arbeid på gården. Her gjekk ”krøttera” når dei skulle på beite, og her går du for å sjå og høyre. Rostadbakkan besto av ein liten koloni husmansplassar. Maria Hegdal Valberg […]

Vandring del 1: 11. Husmannens levekår

Vi er fortsatt i Rostadbakkan, nærare bestemt i Nerbakken. Den 5. april 1836, underskreiv (med iholden penn) Jakob Pedersen Rostadbakken, husmannskontrakt med Jørgen Richter, på at han skulle få overta halvdelen av plassen som Peder Jakobsen (faren) hadde, under visse forpliktelser: Han skulle betale 5 Speisidaler i årleg leie. Det skulle være forsvarleg gjærde rundt […]

Vandring del 1: 12. Industrieventyret på Rostad

Har du hatt det triveleg i ”Kveinbua”? Det var der vi skiltes sist. Du har nok høyrt vatnet som renn i bekken like bortanfor, (Kvernbekken) og så har du vel sett på den flotte ”Kveinhusmuren”, som var grunnmur for ei kvern, dreve av vatnet i bekken. ”Kveinhusmuren” er den einaste synlege rest av det som […]

Vandring del 1: 13. Dei siste plassfolka

Når vi går stien frå ”kveinbua”, forbi der saga sto, kjem vi gjennom eit plantefelt med furu. Kjem vi i august er furuplantene omkransa av rosa blomster som går over i purpurrau farge. Det er Geitramsen som dekorerer vår vei. Så kjem vi dit husmannsplassen Kvernbakken låg. Kring 1820 rydda Petter Kristian Brunech denne plassen. […]

Vandring del 1: 14. SKREDDAREN.

Når vi går gammelvegen frå Hegdalsness, forstår vi dette var berre ein kjerreveg. Men når første bakken er unnajort, kjem vi til ei lita slette: ”Haugabakken”, dette var storåkeren i ”Nausthaugen”, ein husmannsplass litt lenger fram. Siste plassfolka her var Olive og Sivert Jørginus Arntsen. Sivert, f. 1836, for rundt på gardane og sydde kleda. Han tok 2 kroner for å sy ein dress. Når skreddaren kom måtte kjøkenbordet være ledig, for han sat oppå bordet når han sydde.

Vandring del 1: 15. Siste etappe

Vi går langs åkerkanten ned mot Hegdals-skjæra. Her stod det laksenot før, men no står det berre eit par jarnteiner utpå skjærspissen som var brukt til og feste landgarnet i. Men fint er det her bortover svaberga, der stien snor seg mellom einerbuskane. Dette har dei nok sett dei som har hytter her og. Ei […]

Vandring del 2: 1. Brennvinsbøtta

Vi har no forlenga kulturstien Vangshylla – Undersaker, til Håggåholmen. Vi skal no vandre den nye leia, fra det ene friområdet til eit anna: Simastøa – Haugen. Også her skal vi stoppe opp når vi passerer severdigheter av gamal og ny dato. Ved parkeringsplassen i Simastøa er det kartoppslag over kulturstien begge leiene. Det var […]

Vandring del 2: 2. Eit «karsleg» kvinnfolk.

Det første kulturminnet vi møter når vi starter på ”Sjøbakkin”, er Naustjale. Det var to plasser som heitte det. Den eldste låg nærmast sjøen. I 1850 fekk Ola Sivertsønn og kona Olava rydde seg husmannsplass her. Det var søstra til Ola, Beret som var gardeigar. Ho var enke, og såleis hadde ho nok bruk for […]

Vandring del 2: 3. Lin-fiskarane på leira

Vi tek av frå ”Sjøvein” til høgre, da passerer vi der ”Asphaugen” låg. Dette var husmannsplassen som Sivert Larson og kona Ingeborg Anna Jystad fekk feste på i 1850, av mora, Beret, og stefaren Falkor. Dei hadde to døtre, Anna Bergite og Jonetta. Plassen dei rydda var forholdsvis stor for dei hadde ku i tillegg […]

Vandring del 2: 4. «Storfossen»

Vi går langs elva eit stykke oppover til det kjem ei bru over elva. Eit lite stykke lenger opp er det ein foss,”Storfossen”. Elva som renn her, samlar vatn frå fleire grender her på Utøy. Derfor har elva mange navn: Hoinsåkervlva som den heiter her, deler seg like ovafor fossen. Der er det Kvamselva som […]

Vandring del 2: 5. Om folk og skatter på «Hølma»

Når vi fortsetter vår vandring, og passerer fleire fritidshus, ser vi Kvamsholmen. Den er nok den eldste av husmannsplassane på Kvam. Den er nevnt alt i 1701, men er nok mye eldre. Her har det vori aktiviteter av mange slag i dei ulike tider: Fisket har vore dreve herfra til alle tider, kaiannlegg, saltutvinning, gårdsbruk, […]

Vandring del 2: 6. Stor-drivarn Anton

Når vi er på Kvamsholmen, kjem ein ikkje unna ”Gamel – Hauberin” og sagbruket der. Dette var i den tida storindustri. Derfor må eg fortelle litt om denne mannen som fekk til så mye.

Vandring del 2: 7. Om salt og hårde tider

Når vi går frå Kvamsholmen, kjem vi forbi der det har stått ei saltbu. Nede ved sjøen er det ei grop i terrenget der sjøen renn inn når det er stor flo. Der demte dei att slik att sjøen vart verande der.

Vandring del 2: 8. Skogsvandring

No skal vi vandre i fint og fredfullt skogsterreng på fine stier, der gran er det dominerande treslaget i forskelige utviklingstrinn. Fra spirende granfrø, plantefelt til hogstmoden skog. I ei tjønn fins det amfibier, i tretoppane syng fuglane og mellom trea leikar rev og hare ”sisten”, du må berre gå varsamt, sjå og lytte så opplever du alt.

Vandring del 2: 9. Røvika eller Revika ?

Når vi går frå Kvilbua og Markaplassen kjem Revika som det blir sagt, eller Røvika som det skrives, til syne. Første gong ein finn garden omskrive er i 1490, da omtalt som Rørwiik.

Vandring del 2: 10. Ørsebekken og Havet

Vi satte oss på ein benk i forrige vandring. Hustuftene etter husmannsplassen Øssebekken, som det seies til dagleg, ligg på sletta nedafor her. Når vi no sit her, skal eg fortelle litt om denne plassen. Navnet kjem truleg av ”aur” (ør), grusør i utløpet av Havelva. I 1865 dreiv Lorns og Margrete denne plassen. Lorns […]

Vandring del 2: 11. Holmen eller ?

Holmen, som ikkje er nokon holme, for den er jo landfast, men det er i nyare tid det er laga fylling så ein kan koma over om det er flo sjø. Men den har fleire navn: Haugen friområde, Volholmen, Hjulstadholmen,Jonholmen og Håggåhølmin.

Tjeld. Foto: Torbjørn Løseth

Vandring del 3: 1. Håggåholmen

Ute på holmen var det 3 husmannsplassar sist på 1800 tallet. Inne i grunnmurane på ein av plassane (Jon-plassen), er det laga ein gapahuk. Jon var fiskar og fjøskar på Sundnes.

Vandring del 3: 2. Sundnes

Da fortsetter vi vår vandring. For lettare å koma ned av berget er det laga trapper ned på volden. Og over Volelva er det bru. Litt lenger fram låg det 2 husmansplassar for 100 år sidan. Det var Reina (Vollen) og litt nedafor Vol-voln.

Vandring del 3: 3. Sundnesnesset

No fortsetter vi turen langs fjæra. Mellom åkerkanten og flomålet ser vi fleire planteslag som trives her i overgangen mellom sjø og land: Som ulike strandengtyper, bl. a. saltsivengler og driftvoller. Lenger ut finnes salturt og havgras.

Vandring del 3: 4. Sundnesnesset – Jægtvolden

No fortsette vi opp over Sundnesnesset. (Litt pussig namn dersom ein går til tydinga av namnet Sundnes: Det søndre nesset. Da vert Sundnesnesset: Søndre ness nesset!)

Vandring del 3: 5. Sundneshamna

Når vi går frå Jægtvolden tar vi stien mot Sundneshamna. Dette var leia dei gjekk når dei skulle på handel eller skulle ut å reise med «dampen».

Vandring del 3: 6. Sundneshamna mot Straumen

«Hamnavegen» går frå Sundneshamna, forbi Sundnes og endar i riksv. 755. På dagens bildet ser vi i forgrunnen dei to kaiene og småbåthamna. I midten gamelkaia med lager-huset, i dag er det Stornes rederi som eig denne.

Vandring del 3: 7. Straumen

Når vi sit her på benken som minner om eit vikingeskip, går tankane lett attende i tid. Går vi berre 50 år attende, var det nytte-trafikk her på sjøen, særleg til Sundneshamna. Går vi enno 50 år attende, var det stor trafikk av jekter som frakta kalk frå Straumen. 

Vandring del 2: 11. Holmen eller ?

Navnet skjemmer ingen heiter det; men navnet kan være så ymse.

Så også dit vi kjem no på siste del av vår vandring.

Holmen, som ikkje er nokon holme, for den er jo landfast, men det er i nyare tid det er laga fylling så ein kan koma over om det er flo sjø. Men den har fleire navn: Haugen friområde, Volholmen, Hjulstadholmen,Jonholmen og Håggåhølmin. Kva som er rett og gale skal vera usagt, men sett i rett samanheng blir vel alt rett:

Haugen friområde heiter det, etter at kommunen regulerte det til friområde.

Jon heitte han som eigde området før – derfor Jonholmen.

Eit kjent motiv tatt utover sjøen fra Volsvingen, er holmen med Kvamsholmane og Ytterøya i bakgrunnen, så får vi Volholmen.

Før det var husmannsplassar der, var det Hjulstadgardane som åtte halvparten kvar av holmen, derfor Hjulstadholmen.

Håggåhølmin har sitt opphav fra 1901, da husmannen i Håggån kjøpte Holmen.

Plassen Håggån, som ligg eit stykke opp frå sjøen, er nevnt i skrifter fra 1701, da var Ola Olson husmann her. Han var 65år og hadde ein son på 6år. Altså ein produktiv kar, det står ikkje noko om moras alder.

Det har budd mange slags folk her, som smed, skreddar, hovslager, fiskar, men det har vore folk her alt i ”heidnom old” (før den historiske tida). Nedafor husa er det funne ein gravplass, truleg frå steinalderen. Altså for nesten 4000år sidan! Husa som står der ser ikkje så gamal ut, men er ikkje noko pryd i kulturlandskapet.

Mortinus Sefaniasson, som budde her i 1886, hadde nok gremma seg om han hadde sett korleis plassen blir ivaretatt, for det var ein handlingens mann. I tillegg til jordarbeid (pliktarbeid) var han skreddar og sildefiskar. I 1901 vart alle plassane på Holmen ledige, da slo han til og fekk kjøpe heile Holmen, itillegg til Håggån. Så no vart han laksefiskar også. For på holmen var det laksevald. Han betalte 1000kr. til Hjulstadgårdane, ein rimeleg pris sjølv i den tida. Som oftast var ikkje bøndene strikse på prisen når dei solgte til husmenn.

I kultursti samanheng, og av mange blir Holmen såleis kalt Håggåhølmin.

Men før holmen vart lagt under Håggån, var det tri husmannsplassar der.

Det som var spesielt var at Hjulstadgardane åtte kvar sin halvdel av holmen, delt etter der vegen går.

Holmen I (Edvardplassen) låg lengst ut mot sjøen i livd av ”Sjåpåberget”, og med gardgrensa beint gjennom plassjorda. Derfor hadde husmannen pliktarbeid på begge gardane.

Dei siste plassfolka der var Edvard og Serina. Han var kjend som ein robust og fripostig kar. Han skulle være ein vågsam seglar og var på Lofoten mange vintrar; og stod ikkje med huva i handa same kven han møtte. Han var også ein sers flink symjar, noko som ikkje var vanleg i den tida. Det er fortalt at ein gong han var med rutebåten, og det gjekk litt tid før båten kom til kai, hoppa han i sjøen fult påkledd og svømte i land. Han skulle vise desse landkrabbane på båten korleis sjøen skulle meistrast. Han var også sers ordhag, og kunne tala ”Roma midt imot”. Kring 1900 flytta dei til Byåsen der kona, Serina var ifrå. Dei kjøpte ei stue der det hadde budd tæringsjuke folk.

Like etterpå døyde både Edvard og Serina av tæring. Likeså to av borna deira. Stua vart etter dette brent.

Dei andre to plassane låg ein på kvar side av vegen, og var såleis under kvar sin gard.

Holmen II (Johannesplassen) låg på østre side av valen,og var den første som vart rydda. Da var det stor tømmerskog bortover grusryggen her. Dette var ein liten plass med ei lita stue, men mannen Johannes var også liten av vekst. Han var destilatør på Sundnes brenderi, og var såleis meister på den første Sundnesakuaviten. Derfor vart det ikkje så mye anna arbeid utover pliktarbeidet på garden.

Holmen III (Jonplassen) låg på andre sida av valen. Dette var plass berre ei kort tid (1883 – 1900). Husa vart bygd av eit stabbur frå kårheimen Havet. Dei som budde her var Jon og Maren Johanne, ho var datter til Johannes i naboplassen. Jon dreiv mykje med fisking m. a. på Lofoten. Men verste sjøturen hadde han når han arbeide hos Herman Løchen på Sundnes, som okserøkter. Løchen kjøpte opp oksekalvar og drankfora dei vinteren over , så vart dei frakta til England og solgt til høgare prisar der. På ein slik tur over Nordsjøen, vart det uver, og dei mista mange dyr. Jon og familien flytta til Levanger i 1898.

Men før det var husmannsplassar på holmen, var det gardsveg utover holmen til nausta og til saltkjelen som gardane hadde i lag, og så til ”Sjåppåberget” for grenda, der dei skipa (sjåppå) inn varer fra byturane.

Men no er vi ved stiens ende (foreløpig?), og eg takkar for laget og vandringa i tid og stad, der målet har vore å fortelja om folk og hendingar attende i tid som syner dei store kulturelle forandringar og livsmåtar folk har hatt.

Vil også rette ein stor takk til grunneigarane der stien går, for deira velvilje. Likeså til alle som har bidratt med opplysningar, slik at historia blir så rett som mogleg. Er fortsatt mottakeleg for nye opplysingar eller rettingar.

Havet

I 1867 solgte Ole A. Sundfær Røvika, som han hadde kjøpt av svigerfaren sin i 1850. Han tok seg da «jordkår» på Havet og flyttet hit sammen med kona Ane Elisabeth, og to barn.

Ole døde rundt 1890, men Ane Elisabeth levde og bodde der til 1900. Da ble stua revet – jorda hadde allerede gått tilbake til gården tidligere.

Jorda som tilhørte denne plassen gikk fra Ner-Håggån på Hjulstad og langs sjøen hit til Hav-elva. På andre siden av elva lå Ørsebekken. Lenger oppe i elva var det i 1620-åra registrert to bekke-kverner.

Navnet Havet kan komme fra den eldre betydningen av «hav», heving, dvs. at det var en plass for å dra i land båter/fiskeredskap.

Vandring del 2: 10. Ørsebekken og Havet

Vi satte oss på ein benk i forrige vandring. Hustuftene etter husmannsplassen Øssebekken, som det seies til dagleg, ligg på sletta nedafor her. Når vi no sit her, skal eg fortelle litt om denne plassen. Navnet kjem truleg av ”aur” (ør), grusør i utløpet av Havelva.

I 1865 dreiv Lorns og Margrete denne plassen. Lorns var innvandrar frå Gudbrandsdalen. Men han var ingen vanleg husmannstype, han var felespelar og dreiv som spelemann saman med Einar Jystad i Sjøsveet. Kansje møttes dei her på haugen, (som er mellom dei to plassane) og øvde. I tillegg dreiv han landhandel i Øssebekken. Varene tok han fra T. Jensen i Trondheim. Han vart nok ikkje rik av denne butikken, men handelsånda var nok fødd, for seinare vart han ein tiltrudd mann i firmaet E. A. Smith i Trondheim. Ei av døtrene vart gift med sjefen i firmaet. Sonen deira vart sjef for verdsfirmaet Guggenheim, og han gav pengar til nytt orgel i Nidarosdomen. Alle borna etter Lorns og Margrete gjode det godt innan handelsnæringa, og alle var musikkintereserte.Så dette førte til at alle flytta til Trondheim.

Derfor kom det nye plassfolk hit i 1873: Johan Hogstad og Martine fra Verdala. Dei hadde to sønner: Jon og Jørgen. Men som mange andre stader måtte dei få varer på krita hos handelsmanenn til dei kunne betale med fisk e. l., pengar hadde dei ikkje. Dei viktigaste varene dei måtte ha var grynmjøl, og snøre for å binde fiskegarn med. Derfor måtte sønene koma seg i arbeid snøggast råd. Jon drog i utanriksfart med seglskuter i mange år, og vart førar på ei lystjakt til ein amerikansk millionær. Her tente han gode pengar. Også Jørgen vart lokka av sjøen. Han var på Lofotfiske, på ein mottaksbåt i to vintrar. så var han på fleire seglbåtar og dampbåtar før han enda opp som matros på hurtigruteskipet ”Kong Harald” frå 1902 – 1906. Da kom det bud frå broren at han kunne få hyre på yaten som han førte. Der vart dei begge to til 1909. Heile tida brevveksla dei med faren. Desse breva finnes fortsatt. Her skreiv gutane om det dei opplevde i Amerika, og faren om det som foregjekk heime. Som om fisket, dersom nokon gifta seg o. l. I eit brev står det: No har endeleg Fredrik Wohlan gifta seg med Jossefine Ness. Lite ana vel nokon av dei at sonen til desse to, skulle bli svigerson til Jørgen. Men i 1909 kom det bod om at faren var sjuk, mora var død før, og Jørgen drog heim for og overta plassen. I Amerika hadde han tent bra med penger, og når han kom med båten til Sundneshamna, og gjekk over Sundnesnesset så han kom til Nessgård, tenkte han som så mange gonger før: Denne plassen skal bli min, og no hadde han pengar til det, og det vart her han bygde opp heimen sin i 1914. Han kom heim før faren døyde.Og Jørgen skriv at han sat og las breva som broren hadde skrevi til faren, når faren låg på det siste: Her fortel han om ting som er opplevd der over. Ein gong kom dei over eit skip som låg og dreiv forlatt i havet. Det var stående ordre om at slike vrak skulle brennast. Men først hadde han vore ombord og sett. Han hadde funne nokre klær og eit flott barberettui, (dette kjem vi attende til) som han hadde teke med, før han sette fyr på skipsvraket.

Og så var det ein kollega som på mirakuløs måte hadde berga livet ved eit forlis, medan resten av manskapet vart oppete av hai.

Faren døyde, og i 1910 gifta Jørgen seg med nabogjenta i Sjøsveet, Inga. Men det var ikkje noko vanleg brudlaup, dei vart vigde i Nidarosdomen. Det måtte synast når ” Ein sjøman hadde gått i land.” Men no måtte dei ha ein heim til dei fekk bygd nye hus på Nessgård.

Dei fekk ny avtale med kappelanen Nilsen i Røvika om å få leige Øsebekken som husmandsplass fram til 1914: Der står det m. a. ”Festeren skal betale årleg avgift på 40 kr., pliktarbeid 5dager i våronn, 10 dager i slåttonn, 5 dager i skuronn, for nevnte arbeid får han 80 øre pr. dag. Han kan samle kvist og annet løst avfall til brendsel. Likeså kunne han samle tang og tare i fjæren til gjødsel.”

Når denne avtalen gjekk ut, flytta dei til ny heim på Nessgård, og han fekk kjøpe jorda i Øssebekken til ”avlingsgård.” Høyet rodde han over bukta i ein færing med eit stort segel som innpakking. Dei såg berre årene som stakk ut av høyet vart det sagt, men Jørgen sat nok der han og, sjølv om han var både høgreist og kraftig.

I 1923 kom broren heim på besøk. Han hadde vorte gift, men ekteskapet skranta. Når han var heime skreiv han testamente, der det stod at broren skulle ha alt etter han. Testamentet vart tinglyst med to viterlighetsvitner. Han drog attende til Amerika, men året etter kom det melding om at han hadde drukna. No skulle Jørgen få arven etter broren. Men enka etter han hevda at testamentet var ugyldig. For i Amerika var det krav om tre vitner til eit slikt dokument. Det vart mye skriving mellom dei, og begge hyra advokatar. Tida gjekk, og advokatane tente pengar, og arven minka. Da fåreslo Jørgen ovanfor enka at dei delte arven likt mellom seg. Dette aksepterte enka, og det kom 18000 kroner til Jørgen. I tillegg kom det ei kiste ( kalt Amerikakista med påskrifta anno 1776) med personlege ting etter broren: Mellom anna eit gullur med ein medaliong på, eit fotoapparat (avansert etter tida). Dette var det mange som lånte etterpå, når det var brudlaup o. l. Og så var det eit flott barberetui i sølv, anntakeleg det same som er nevnt tidlegare. Om dette var reisekista til Jon vites ikkje.

Av desse historiene ser vi at det var tronge tider her heime, men dei ungdomane som kom seg ut kunne gjæra det godt. Men når dei heime trong hjelp, var heimplassen og slekta viktigare enn pengar for nokre.

Men no må vi fortsette vår vandring langs Havelva til vi kjem ned mot sjøen. På andre sida av elva ligg det eit flatt jordstykke som heiter Havet. I haugen bortafor låg det ein husmannsplass fram til i 1868, da tok Lars Erikson og kona Elisabth,av jordstykket og passen til kårbustad, når han solgte Røvika til kapelangard. Men når dei døyde vart husa revi og jorda lagt til garden, dette var kring 1900. Navnet Havet kan koma av det gamle ordet Hav eller heving.

Men jordstykket er no flatt som havet også.

Vi fortsetter langs sjøen og langfjøra til eit bord med benker, som står ved stien, her stopper vår ferd i dag, medan utanfor er det vekselvis sjø og tørrlagt sjøbotn to gonger i døgnet.