Vandring del 1: 7. Mat og vær !

Ved stien mellom Sjøenget og Mariaplassen står det ein lund med store almetrær. Går vi attende i tid – før 1800,var alm nærmast eit ”hellig ” treslag. Eit gamalt ordtak sa:”Eit almetre er meir verd enn heile skogen.” Grunnen var nok at barken på alm var ein viktig ingrediens når dei laga barkebrød. Furubark var den største delen i barkebrødet, men hadde dei ikkje almebork, rau brødet sunt.

Også i dag blir alm saman med eik, ask, bøk, lind, lønn, hassel og svartor betegna som Edellauvskog. Det er varmekjære treslag som gjerne vil ha næringsrik jord. Og i sørhellingane ned mot sjøen, der stien går, finnes det fleire slike blandingsbestandar og enkelttre av slike treslag. Men ei tid når det var hungersnaud på grunn av lite matkorn var alm eit trua treslag. Det er fortalt at det kom folk heilt frå Nordli hit til Inderøy, for og få tak i almbark. Da vart det planta alm på gunstige plasser. Kanskje er denne lunden også planta?

Det er så mye snakk om klimaforandring i dag på grunn av CO2 utslepp, men variasjon har det nok vore til alle tider. Dei hadde nok ønska seg eit tynnare ozonlag i 1836. Det er siste året det vart nytta barkbrød i stort omfang. Det var uår! ”Råtti høy og frøsi korn”. Så kom ”Gærnversnatta” 12. okt. 1837, som det er fortalt om før, med sine ødeleggelser.

Vinteren 1849 var det kolosale snømengder, som ikkje reiste før sist i mai. Regn og snøelingar heile sommar Frosten kom ved Mikkelsmesse (29. sept.) Snøen kom tidleg. 14. okt. var det konfirmasjon og da køyrde dei slede til kyrkja. Altså eit nytt uår. Våren etter, kjøpte heredstyret inn såkorn, som det var svært lite av i kommunen. Og så, midt oppi dette: Vargvinteren 1845 – 1846. ”Det befantes en overdreven mengde ulv i prestegjeldet.”

Den verste barkebrødtida var nok på 1400 og 1500 talet, og 1591 er omskrive som det verste ”svartåret” når det er snakk om avling og mat.
Furubarkmjøl vart også blanda i kornmjølet for å dryge det, men det gav ein beisk smak enten dei laga brød eller graut.
Kan det vera eit alternativ i dag, som slankekost – – når eit av dei største helseproblem er fedme – – på grun av for god og mye mat?

Se alle artiklene:

Vandring del 1: 1. Vangshylla

Langs stien har det foregått mye spennende opp gjennom tida. Nils Undersåker forteller i denne artikkelserien om selvopplevde hendelser og gjenfortalte historier om folk og hendelser langs stien. Svein Jørum har illustrert mange av artiklene. Vi startar frå Vangshylla. Den personen eg først og frems tenker på da, er Georg Voldseth. Mitt første møte med […]

Vandring del 1: 2. Husmannsplassane

Frå Vangshylla tek vi gamlevegen, som vart laga først på 1800-tallet og vart brukt fram til 1930, da det vart ny veg til Vangshylla. Vidare opp bakkane til Dalenget. Her kjem vi dit husmannsplassen ”Lisa-råa” låg. Før vi fortsett, skal vi sjå litt på historia til husmannsplassane generelt. Før år 1720 var det svært få […]

Vandring del 1: 3. ”Gælnværsnatta”

Når vi tek vegen som går mot Rotvold, kjem vi dit ”Sjøbakken” låg. I 1875 var smeden Peder Sveinsson og Jakomina Jonsdotter plassfolk der. Dei fekk ei dotter, og navnet Jakomina likte dei så godt, at dei kalla dotter si og for det. I 1891 vart ”Sjøbakken” nedlagt som husmannsplass. Vi vandrar vidare til ”Syvsvedalen”. […]

Vandring del 1: 4. Bjønndrapet

I dag går vi fra Sysvedalen, over Bjønndalen, utover ”Halleran” mot Sjøbygda (Forsgrenda). Det som er spesielt med stien her, er at det er einaste leia ein kan kome fram i dette terrenget. Etter å ha passert hyttefeltet på Rotvold, kjem vi til ein lysning som ein gong har vore dyrkajord, ”Rotsveet”. Det ligg i […]

Vandring del 1: 5. Bedemannen

Når vi har fortært nistepakken oppe på ”Høghallaren”, starter vi opp att. No går stien langs ein fjellskrent med ei ur under. Vi får tru det går betre med oss enn med ein kar frå Sjøbygda som hadde vore på Vangshylla eit ærend. Der hadde han fortært sterke saker, og ballansen var vel heller dårleg, […]

Vandring del 1: 6. Sjøbygda

– eigentleg er dette to grender: ”FORRSGRENDA” – som på 1800tallet hadde 6 heimar, i dag er det 3 som er fast busett. ”ULVINBAKKEN” – der var det også 6 heimar på 1800tallet, men i dag er det berre ein plass som har fast busetting. Men i begge grendene er det fleire sommarhus. I Ulvinbakken […]

Vandring del 1: 7. Mat og vær !

Ved stien mellom Sjøenget og Mariaplassen står det ein lund med store almetrær. Går vi attende i tid – før 1800,var alm nærmast eit ”hellig ” treslag. Eit gamalt ordtak sa:”Eit almetre er meir verd enn heile skogen.” Grunnen var nok at barken på alm var ein viktig ingrediens når dei laga barkebrød. Furubark var […]

Vandring del 1: 8. Året er 1705, ein søndag først i mai

Peder Råen og kona, plassfolket på Rå (eller Råa som dei sa)kjem gåande på stien over berga frå Sjøbygda til Rå. Dei går kveldstur for å sjå og lukte våren her. For da som no – over berga her når blåveis og kvitveis står som ein skog – får du eit ”vårkikk”, av og nyte […]

Vandring del 1: 9. Rostadsjøen – Alle’en – parken

I 1823, da Massi Olsdatter Rostad gifta seg med Jørgen Richter, stod det 3 tre i hagen på Rostad. Ei rogn som ho hadde planta som barn, ei osp og ei selje. Sidan vart det fylt på mange hundre lass med jord i hagen og på berga nedafor. Det vart planta ei mengde med tre […]

Vandring del 1: 10. ”Plasskaillan”

Når du har fått med deg det som står på oppslagstavla på Rostad tek du stien ned mot Rostadbakkan. Her gjekk husmennene til og frå arbeid på gården. Her gjekk ”krøttera” når dei skulle på beite, og her går du for å sjå og høyre. Rostadbakkan besto av ein liten koloni husmansplassar. Maria Hegdal Valberg […]

Vandring del 1: 11. Husmannens levekår

Vi er fortsatt i Rostadbakkan, nærare bestemt i Nerbakken. Den 5. april 1836, underskreiv (med iholden penn) Jakob Pedersen Rostadbakken, husmannskontrakt med Jørgen Richter, på at han skulle få overta halvdelen av plassen som Peder Jakobsen (faren) hadde, under visse forpliktelser: Han skulle betale 5 Speisidaler i årleg leie. Det skulle være forsvarleg gjærde rundt […]

Vandring del 1: 12. Industrieventyret på Rostad

Har du hatt det triveleg i ”Kveinbua”? Det var der vi skiltes sist. Du har nok høyrt vatnet som renn i bekken like bortanfor, (Kvernbekken) og så har du vel sett på den flotte ”Kveinhusmuren”, som var grunnmur for ei kvern, dreve av vatnet i bekken. ”Kveinhusmuren” er den einaste synlege rest av det som […]

Vandring del 1: 13. Dei siste plassfolka

Når vi går stien frå ”kveinbua”, forbi der saga sto, kjem vi gjennom eit plantefelt med furu. Kjem vi i august er furuplantene omkransa av rosa blomster som går over i purpurrau farge. Det er Geitramsen som dekorerer vår vei. Så kjem vi dit husmannsplassen Kvernbakken låg. Kring 1820 rydda Petter Kristian Brunech denne plassen. […]

Vandring del 1: 14. SKREDDAREN.

Når vi går gammelvegen frå Hegdalsness, forstår vi dette var berre ein kjerreveg. Men når første bakken er unnajort, kjem vi til ei lita slette: ”Haugabakken”, dette var storåkeren i ”Nausthaugen”, ein husmannsplass litt lenger fram. Siste plassfolka her var Olive og Sivert Jørginus Arntsen. Sivert, f. 1836, for rundt på gardane og sydde kleda. Han tok 2 kroner for å sy ein dress. Når skreddaren kom måtte kjøkenbordet være ledig, for han sat oppå bordet når han sydde.

Vandring del 1: 15. Siste etappe

Vi går langs åkerkanten ned mot Hegdals-skjæra. Her stod det laksenot før, men no står det berre eit par jarnteiner utpå skjærspissen som var brukt til og feste landgarnet i. Men fint er det her bortover svaberga, der stien snor seg mellom einerbuskane. Dette har dei nok sett dei som har hytter her og. Ei […]

Vandring del 2: 1. Brennvinsbøtta

Vi har no forlenga kulturstien Vangshylla – Undersaker, til Håggåholmen. Vi skal no vandre den nye leia, fra det ene friområdet til eit anna: Simastøa – Haugen. Også her skal vi stoppe opp når vi passerer severdigheter av gamal og ny dato. Ved parkeringsplassen i Simastøa er det kartoppslag over kulturstien begge leiene. Det var […]

Vandring del 2: 2. Eit «karsleg» kvinnfolk.

Det første kulturminnet vi møter når vi starter på ”Sjøbakkin”, er Naustjale. Det var to plasser som heitte det. Den eldste låg nærmast sjøen. I 1850 fekk Ola Sivertsønn og kona Olava rydde seg husmannsplass her. Det var søstra til Ola, Beret som var gardeigar. Ho var enke, og såleis hadde ho nok bruk for […]

Vandring del 2: 3. Lin-fiskarane på leira

Vi tek av frå ”Sjøvein” til høgre, da passerer vi der ”Asphaugen” låg. Dette var husmannsplassen som Sivert Larson og kona Ingeborg Anna Jystad fekk feste på i 1850, av mora, Beret, og stefaren Falkor. Dei hadde to døtre, Anna Bergite og Jonetta. Plassen dei rydda var forholdsvis stor for dei hadde ku i tillegg […]

Vandring del 2: 4. «Storfossen»

Vi går langs elva eit stykke oppover til det kjem ei bru over elva. Eit lite stykke lenger opp er det ein foss,”Storfossen”. Elva som renn her, samlar vatn frå fleire grender her på Utøy. Derfor har elva mange navn: Hoinsåkervlva som den heiter her, deler seg like ovafor fossen. Der er det Kvamselva som […]

Vandring del 2: 5. Om folk og skatter på «Hølma»

Når vi fortsetter vår vandring, og passerer fleire fritidshus, ser vi Kvamsholmen. Den er nok den eldste av husmannsplassane på Kvam. Den er nevnt alt i 1701, men er nok mye eldre. Her har det vori aktiviteter av mange slag i dei ulike tider: Fisket har vore dreve herfra til alle tider, kaiannlegg, saltutvinning, gårdsbruk, […]

Vandring del 2: 6. Stor-drivarn Anton

Når vi er på Kvamsholmen, kjem ein ikkje unna ”Gamel – Hauberin” og sagbruket der. Dette var i den tida storindustri. Derfor må eg fortelle litt om denne mannen som fekk til så mye.

Vandring del 2: 7. Om salt og hårde tider

Når vi går frå Kvamsholmen, kjem vi forbi der det har stått ei saltbu. Nede ved sjøen er det ei grop i terrenget der sjøen renn inn når det er stor flo. Der demte dei att slik att sjøen vart verande der.

Vandring del 2: 8. Skogsvandring

No skal vi vandre i fint og fredfullt skogsterreng på fine stier, der gran er det dominerande treslaget i forskelige utviklingstrinn. Fra spirende granfrø, plantefelt til hogstmoden skog. I ei tjønn fins det amfibier, i tretoppane syng fuglane og mellom trea leikar rev og hare ”sisten”, du må berre gå varsamt, sjå og lytte så opplever du alt.

Vandring del 2: 9. Røvika eller Revika ?

Når vi går frå Kvilbua og Markaplassen kjem Revika som det blir sagt, eller Røvika som det skrives, til syne. Første gong ein finn garden omskrive er i 1490, da omtalt som Rørwiik.

Vandring del 2: 10. Ørsebekken og Havet

Vi satte oss på ein benk i forrige vandring. Hustuftene etter husmannsplassen Øssebekken, som det seies til dagleg, ligg på sletta nedafor her. Når vi no sit her, skal eg fortelle litt om denne plassen. Navnet kjem truleg av ”aur” (ør), grusør i utløpet av Havelva. I 1865 dreiv Lorns og Margrete denne plassen. Lorns […]

Vandring del 2: 11. Holmen eller ?

Holmen, som ikkje er nokon holme, for den er jo landfast, men det er i nyare tid det er laga fylling så ein kan koma over om det er flo sjø. Men den har fleire navn: Haugen friområde, Volholmen, Hjulstadholmen,Jonholmen og Håggåhølmin.

Info