Vandring del 1: 1. Vangshylla

Langs stien har det foregått mye spennende opp gjennom tida. Nils Undersåker forteller i denne artikkelserien om selvopplevde hendelser og gjenfortalte historier om folk og hendelser langs stien. Svein Jørum har illustrert mange av artiklene.

Vi startar frå Vangshylla.

Den personen eg først og frems tenker på da, er Georg Voldseth. Mitt første møte med han var da eg var gutonge. Vi var på ein sjømannsfest på Øynheim der mannskoret på Utøy song ”Den Heilage Stad”, og Georg var solist. Dette gjorde eit så sterkt inntrykk, at eg der og da bestemte meg for at solist i mannskor skulle eg og bli når eg vart stor.

Men det var ikkje berre i koret Georg song. Han dreiv båtskyss over sundet til Mosvik og Verran, likeså til Ytterøy. Passasjerane var alt frå prest til dyrlege, og folk i ulike ærend. Og det er fortalt at når det var dårleg vær, song Georg. Dess meir det bles, dess høgare song han, og da kunne dei høyre han på begge sider av Sundet samtidig, vart det sagt.

Georg kjøpte gården Vangshylla i 1934. Da hadde det nettopp vorte ny veg dit (1930). Det vart bygd kaie for rutetrafikken på fjorden, og Georg var båtekspeditør, noko som vara fram til 1952.

Men i 1958 vart det meir slutt på motorbåtskyssinga for Georg. Da vart det ferge, som i starten gikk mellom Vangshylla- Framverran-Mosvik-Ytterøy-Levanger.

Og så, i 1991, vart det bru mellom Inderøy og Mosvik, og Vangshylla blir igjen liggande utanfor den daglege trafikken, men dette opplevde ikkje Georg, før han døyde.

Vangshylla

Opprinnelig var det husmannsplassen Vangshylla samt noen naust for Vangsgårdene som utgjorde dette strandstedet. Husmannsplassen er av de eldste vi kjenner, og den er nevnt allerede i 1661. Så tidlig som 1790 ble plassen kjøpt og utviklet seg etterhvert til en liten gård.

 

Vandring del 1: 1. Vangshylla

Langs stien har det foregått mye spennende opp gjennom tida. Nils Undersåker forteller i denne artikkelserien om selvopplevde hendelser og gjenfortalte historier om folk og hendelser langs stien. Svein Jørum har illustrert mange av artiklene. Vi startar frå Vangshylla. Den personen eg først og frems tenker på da, er Georg Voldseth. Mitt første møte med […]

Vandring del 1: 14. SKREDDAREN.

Når vi går gammelvegen frå Hegdalsness, forstår vi dette var berre ein kjerreveg. Men når første bakken er unnajort, kjem vi til ei lita slette: ”Haugabakken”, dette var storåkeren i ”Nausthaugen”, ein husmannsplass litt lenger fram. Siste plassfolka her var Olive og Sivert Jørginus Arntsen. Sivert, f. 1836, for rundt på gardane og sydde kleda. Han tok 2 kroner for å sy ein dress. Når skreddaren kom måtte kjøkenbordet være ledig, for han sat oppå bordet når han sydde.

Info