Vandring del 2: 5. Om folk og skatter på «Hølma»

Når vi fortsetter vår vandring, og passerer fleire fritidshus, ser vi Kvamsholmen. Den er nok den eldste av husmannsplassane på Kvam. Den er nevnt alt i 1701, men er nok mye eldre.

Her har det vori aktiviteter av mange slag i dei ulike tider: Fisket har vore dreve herfra til alle tider, kaiannlegg, saltutvinning, gårdsbruk, pleieheim, sagbruk, og i dag ”Inderøyas honning mekka”. Om alle som har hatt Hølmin (dagleguttale) som heim, bustad og arbeidsplass, hadde stått bortpå berga , da hadde det vorti fullt der, og eit underfundig skue!

Men eg skal fortelle om nokre av dei:
Kvamsholmen var husmannsplass under Ner- Kvam. På gården har det vore mange ulike eigarar: I 1820 solgte Jon Rostad gården til kaptein Hans O. Grøn, som døde i 1832, da overtok sonen Kristian Grøn. Han hadde garden til 1869, da nest eldste sonen, Nils overtok. Eldste sonen, Anton hadde flytta på Kvamsholmen. Det har vore mange ulike husmenn her fram til 1865, da Anton Grøn kjøpte plassen, samtidig som han også kjøpte to andre plassar her:Litlemarka og Holmsveet, og dette vart eit bruk.

Det var fleire Grønfolk som budde her. I 1917 tok Kristian og Ane seg kår på Holmen, og solgte (via ein mellommann) bruket til jekteigar Arnt Følstad. Dei fekk 12000 kr. for bruket, og burett på livstid, pluss ein liter nysilet melk kvar dag. Arnt, som kom fra Fram- Veran, var enkemann, men hadde fleire barn. Sonen Georg tok over i1937. Han var gift med Gunvor f. Hø. I tillegg til gardsdrifta, opna dei heimen sin for folk som trong hjelp og omsorg av ymse slag. I alt var det 12 personar som nyta godt av deira godheit og omsorg. To av dei adopterte dei som sine.

På Kvamsholmen var det tidleg kai, så jekter og andre båtar kunne lesse og losse varer, i alle fall på 1700 talet. Men kring 1900 vart kaia forstørra så større båtar kunne annløpe. For no byrja rutetrafikken på fjorden og koma i gang, med båtar som: Intrønderen, Verdalen og Indhered. Georg var også dampskipsekspeditør fram til annløpene slutta, kring 1940.

Kring 1960 kom det ein kar frå Trondheim og ville kjøpe hyttetomt av Georg. Det viste seg at mannen heitte Georg, var født 16/8 – 1904, og var dampskipsekspeditør. Alt likt med Georg på Hølma. Av slikt skjebnespill måtte det bli hyttetomt.
Men når det er snakk om skjebne og kaia på Kvamsholmen må eg viderefortelle ei historie som Petter Andreas Josønn fortalte. Han var frå husmannsplassen Lillevollen på Undersåker.

”SKATTEN I PÅLHAUGEN.”

Fortalt av Petter Andreas Josønn, f.1861 i Vollen (Undersåkerplass)
Han vart nesten 100 år, dårleg til beins, men usedvanleg åndsfrisk og ein god forteljar. Gjennfortalt av bestemora mi: Karoline.

Pålhaugen eller Kvamshaugen, var husmannsplass under Kvam. Farfar til Petter Andreas, Peder var fødd der i 1797. Han hadde også ein bror, Paul, fødd i 1792. Når Petter Andreas fortel om dei, kaller han dei Per og Pål. Det er om denne Pål fortelinga går. Kring 1830 tok han over plassen etter foreldra som døde i den tida. Skiftet etter dei vart ”henlagt som fattigskifte”. Så lite pengar hadde det nok vore i Kvamshaugen. Pål skulle grave seg ein potetkjeller på Kvamshaugen, da var han så heldig at han fann ein skatt som var nedgravd der. Nokre meinte den kunne vore nedgravd der i krigstiden da svenskene for på plyndring og herjing på Innhered kring 1718, slik at dei ikkje skulle få tak i det.

Men Petter Andreas hadde ein anna historie om korleis skatten hadde komi dit.
Kring 1750 var det ei jekt som låg ved Kvamsholmen og lossa varer. Det var ein husmann fra Kvamshaugen som hjelpte skipperen på jekta å losse. Det var kjent at denne skipperen skulle ha godt med pengar, som han altid bar på seg. I tillegg skulle det vere spesielt sølvtøy i lasten.
Jekta vart lossa, og husmannen gjekk heim etter å ha fortæret noe brennevin ilag med skipperen.

Om morgonen fann dei skipperen ihelslegen om bord på jekta. Men det fantest verken sølvtøy eller pengar om bord. Husmannen i Kvamshaugen vart misstenk, men det fantes ikkje noko bevis, så han vart frikjent. Men i domspremissene stod det at dersom denne mannen byrjar å bruke mye pengar, vert han dømt for drap. Petter Andreas meinte at pengane og sølvtøyet derfor hadde vorti nedgravd, og at det var dette Pål hadde funne.Pål for svært varsamt fram, og fortalte ingen om skatten. Men han rodde til Levanger, til ein sølvsmed der og solgte skatten. Pengene la han på kistebotten. Like etter, i 1832 døyde kona.

Etter skiftet, kjøpte han seg ein gard for pengane som han hadde gjøymt unna. Og like etterpå gifta han seg med ei ungjente. Men lukka vart kortvarig, for Pål døyde eit års tid etter giftemålet.

Medelen etter han vart delt mellom enka og ein son, Hans, frå førstr ekteskap.Enka vart også sitjande med garden. Ho gifta seg nokså snart med ein sjømann. Men noko lukke fekk dei ikkje av medelen. For ingen av dei forsto noko om gardsdrift, og dei brukte langt meire pengar enn det som kom inn, og det gjekk berre kort tid før dei gjekk frå garden.. Hans, sonen til Pål, drog til Levanger der han øyde bort arven sin. Ein vintermorgon i 1870, fann dei han under ei bru, ihelfrosen.

Petter Andreas slutta historia med: ”Betre med lite pengar, enn falske pengar”.

Kvamsholmen

Dette er nok den eldste av Kvamsplassene. Den er nevnt allerede i 1701, men er trolig mye eldre. I 1865 ble plassen kjøpt av Anton Grøn. Han kjøpte også opp Litlmarka og Holmsveet og slo alt sammen til et bruk. Flere av Grøn-slekta bodde her på Kvamsholmen fram til 1917 – da kjøpte Arnt Følstad […]

Vandring del 2: 6. Stor-drivarn Anton

Når vi er på Kvamsholmen, kjem ein ikkje unna ”Gamel – Hauberin” og sagbruket der. Dette var i den tida storindustri. Derfor må eg fortelle litt om denne mannen som fekk til så mye.

Se alle artiklene:

Vandring del 1: 1. Vangshylla

Langs stien har det foregått mye spennende opp gjennom tida. Nils Undersåker forteller i denne artikkelserien om selvopplevde hendelser og gjenfortalte historier om folk og hendelser langs stien. Svein Jørum har illustrert mange av artiklene. Vi startar frå Vangshylla. Den personen eg først og frems tenker på da, er Georg Voldseth. Mitt første møte med […]

Vandring del 1: 2. Husmannsplassane

Frå Vangshylla tek vi gamlevegen, som vart laga først på 1800-tallet og vart brukt fram til 1930, da det vart ny veg til Vangshylla. Vidare opp bakkane til Dalenget. Her kjem vi dit husmannsplassen ”Lisa-råa” låg. Før vi fortsett, skal vi sjå litt på historia til husmannsplassane generelt. Før år 1720 var det svært få […]

Vandring del 1: 3. ”Gælnværsnatta”

Når vi tek vegen som går mot Rotvold, kjem vi dit ”Sjøbakken” låg. I 1875 var smeden Peder Sveinsson og Jakomina Jonsdotter plassfolk der. Dei fekk ei dotter, og navnet Jakomina likte dei så godt, at dei kalla dotter si og for det. I 1891 vart ”Sjøbakken” nedlagt som husmannsplass. Vi vandrar vidare til ”Syvsvedalen”. […]

Vandring del 1: 4. Bjønndrapet

I dag går vi fra Sysvedalen, over Bjønndalen, utover ”Halleran” mot Sjøbygda (Forsgrenda). Det som er spesielt med stien her, er at det er einaste leia ein kan kome fram i dette terrenget. Etter å ha passert hyttefeltet på Rotvold, kjem vi til ein lysning som ein gong har vore dyrkajord, ”Rotsveet”. Det ligg i […]

Vandring del 1: 5. Bedemannen

Når vi har fortært nistepakken oppe på ”Høghallaren”, starter vi opp att. No går stien langs ein fjellskrent med ei ur under. Vi får tru det går betre med oss enn med ein kar frå Sjøbygda som hadde vore på Vangshylla eit ærend. Der hadde han fortært sterke saker, og ballansen var vel heller dårleg, […]

Vandring del 1: 6. Sjøbygda

– eigentleg er dette to grender: ”FORRSGRENDA” – som på 1800tallet hadde 6 heimar, i dag er det 3 som er fast busett. ”ULVINBAKKEN” – der var det også 6 heimar på 1800tallet, men i dag er det berre ein plass som har fast busetting. Men i begge grendene er det fleire sommarhus. I Ulvinbakken […]

Vandring del 1: 7. Mat og vær !

Ved stien mellom Sjøenget og Mariaplassen står det ein lund med store almetrær. Går vi attende i tid – før 1800,var alm nærmast eit ”hellig ” treslag. Eit gamalt ordtak sa:”Eit almetre er meir verd enn heile skogen.” Grunnen var nok at barken på alm var ein viktig ingrediens når dei laga barkebrød. Furubark var […]

Vandring del 1: 8. Året er 1705, ein søndag først i mai

Peder Råen og kona, plassfolket på Rå (eller Råa som dei sa)kjem gåande på stien over berga frå Sjøbygda til Rå. Dei går kveldstur for å sjå og lukte våren her. For da som no – over berga her når blåveis og kvitveis står som ein skog – får du eit «vårkikk», av og nyte […]

Vandring del 1: 9. Rostadsjøen – Alle’en – parken

I 1823, da Massi Olsdatter Rostad gifta seg med Jørgen Richter, stod det 3 tre i hagen på Rostad. Ei rogn som ho hadde planta som barn, ei osp og ei selje. Sidan vart det fylt på mange hundre lass med jord i hagen og på berga nedafor. Det vart planta ei mengde med tre […]

Vandring del 1: 10. ”Plasskaillan”

Når du har fått med deg det som står på oppslagstavla på Rostad tek du stien ned mot Rostadbakkan. Her gjekk husmennene til og frå arbeid på gården. Her gjekk ”krøttera” når dei skulle på beite, og her går du for å sjå og høyre. Rostadbakkan besto av ein liten koloni husmansplassar. Maria Hegdal Valberg […]

Vandring del 1: 11. Husmannens levekår

Vi er fortsatt i Rostadbakkan, nærare bestemt i Nerbakken. Den 5. april 1836, underskreiv (med iholden penn) Jakob Pedersen Rostadbakken, husmannskontrakt med Jørgen Richter, på at han skulle få overta halvdelen av plassen som Peder Jakobsen (faren) hadde, under visse forpliktelser: Han skulle betale 5 Speisidaler i årleg leie. Det skulle være forsvarleg gjærde rundt […]

Vandring del 1: 12. Industrieventyret på Rostad

Har du hatt det triveleg i ”Kveinbua”? Det var der vi skiltes sist. Du har nok høyrt vatnet som renn i bekken like bortanfor, (Kvernbekken) og så har du vel sett på den flotte ”Kveinhusmuren”, som var grunnmur for ei kvern, dreve av vatnet i bekken. ”Kveinhusmuren” er den einaste synlege rest av det som […]

Vandring del 1: 13. Dei siste plassfolka

Når vi går stien frå ”kveinbua”, forbi der saga sto, kjem vi gjennom eit plantefelt med furu. Kjem vi i august er furuplantene omkransa av rosa blomster som går over i purpurrau farge. Det er Geitramsen som dekorerer vår vei. Så kjem vi dit husmannsplassen Kvernbakken låg. Kring 1820 rydda Petter Kristian Brunech denne plassen. […]

Vandring del 1: 14. SKREDDAREN.

Når vi går gammelvegen frå Hegdalsness, forstår vi dette var berre ein kjerreveg. Men når første bakken er unnajort, kjem vi til ei lita slette: ”Haugabakken”, dette var storåkeren i ”Nausthaugen”, ein husmannsplass litt lenger fram. Siste plassfolka her var Olive og Sivert Jørginus Arntsen. Sivert, f. 1836, for rundt på gardane og sydde kleda. Han tok 2 kroner for å sy ein dress. Når skreddaren kom måtte kjøkenbordet være ledig, for han sat oppå bordet når han sydde.

Vandring del 1: 15. Siste etappe

Vi går langs åkerkanten ned mot Hegdals-skjæra. Her stod det laksenot før, men no står det berre eit par jarnteiner utpå skjærspissen som var brukt til og feste landgarnet i. Men fint er det her bortover svaberga, der stien snor seg mellom einerbuskane. Dette har dei nok sett dei som har hytter her og. Ei […]

Vandring del 2: 1. Brennvinsbøtta

Vi har no forlenga kulturstien Vangshylla – Undersaker, til Håggåholmen. Vi skal no vandre den nye leia, fra det ene friområdet til eit anna: Simastøa – Haugen. Også her skal vi stoppe opp når vi passerer severdigheter av gamal og ny dato. Ved parkeringsplassen i Simastøa er det kartoppslag over kulturstien begge leiene. Det var […]

Vandring del 2: 2. Eit «karsleg» kvinnfolk.

Det første kulturminnet vi møter når vi starter på ”Sjøbakkin”, er Naustjale. Det var to plasser som heitte det. Den eldste låg nærmast sjøen. I 1850 fekk Ola Sivertsønn og kona Olava rydde seg husmannsplass her. Det var søstra til Ola, Beret som var gardeigar. Ho var enke, og såleis hadde ho nok bruk for […]

Vandring del 2: 3. Lin-fiskarane på leira

Vi tek av frå ”Sjøvein” til høgre, da passerer vi der ”Asphaugen” låg. Dette var husmannsplassen som Sivert Larson og kona Ingeborg Anna Jystad fekk feste på i 1850, av mora, Beret, og stefaren Falkor. Dei hadde to døtre, Anna Bergite og Jonetta. Plassen dei rydda var forholdsvis stor for dei hadde ku i tillegg […]

Vandring del 2: 4. «Storfossen»

Vi går langs elva eit stykke oppover til det kjem ei bru over elva. Eit lite stykke lenger opp er det ein foss,”Storfossen”. Elva som renn her, samlar vatn frå fleire grender her på Utøy. Derfor har elva mange navn: Hoinsåkervlva som den heiter her, deler seg like ovafor fossen. Der er det Kvamselva som […]

Vandring del 2: 5. Om folk og skatter på «Hølma»

Når vi fortsetter vår vandring, og passerer fleire fritidshus, ser vi Kvamsholmen. Den er nok den eldste av husmannsplassane på Kvam. Den er nevnt alt i 1701, men er nok mye eldre. Her har det vori aktiviteter av mange slag i dei ulike tider: Fisket har vore dreve herfra til alle tider, kaiannlegg, saltutvinning, gårdsbruk, […]

Vandring del 2: 6. Stor-drivarn Anton

Når vi er på Kvamsholmen, kjem ein ikkje unna ”Gamel – Hauberin” og sagbruket der. Dette var i den tida storindustri. Derfor må eg fortelle litt om denne mannen som fekk til så mye.

Vandring del 2: 7. Om salt og hårde tider

Når vi går frå Kvamsholmen, kjem vi forbi der det har stått ei saltbu. Nede ved sjøen er det ei grop i terrenget der sjøen renn inn når det er stor flo. Der demte dei att slik att sjøen vart verande der.

Vandring del 2: 8. Skogsvandring

No skal vi vandre i fint og fredfullt skogsterreng på fine stier, der gran er det dominerande treslaget i forskelige utviklingstrinn. Fra spirende granfrø, plantefelt til hogstmoden skog. I ei tjønn fins det amfibier, i tretoppane syng fuglane og mellom trea leikar rev og hare ”sisten”, du må berre gå varsamt, sjå og lytte så opplever du alt.

Vandring del 2: 9. Røvika eller Revika ?

Når vi går frå Kvilbua og Markaplassen kjem Revika som det blir sagt, eller Røvika som det skrives, til syne. Første gong ein finn garden omskrive er i 1490, da omtalt som Rørwiik.

Vandring del 2: 10. Ørsebekken og Havet

Vi satte oss på ein benk i forrige vandring. Hustuftene etter husmannsplassen Øssebekken, som det seies til dagleg, ligg på sletta nedafor her. Når vi no sit her, skal eg fortelle litt om denne plassen. Navnet kjem truleg av ”aur” (ør), grusør i utløpet av Havelva. I 1865 dreiv Lorns og Margrete denne plassen. Lorns […]

Vandring del 2: 11. Holmen eller ?

Holmen, som ikkje er nokon holme, for den er jo landfast, men det er i nyare tid det er laga fylling så ein kan koma over om det er flo sjø. Men den har fleire navn: Haugen friområde, Volholmen, Hjulstadholmen,Jonholmen og Håggåhølmin.

Tjeld. Foto: Torbjørn Løseth

Vandring del 3: 1. Håggåholmen

Ute på holmen var det 3 husmannsplassar sist på 1800 tallet. Inne i grunnmurane på ein av plassane (Jon-plassen), er det laga ein gapahuk. Jon var fiskar og fjøskar på Sundnes.

Vandring del 3: 2. Sundnes

Da fortsetter vi vår vandring. For lettare å koma ned av berget er det laga trapper ned på volden. Og over Volelva er det bru. Litt lenger fram låg det 2 husmansplassar for 100 år sidan. Det var Reina (Vollen) og litt nedafor Vol-voln.

Vandring del 3: 3. Sundnesnesset

No fortsetter vi turen langs fjæra. Mellom åkerkanten og flomålet ser vi fleire planteslag som trives her i overgangen mellom sjø og land: Som ulike strandengtyper, bl. a. saltsivengler og driftvoller. Lenger ut finnes salturt og havgras.

Vandring del 3: 4. Sundnesnesset – Jægtvolden

No fortsette vi opp over Sundnesnesset. (Litt pussig namn dersom ein går til tydinga av namnet Sundnes: Det søndre nesset. Da vert Sundnesnesset: Søndre ness nesset!)

Vandring del 3: 5. Sundneshamna

Når vi går frå Jægtvolden tar vi stien mot Sundneshamna. Dette var leia dei gjekk når dei skulle på handel eller skulle ut å reise med «dampen».

Vandring del 3: 6. Sundneshamna mot Straumen

«Hamnavegen» går frå Sundneshamna, forbi Sundnes og endar i riksv. 755. På dagens bildet ser vi i forgrunnen dei to kaiene og småbåthamna. I midten gamelkaia med lager-huset, i dag er det Stornes rederi som eig denne.

Vandring del 3: 7. Straumen

Når vi sit her på benken som minner om eit vikingeskip, går tankane lett attende i tid. Går vi berre 50 år attende, var det nytte-trafikk her på sjøen, særleg til Sundneshamna. Går vi enno 50 år attende, var det stor trafikk av jekter som frakta kalk frå Straumen. 

Info