Vandring del 1: 8. Året er 1705, ein søndag først i mai

Peder Råen og kona, plassfolket på Rå (eller Råa som dei sa)kjem gåande på stien over berga frå Sjøbygda til Rå. Dei går kveldstur for å sjå og lukte våren her. For da som no – over berga her når blåveis og kvitveis står som ein skog – får du eit ”vårkikk”, av og nyte dette Herrens meisterverk.

Det er dette dei går og beundrar, når dei får sjå ein båt som kjem frå Ytterøya og med kurs for Rå. Det er vel ikkje fiskarar no i helga? Nei alle visste nok kor streng presten Weseltoft var med omsyn til helgefreden. Mange fiskarar som prøvde å sette sine garn i helga, hadde fått både bot og inndraging av reiskapen. Dette visste Peder godt, for han var fiskar sjølv. Båten kjem nærare – det er 8 personar om bord. Brått tok helgefreden og vår-rusen slutt.

Det var ”omfarande lausgjengarar” som var oppi båten og dette var folk som var lite velkomen kvar dei kom. Det var heller ikkje lov og ”hyse” slike folk. Det kunne være omstreifarar med taterblod – folk som hadde utført brotsverk og var vist ut av bygda, tjuvar – tiggarar og liknande som slo seg saman i slike fylgje. Men dei kom i land, og tok inn i ei saltkjelbu som stod åpen.(Her vart det koka sjøvatn for og utvinne salt.) Fylgjet, både menn og kvinner, var i bua eit par dagar. Eit kvinnfolk i fylgjet vart da ”barnsjuk”. Ho kom til Peder og spurte om ho kunne få føde barnet inne i plasstua. Ei anna kvinne i fylgjet var med og hjelpte til ved fødselen. Da dei hadde vori der ei natt, gjekk dei bort i saltbua til fylgjet sitt. Dette var ein laurdag. Dagen etter tok dei båten sin og rodde til Sundneshamna, drog opp til kyrkja og fekk barnet døypt. Presten ville vite kvar ungen var født. Jau, det var på Rå, hos Peder Raaen. Presten Weseltoft rapporterte til futen, Rasmus Høg – som så stemde Peder inn for retten for å ha ”hysa løsgjengere”.

Lensmannen fekk påbod om og annholde desse landstrykarane – utan pass, og ta båten deres i forvaring. Lensmannen beslagla båten og gav husmann Peder Raaen i oppdrag å frakte dette ”pakket” til Levanger. Tirsdagen etter rodde Peder fylgjet til Levanger. Ein av dei i fylgjet vart fengsla.

Tiggarar og landstrykarar var eit stort problem for offentlegheita, og det hjelpte ikkje med strenge lover og harde straffer. Kring 1730 vart det bestemt at det skulle byggjast fattighus, der dei kunne få arbeide. I Trondheim kom det eit slikt hus i 1735. Men folk utover bygdene var redde at nokon av landstrykarane skulle gjeva seg til i bygda, og få ei slags heimstadrett der. Difor vart det oppnemnt ein ”bygdevektar” som skulle jage slike omfarande folk og fylgjer ut av bygda. Denne ”vektaren” eller Stotarkongen som han vart kalla, var væpna med ein ”oksepeis” som våpen. Det var eit blylodd i enden av dette, og var såleis eit frykteleg slagvåpen, så landstrykarane hadde nok otte for Stotarkongen. (Namnet kjem av stotar , tiggar som rek omkring). Han hadde også ei slags uniform med blanke knappar og snor i huva.

”Med lov skal landet byggjast”----- Den 3. okt. 1902 var det heradsstyremøte i Inderøy: Mot 5 røyster vart det da bevilga 200 kr. til lønn åt bygdevektar. Dette etter pålegg frå 36 skatteytarar.
Dette var den siste Stotarkongen på Inderøy. Om det var FRP, eller SV, som stemte i mot, vitast ikkje.

Se alle artiklene:

Vandring del 1: 1. Vangshylla

Langs stien har det foregått mye spennende opp gjennom tida. Nils Undersåker forteller i denne artikkelserien om selvopplevde hendelser og gjenfortalte historier om folk og hendelser langs stien. Svein Jørum har illustrert mange av artiklene. Vi startar frå Vangshylla. Den personen eg først og frems tenker på da, er Georg Voldseth. Mitt første møte med […]

Vandring del 1: 2. Husmannsplassane

Frå Vangshylla tek vi gamlevegen, som vart laga først på 1800-tallet og vart brukt fram til 1930, da det vart ny veg til Vangshylla. Vidare opp bakkane til Dalenget. Her kjem vi dit husmannsplassen ”Lisa-råa” låg. Før vi fortsett, skal vi sjå litt på historia til husmannsplassane generelt. Før år 1720 var det svært få […]

Vandring del 1: 3. ”Gælnværsnatta”

Når vi tek vegen som går mot Rotvold, kjem vi dit ”Sjøbakken” låg. I 1875 var smeden Peder Sveinsson og Jakomina Jonsdotter plassfolk der. Dei fekk ei dotter, og navnet Jakomina likte dei så godt, at dei kalla dotter si og for det. I 1891 vart ”Sjøbakken” nedlagt som husmannsplass. Vi vandrar vidare til ”Syvsvedalen”. […]

Vandring del 1: 4. Bjønndrapet

I dag går vi fra Sysvedalen, over Bjønndalen, utover ”Halleran” mot Sjøbygda (Forsgrenda). Det som er spesielt med stien her, er at det er einaste leia ein kan kome fram i dette terrenget. Etter å ha passert hyttefeltet på Rotvold, kjem vi til ein lysning som ein gong har vore dyrkajord, ”Rotsveet”. Det ligg i […]

Vandring del 1: 5. Bedemannen

Når vi har fortært nistepakken oppe på ”Høghallaren”, starter vi opp att. No går stien langs ein fjellskrent med ei ur under. Vi får tru det går betre med oss enn med ein kar frå Sjøbygda som hadde vore på Vangshylla eit ærend. Der hadde han fortært sterke saker, og ballansen var vel heller dårleg, […]

Vandring del 1: 6. Sjøbygda

– eigentleg er dette to grender: ”FORRSGRENDA” – som på 1800tallet hadde 6 heimar, i dag er det 3 som er fast busett. ”ULVINBAKKEN” – der var det også 6 heimar på 1800tallet, men i dag er det berre ein plass som har fast busetting. Men i begge grendene er det fleire sommarhus. I Ulvinbakken […]

Vandring del 1: 7. Mat og vær !

Ved stien mellom Sjøenget og Mariaplassen står det ein lund med store almetrær. Går vi attende i tid – før 1800,var alm nærmast eit ”hellig ” treslag. Eit gamalt ordtak sa:”Eit almetre er meir verd enn heile skogen.” Grunnen var nok at barken på alm var ein viktig ingrediens når dei laga barkebrød. Furubark var […]

Vandring del 1: 8. Året er 1705, ein søndag først i mai

Peder Råen og kona, plassfolket på Rå (eller Råa som dei sa)kjem gåande på stien over berga frå Sjøbygda til Rå. Dei går kveldstur for å sjå og lukte våren her. For da som no – over berga her når blåveis og kvitveis står som ein skog – får du eit «vårkikk», av og nyte […]

Vandring del 1: 9. Rostadsjøen – Alle’en – parken

I 1823, da Massi Olsdatter Rostad gifta seg med Jørgen Richter, stod det 3 tre i hagen på Rostad. Ei rogn som ho hadde planta som barn, ei osp og ei selje. Sidan vart det fylt på mange hundre lass med jord i hagen og på berga nedafor. Det vart planta ei mengde med tre […]

Vandring del 1: 10. ”Plasskaillan”

Når du har fått med deg det som står på oppslagstavla på Rostad tek du stien ned mot Rostadbakkan. Her gjekk husmennene til og frå arbeid på gården. Her gjekk ”krøttera” når dei skulle på beite, og her går du for å sjå og høyre. Rostadbakkan besto av ein liten koloni husmansplassar. Maria Hegdal Valberg […]

Vandring del 1: 11. Husmannens levekår

Vi er fortsatt i Rostadbakkan, nærare bestemt i Nerbakken. Den 5. april 1836, underskreiv (med iholden penn) Jakob Pedersen Rostadbakken, husmannskontrakt med Jørgen Richter, på at han skulle få overta halvdelen av plassen som Peder Jakobsen (faren) hadde, under visse forpliktelser: Han skulle betale 5 Speisidaler i årleg leie. Det skulle være forsvarleg gjærde rundt […]

Vandring del 1: 12. Industrieventyret på Rostad

Har du hatt det triveleg i ”Kveinbua”? Det var der vi skiltes sist. Du har nok høyrt vatnet som renn i bekken like bortanfor, (Kvernbekken) og så har du vel sett på den flotte ”Kveinhusmuren”, som var grunnmur for ei kvern, dreve av vatnet i bekken. ”Kveinhusmuren” er den einaste synlege rest av det som […]

Vandring del 1: 13. Dei siste plassfolka

Når vi går stien frå ”kveinbua”, forbi der saga sto, kjem vi gjennom eit plantefelt med furu. Kjem vi i august er furuplantene omkransa av rosa blomster som går over i purpurrau farge. Det er Geitramsen som dekorerer vår vei. Så kjem vi dit husmannsplassen Kvernbakken låg. Kring 1820 rydda Petter Kristian Brunech denne plassen. […]

Vandring del 1: 14. SKREDDAREN.

Når vi går gammelvegen frå Hegdalsness, forstår vi dette var berre ein kjerreveg. Men når første bakken er unnajort, kjem vi til ei lita slette: ”Haugabakken”, dette var storåkeren i ”Nausthaugen”, ein husmannsplass litt lenger fram. Siste plassfolka her var Olive og Sivert Jørginus Arntsen. Sivert, f. 1836, for rundt på gardane og sydde kleda. Han tok 2 kroner for å sy ein dress. Når skreddaren kom måtte kjøkenbordet være ledig, for han sat oppå bordet når han sydde.

Vandring del 1: 15. Siste etappe

Vi går langs åkerkanten ned mot Hegdals-skjæra. Her stod det laksenot før, men no står det berre eit par jarnteiner utpå skjærspissen som var brukt til og feste landgarnet i. Men fint er det her bortover svaberga, der stien snor seg mellom einerbuskane. Dette har dei nok sett dei som har hytter her og. Ei […]

Vandring del 2: 1. Brennvinsbøtta

Vi har no forlenga kulturstien Vangshylla – Undersaker, til Håggåholmen. Vi skal no vandre den nye leia, fra det ene friområdet til eit anna: Simastøa – Haugen. Også her skal vi stoppe opp når vi passerer severdigheter av gamal og ny dato. Ved parkeringsplassen i Simastøa er det kartoppslag over kulturstien begge leiene. Det var […]

Vandring del 2: 2. Eit «karsleg» kvinnfolk.

Det første kulturminnet vi møter når vi starter på ”Sjøbakkin”, er Naustjale. Det var to plasser som heitte det. Den eldste låg nærmast sjøen. I 1850 fekk Ola Sivertsønn og kona Olava rydde seg husmannsplass her. Det var søstra til Ola, Beret som var gardeigar. Ho var enke, og såleis hadde ho nok bruk for […]

Vandring del 2: 3. Lin-fiskarane på leira

Vi tek av frå ”Sjøvein” til høgre, da passerer vi der ”Asphaugen” låg. Dette var husmannsplassen som Sivert Larson og kona Ingeborg Anna Jystad fekk feste på i 1850, av mora, Beret, og stefaren Falkor. Dei hadde to døtre, Anna Bergite og Jonetta. Plassen dei rydda var forholdsvis stor for dei hadde ku i tillegg […]

Vandring del 2: 4. «Storfossen»

Vi går langs elva eit stykke oppover til det kjem ei bru over elva. Eit lite stykke lenger opp er det ein foss,”Storfossen”. Elva som renn her, samlar vatn frå fleire grender her på Utøy. Derfor har elva mange navn: Hoinsåkervlva som den heiter her, deler seg like ovafor fossen. Der er det Kvamselva som […]

Vandring del 2: 5. Om folk og skatter på «Hølma»

Når vi fortsetter vår vandring, og passerer fleire fritidshus, ser vi Kvamsholmen. Den er nok den eldste av husmannsplassane på Kvam. Den er nevnt alt i 1701, men er nok mye eldre. Her har det vori aktiviteter av mange slag i dei ulike tider: Fisket har vore dreve herfra til alle tider, kaiannlegg, saltutvinning, gårdsbruk, […]

Vandring del 2: 6. Stor-drivarn Anton

Når vi er på Kvamsholmen, kjem ein ikkje unna ”Gamel – Hauberin” og sagbruket der. Dette var i den tida storindustri. Derfor må eg fortelle litt om denne mannen som fekk til så mye.

Vandring del 2: 7. Om salt og hårde tider

Når vi går frå Kvamsholmen, kjem vi forbi der det har stått ei saltbu. Nede ved sjøen er det ei grop i terrenget der sjøen renn inn når det er stor flo. Der demte dei att slik att sjøen vart verande der.

Vandring del 2: 8. Skogsvandring

No skal vi vandre i fint og fredfullt skogsterreng på fine stier, der gran er det dominerande treslaget i forskelige utviklingstrinn. Fra spirende granfrø, plantefelt til hogstmoden skog. I ei tjønn fins det amfibier, i tretoppane syng fuglane og mellom trea leikar rev og hare ”sisten”, du må berre gå varsamt, sjå og lytte så opplever du alt.

Vandring del 2: 9. Røvika eller Revika ?

Når vi går frå Kvilbua og Markaplassen kjem Revika som det blir sagt, eller Røvika som det skrives, til syne. Første gong ein finn garden omskrive er i 1490, da omtalt som Rørwiik.

Vandring del 2: 10. Ørsebekken og Havet

Vi satte oss på ein benk i forrige vandring. Hustuftene etter husmannsplassen Øssebekken, som det seies til dagleg, ligg på sletta nedafor her. Når vi no sit her, skal eg fortelle litt om denne plassen. Navnet kjem truleg av ”aur” (ør), grusør i utløpet av Havelva. I 1865 dreiv Lorns og Margrete denne plassen. Lorns […]

Vandring del 2: 11. Holmen eller ?

Holmen, som ikkje er nokon holme, for den er jo landfast, men det er i nyare tid det er laga fylling så ein kan koma over om det er flo sjø. Men den har fleire navn: Haugen friområde, Volholmen, Hjulstadholmen,Jonholmen og Håggåhølmin.

Tjeld. Foto: Torbjørn Løseth

Vandring del 3: 1. Håggåholmen

Ute på holmen var det 3 husmannsplassar sist på 1800 tallet. Inne i grunnmurane på ein av plassane (Jon-plassen), er det laga ein gapahuk. Jon var fiskar og fjøskar på Sundnes.

Vandring del 3: 2. Sundnes

Da fortsetter vi vår vandring. For lettare å koma ned av berget er det laga trapper ned på volden. Og over Volelva er det bru. Litt lenger fram låg det 2 husmansplassar for 100 år sidan. Det var Reina (Vollen) og litt nedafor Vol-voln.

Vandring del 3: 3. Sundnesnesset

No fortsetter vi turen langs fjæra. Mellom åkerkanten og flomålet ser vi fleire planteslag som trives her i overgangen mellom sjø og land: Som ulike strandengtyper, bl. a. saltsivengler og driftvoller. Lenger ut finnes salturt og havgras.

Vandring del 3: 4. Sundnesnesset – Jægtvolden

No fortsette vi opp over Sundnesnesset. (Litt pussig namn dersom ein går til tydinga av namnet Sundnes: Det søndre nesset. Da vert Sundnesnesset: Søndre ness nesset!)

Vandring del 3: 5. Sundneshamna

Når vi går frå Jægtvolden tar vi stien mot Sundneshamna. Dette var leia dei gjekk når dei skulle på handel eller skulle ut å reise med «dampen».

Vandring del 3: 6. Sundneshamna mot Straumen

«Hamnavegen» går frå Sundneshamna, forbi Sundnes og endar i riksv. 755. På dagens bildet ser vi i forgrunnen dei to kaiene og småbåthamna. I midten gamelkaia med lager-huset, i dag er det Stornes rederi som eig denne.

Vandring del 3: 7. Straumen

Når vi sit her på benken som minner om eit vikingeskip, går tankane lett attende i tid. Går vi berre 50 år attende, var det nytte-trafikk her på sjøen, særleg til Sundneshamna. Går vi enno 50 år attende, var det stor trafikk av jekter som frakta kalk frå Straumen. 

Info