Vandring del 2: 6. Stor-drivarn Anton

Når vi er på Kvamsholmen, kjem ein ikkje unna ”Gamel – Hauberin” og sagbruket der. Dette var i den tida storindustri. Derfor må eg fortelle litt om denne mannen som fekk til så mye.

Farfar hans, Anders Jacobsen Lyngstad, som var jekteigar, kjøpte i 1834 Haugberg. Han døde i 1861 da sonen Johannes overtok. Han og kona, Ane Melhus, hadde fleire barn . Men det var vanskelege tider, og dei streva økonomisk. Dei solgte unna ein del av garden, Sannan, men i 1889 måtte Johannes gi frå seg gården til garantistane sine: Hans F. Melhus, Morten F. Hogstad, Kristian F. Volan, og Iver F. Steinstad. Alle desse var brødre til Ane, kona til Johannes. Borna måtte søke seg vekk etter arbeid. Men det var ikkje lett og finne, derfor var vart 3 av brødrene einige om å dra til Amerika, også Anton som var eldst, f. i 1866. Dei kjøpte bilettar, men før dei skulle dra, skulle han lage seg ei reise- kiste. Under arbeidet var han uheldig og hogg seg så mye at han ikkje kunne reise.

Men Anton greide og bli enige med garantistene (onklane) så han skulle få prøve og driva gården ei tid. I 1894 vart det skreve kjøpekontrakt på at han fekk overta gården, men den vart ikkje tinglyst før i 1898. Anton hadde den til 1933, da sonen, Johannes overtok. I dei åra Anton hadde gården, var det mye som foregjekk der. Det måtte foregå noko heile tida, og helst noko nytt og stort. Han sette både hus og jord i god stand, dyrka opp 80 – 90 da. Samtidig dreiv han og kjøpte opp dyr og vidresogte både som livdyr og som slakt. Bygde også ein stor revefarm, der det var fast røkter. Men så byrj han som treforedlar. For rundt og kjøpte skog både på rot og som tømmer. Kring 1912 byggde han sagbruk her på Kvamsholmen. Mye av tømret kom sjøvegen, og vart lagra på leiret her, innafor ei lense.Når skurlasten skulle seljast, var det via båt, derfor vart sagbruket plasert her som det var kaie. Bruket var i den tida, stort og moderne. Som drivkraft var det ein stasjonær mobilmotor, ”Sleipner”, som gjekk på solar og vaten. Svinghjulet som var i karshøyde, og vog 400kg. måtte det fleire karer til for og dra, når motoren skulle startast. Den utvikla ca.15 hk.. og var bolta fast i berget. Desse festa synest enno. Motoren var innbygd i eit lite hus. Men for og kjøle motoren måtte dei ha ferskvaten, som vart tilkjørt i tønner fra bekkehol i omegn. Dette var nok eit problem når det var lite vaten, og kunne nok føre til konfrontasjoner med bekke-eigarane. Men Anton ordna opp der og.

Motorkrafta vart nytta på ei dobbel klyvsag, kappsag og oppdraging av tømret frå tømmerlensa. Tømret vart skore til plank, stabla og tørka. Baken vart kappa i meters lengder, trilla bortpå berga, stabla og tørka til ved. Til alt dette trongs det folk, 10 – 12 karer hadde arbeid der. Men desse skulle også ha mat, derfor var det eit ”kokkhus” der det vart laga og servert mat. Kokker var døttrene til Anton, Agnes, Ragnhild og Tina.

Etter som sagbruket vokste, syntest grunneigaren at Anton kunne betale han litt i leige.Det var nok serleg eldstesonen til Arnt, Olaf (han var i poletiet i Trondhem) som påverka dette. Dette vart dei ikkje heilt einige om, men akkurat i den tida hadde det komi elektrisk kraft på andre sida av fjorden. Og i 1932 flytta Anton sagbruket til Ekne, der fekk han nytte elektrisitet i staden for ”Sleipner”. Den fekk gjære nytte for seg på Ytterøya, og sidan vidresolgt til Namskogan, der den var i bruk til i 1939, da den vart erstatta med el.-kraft der og.

I 1933 solgte Anton gåden Haugberg til sonen Johannes, som hadde vore drivar i fleire år, for faren var stadig på farten for og kjøpe tømmer og dyr. Men no flytta han til Skogn, der han kjøpte Moldbakken. Men under krigen måtte han flytte att, for tyskarane la beslag på heimen hans, det var vistnok planer om flyplass der.

Da bygde han seg hus på Ekne, like ovafor sagbruket. Etter krigen fekk han att Moldbakken, da flytta ein son dit.

Anton var gift to gonger. Første kona var Kjerstina og kom frå Bratsberg, døde i 1899. Dei hadde to sønner. Andre kona var Marhta, og kom frå ”Sjurstu”(Ulvin), dei hadde 6 barn.Når det 7. barnet skulle komme døde både mor og barn.

Arbeidsfolket var ein stabil gjeng. Mest kjent var nok plankebæraren ”Stor – Martin” Granhaug for sin storleik og styrke. Mange av arbeidsfolket vart med når sagbruket flytta til Ekne, og vart ukependlere.Så det såg ut som dei likte både arbeid og arbeidsgiver, sjøl om Anton alltid hadde det travelt og ville ha fart i arbeidet. Martin Granhaug og Rangvald Solvang rodde mellom Ekne og Vangshylla. Ein gong kom dei på at i staden for og ro rundt Yterøya, skulle dei dra båten over der øya er smalast. ”De ha ijt gått vess ijt en Stormartin ha verri me,” sa Rangvald.

Det er mange historier om Anton, dei fleste går på at han alltid ville ting skulle gå fort for seg.

Han var ofte oppservert med ein sko av kvart, eller berre ein kalorsj, det tok for mye tid og finne paret.

”Hi di ijt nå å jær di,” sa han dersom nokon gjekk over gårdplassen utan og ha noko i hendene. (Etter kvart lærte dei og ta noko i handa når Anton såg dei.)

Så kunne han komme springand inn, og ropa til svigerdattra: ”Kæm de va æ skol reng åt trur du?”

Han dreiv også fisket, særleg sildefisket. Det ville være mye mat til så mange folk. Ein gong var han og dattera Ragnhild, utpå sjøen og plukka sild av garna. Da kom andre dattera, Agnes og ropa at det var telefon til han. ”Du får fortsætt å plokk sild du Ragnhild, mens æ ror in å te telefon.”

Han skulle også vitje brødrne sine i Amerika, ”Dæm skol no ha haft litte sild der å da sju.” Dermed sette han garn kvelden før han skulle dra, tok opp om morgonen, salta på ein åtting med sild. Dei sa at dampbåten måtte vente til lokket på åttingen var i-slått, ”Dæm veit da æ ska vårrå me, sju.” Så bar det i veg med både silda og Anton.

Ei kald vinternatt var det nokre oksar som hadde komi ut på gårdsplassen og laga eit frykteleg spetakkel. Anton for opp, og ut på døratrappa i berre underbuksa og bærføtt. Men tenestefolket var alt i full sving med og få oksane inn att. I styret av det som fåregjekk, var det ei vettskremt rotte som kom springande i snøen. Anton sprang resolutt ut i bærføttene, og trampa ihel rotta. ”Æ fekk da ti dæ i alfal”. Dette syner at han aldri stod og spekulerte og tenkte seg om. Han var ein handlingens mann.

Men slik drift krevde kapital. I den tida var det ikkje så enkelt å få lån, så han kunne til tider ligge etter med betalinga; men han gjorde alltid opp for seg. Samtidig var han annsett som foretningsmann, noko denne historia syner: Det var hos ein kar utpå bygda Anton var og skulle kjøpe ein gris. Anton skulle betalte ei krone kiloet. Grisen vart vogi til 100 kilo. ”Det blir hundre kroner akkurat” sa Anton.

”Jau, det høyrdest han var vant me pæng den karen, fer de san på ståan fot” sa mannen når han fortalte om det.

Om Anton ikkje akkurat vart rik, skaffa han arbeid til mange i ei vanskeleg tid. Var nokon arbeidledig, fekk dei noko å gjera hos Anton. ”Æ like ijt at nån går å spållå sæ, sju.”

Kvamsholmen

Dette er nok den eldste av Kvamsplassene. Den er nevnt allerede i 1701, men er trolig mye eldre. I 1865 ble plassen kjøpt av Anton Grøn. Han kjøpte også opp Litlmarka og Holmsveet og slo alt sammen til et bruk. Flere av Grøn-slekta bodde her på Kvamsholmen fram til 1917 – da kjøpte Arnt Følstad […]

Vandring del 2: 5. Om folk og skatter på «Hølma»

Når vi fortsetter vår vandring, og passerer fleire fritidshus, ser vi Kvamsholmen. Den er nok den eldste av husmannsplassane på Kvam. Den er nevnt alt i 1701, men er nok mye eldre. Her har det vori aktiviteter av mange slag i dei ulike tider: Fisket har vore dreve herfra til alle tider, kaiannlegg, saltutvinning, gårdsbruk, […]

Se alle artiklene

Vandring del 1: 1. Vangshylla

Langs stien har det foregått mye spennende opp gjennom tida. Nils Undersåker forteller i denne artikkelserien om selvopplevde hendelser og gjenfortalte historier om folk og hendelser langs stien. Svein Jørum har illustrert mange av artiklene. Vi startar frå Vangshylla. Den personen eg først og frems tenker på da, er Georg Voldseth. Mitt første møte med […]

Vandring del 1: 2. Husmannsplassane

Frå Vangshylla tek vi gamlevegen, som vart laga først på 1800-tallet og vart brukt fram til 1930, da det vart ny veg til Vangshylla. Vidare opp bakkane til Dalenget. Her kjem vi dit husmannsplassen ”Lisa-råa” låg. Før vi fortsett, skal vi sjå litt på historia til husmannsplassane generelt. Før år 1720 var det svært få […]

Vandring del 1: 3. ”Gælnværsnatta”

Når vi tek vegen som går mot Rotvold, kjem vi dit ”Sjøbakken” låg. I 1875 var smeden Peder Sveinsson og Jakomina Jonsdotter plassfolk der. Dei fekk ei dotter, og navnet Jakomina likte dei så godt, at dei kalla dotter si og for det. I 1891 vart ”Sjøbakken” nedlagt som husmannsplass. Vi vandrar vidare til ”Syvsvedalen”. […]

Vandring del 1: 4. Bjønndrapet

I dag går vi fra Sysvedalen, over Bjønndalen, utover ”Halleran” mot Sjøbygda (Forsgrenda). Det som er spesielt med stien her, er at det er einaste leia ein kan kome fram i dette terrenget. Etter å ha passert hyttefeltet på Rotvold, kjem vi til ein lysning som ein gong har vore dyrkajord, ”Rotsveet”. Det ligg i […]

Vandring del 1: 5. Bedemannen

Når vi har fortært nistepakken oppe på ”Høghallaren”, starter vi opp att. No går stien langs ein fjellskrent med ei ur under. Vi får tru det går betre med oss enn med ein kar frå Sjøbygda som hadde vore på Vangshylla eit ærend. Der hadde han fortært sterke saker, og ballansen var vel heller dårleg, […]

Vandring del 1: 6. Sjøbygda

– eigentleg er dette to grender: ”FORRSGRENDA” – som på 1800tallet hadde 6 heimar, i dag er det 3 som er fast busett. ”ULVINBAKKEN” – der var det også 6 heimar på 1800tallet, men i dag er det berre ein plass som har fast busetting. Men i begge grendene er det fleire sommarhus. I Ulvinbakken […]

Vandring del 1: 7. Mat og vær !

Ved stien mellom Sjøenget og Mariaplassen står det ein lund med store almetrær. Går vi attende i tid – før 1800,var alm nærmast eit ”hellig ” treslag. Eit gamalt ordtak sa:”Eit almetre er meir verd enn heile skogen.” Grunnen var nok at barken på alm var ein viktig ingrediens når dei laga barkebrød. Furubark var […]

Vandring del 1: 8. Året er 1705, ein søndag først i mai

Peder Råen og kona, plassfolket på Rå (eller Råa som dei sa)kjem gåande på stien over berga frå Sjøbygda til Rå. Dei går kveldstur for å sjå og lukte våren her. For da som no – over berga her når blåveis og kvitveis står som ein skog – får du eit «vårkikk», av og nyte […]

Vandring del 1: 9. Rostadsjøen – Alle’en – parken

I 1823, da Massi Olsdatter Rostad gifta seg med Jørgen Richter, stod det 3 tre i hagen på Rostad. Ei rogn som ho hadde planta som barn, ei osp og ei selje. Sidan vart det fylt på mange hundre lass med jord i hagen og på berga nedafor. Det vart planta ei mengde med tre […]

Vandring del 1: 10. ”Plasskaillan”

Når du har fått med deg det som står på oppslagstavla på Rostad tek du stien ned mot Rostadbakkan. Her gjekk husmennene til og frå arbeid på gården. Her gjekk ”krøttera” når dei skulle på beite, og her går du for å sjå og høyre. Rostadbakkan besto av ein liten koloni husmansplassar. Maria Hegdal Valberg […]

Vandring del 1: 11. Husmannens levekår

Vi er fortsatt i Rostadbakkan, nærare bestemt i Nerbakken. Den 5. april 1836, underskreiv (med iholden penn) Jakob Pedersen Rostadbakken, husmannskontrakt med Jørgen Richter, på at han skulle få overta halvdelen av plassen som Peder Jakobsen (faren) hadde, under visse forpliktelser: Han skulle betale 5 Speisidaler i årleg leie. Det skulle være forsvarleg gjærde rundt […]

Vandring del 1: 12. Industrieventyret på Rostad

Har du hatt det triveleg i ”Kveinbua”? Det var der vi skiltes sist. Du har nok høyrt vatnet som renn i bekken like bortanfor, (Kvernbekken) og så har du vel sett på den flotte ”Kveinhusmuren”, som var grunnmur for ei kvern, dreve av vatnet i bekken. ”Kveinhusmuren” er den einaste synlege rest av det som […]

Vandring del 1: 13. Dei siste plassfolka

Når vi går stien frå ”kveinbua”, forbi der saga sto, kjem vi gjennom eit plantefelt med furu. Kjem vi i august er furuplantene omkransa av rosa blomster som går over i purpurrau farge. Det er Geitramsen som dekorerer vår vei. Så kjem vi dit husmannsplassen Kvernbakken låg. Kring 1820 rydda Petter Kristian Brunech denne plassen. […]

Vandring del 1: 14. SKREDDAREN.

Når vi går gammelvegen frå Hegdalsness, forstår vi dette var berre ein kjerreveg. Men når første bakken er unnajort, kjem vi til ei lita slette: ”Haugabakken”, dette var storåkeren i ”Nausthaugen”, ein husmannsplass litt lenger fram. Siste plassfolka her var Olive og Sivert Jørginus Arntsen. Sivert, f. 1836, for rundt på gardane og sydde kleda. Han tok 2 kroner for å sy ein dress. Når skreddaren kom måtte kjøkenbordet være ledig, for han sat oppå bordet når han sydde.

Vandring del 1: 15. Siste etappe

Vi går langs åkerkanten ned mot Hegdals-skjæra. Her stod det laksenot før, men no står det berre eit par jarnteiner utpå skjærspissen som var brukt til og feste landgarnet i. Men fint er det her bortover svaberga, der stien snor seg mellom einerbuskane. Dette har dei nok sett dei som har hytter her og. Ei […]

Vandring del 2: 1. Brennvinsbøtta

Vi har no forlenga kulturstien Vangshylla – Undersaker, til Håggåholmen. Vi skal no vandre den nye leia, fra det ene friområdet til eit anna: Simastøa – Haugen. Også her skal vi stoppe opp når vi passerer severdigheter av gamal og ny dato. Ved parkeringsplassen i Simastøa er det kartoppslag over kulturstien begge leiene. Det var […]

Vandring del 2: 2. Eit «karsleg» kvinnfolk.

Det første kulturminnet vi møter når vi starter på ”Sjøbakkin”, er Naustjale. Det var to plasser som heitte det. Den eldste låg nærmast sjøen. I 1850 fekk Ola Sivertsønn og kona Olava rydde seg husmannsplass her. Det var søstra til Ola, Beret som var gardeigar. Ho var enke, og såleis hadde ho nok bruk for […]

Vandring del 2: 3. Lin-fiskarane på leira

Vi tek av frå ”Sjøvein” til høgre, da passerer vi der ”Asphaugen” låg. Dette var husmannsplassen som Sivert Larson og kona Ingeborg Anna Jystad fekk feste på i 1850, av mora, Beret, og stefaren Falkor. Dei hadde to døtre, Anna Bergite og Jonetta. Plassen dei rydda var forholdsvis stor for dei hadde ku i tillegg […]

Vandring del 2: 4. «Storfossen»

Vi går langs elva eit stykke oppover til det kjem ei bru over elva. Eit lite stykke lenger opp er det ein foss,”Storfossen”. Elva som renn her, samlar vatn frå fleire grender her på Utøy. Derfor har elva mange navn: Hoinsåkervlva som den heiter her, deler seg like ovafor fossen. Der er det Kvamselva som […]

Vandring del 2: 5. Om folk og skatter på «Hølma»

Når vi fortsetter vår vandring, og passerer fleire fritidshus, ser vi Kvamsholmen. Den er nok den eldste av husmannsplassane på Kvam. Den er nevnt alt i 1701, men er nok mye eldre. Her har det vori aktiviteter av mange slag i dei ulike tider: Fisket har vore dreve herfra til alle tider, kaiannlegg, saltutvinning, gårdsbruk, […]

Vandring del 2: 6. Stor-drivarn Anton

Når vi er på Kvamsholmen, kjem ein ikkje unna ”Gamel – Hauberin” og sagbruket der. Dette var i den tida storindustri. Derfor må eg fortelle litt om denne mannen som fekk til så mye.

Vandring del 2: 7. Om salt og hårde tider

Når vi går frå Kvamsholmen, kjem vi forbi der det har stått ei saltbu. Nede ved sjøen er det ei grop i terrenget der sjøen renn inn når det er stor flo. Der demte dei att slik att sjøen vart verande der.

Vandring del 2: 8. Skogsvandring

No skal vi vandre i fint og fredfullt skogsterreng på fine stier, der gran er det dominerande treslaget i forskelige utviklingstrinn. Fra spirende granfrø, plantefelt til hogstmoden skog. I ei tjønn fins det amfibier, i tretoppane syng fuglane og mellom trea leikar rev og hare ”sisten”, du må berre gå varsamt, sjå og lytte så opplever du alt.

Vandring del 2: 9. Røvika eller Revika ?

Når vi går frå Kvilbua og Markaplassen kjem Revika som det blir sagt, eller Røvika som det skrives, til syne. Første gong ein finn garden omskrive er i 1490, da omtalt som Rørwiik.

Vandring del 2: 10. Ørsebekken og Havet

Vi satte oss på ein benk i forrige vandring. Hustuftene etter husmannsplassen Øssebekken, som det seies til dagleg, ligg på sletta nedafor her. Når vi no sit her, skal eg fortelle litt om denne plassen. Navnet kjem truleg av ”aur” (ør), grusør i utløpet av Havelva. I 1865 dreiv Lorns og Margrete denne plassen. Lorns […]

Vandring del 2: 11. Holmen eller ?

Holmen, som ikkje er nokon holme, for den er jo landfast, men det er i nyare tid det er laga fylling så ein kan koma over om det er flo sjø. Men den har fleire navn: Haugen friområde, Volholmen, Hjulstadholmen,Jonholmen og Håggåhølmin.

Tjeld. Foto: Torbjørn Løseth

Vandring del 3: 1. Håggåholmen

Ute på holmen var det 3 husmannsplassar sist på 1800 tallet. Inne i grunnmurane på ein av plassane (Jon-plassen), er det laga ein gapahuk. Jon var fiskar og fjøskar på Sundnes.

Vandring del 3: 2. Sundnes

Da fortsetter vi vår vandring. For lettare å koma ned av berget er det laga trapper ned på volden. Og over Volelva er det bru. Litt lenger fram låg det 2 husmansplassar for 100 år sidan. Det var Reina (Vollen) og litt nedafor Vol-voln.

Vandring del 3: 3. Sundnesnesset

No fortsetter vi turen langs fjæra. Mellom åkerkanten og flomålet ser vi fleire planteslag som trives her i overgangen mellom sjø og land: Som ulike strandengtyper, bl. a. saltsivengler og driftvoller. Lenger ut finnes salturt og havgras.

Vandring del 3: 4. Sundnesnesset – Jægtvolden

No fortsette vi opp over Sundnesnesset. (Litt pussig namn dersom ein går til tydinga av namnet Sundnes: Det søndre nesset. Da vert Sundnesnesset: Søndre ness nesset!)

Vandring del 3: 5. Sundneshamna

Når vi går frå Jægtvolden tar vi stien mot Sundneshamna. Dette var leia dei gjekk når dei skulle på handel eller skulle ut å reise med «dampen».

Vandring del 3: 6. Sundneshamna mot Straumen

«Hamnavegen» går frå Sundneshamna, forbi Sundnes og endar i riksv. 755. På dagens bildet ser vi i forgrunnen dei to kaiene og småbåthamna. I midten gamelkaia med lager-huset, i dag er det Stornes rederi som eig denne.

Vandring del 3: 7. Straumen

Når vi sit her på benken som minner om eit vikingeskip, går tankane lett attende i tid. Går vi berre 50 år attende, var det nytte-trafikk her på sjøen, særleg til Sundneshamna. Går vi enno 50 år attende, var det stor trafikk av jekter som frakta kalk frå Straumen. 

Info