Når vi går frå Kvilbua og Markaplassen kjem Revika som det blir sagt, eller Røvika som det skrives, til syne. Første gong ein finn garden omskrive er i 1490, da omtalt som Rørwiik.
Mye tyder på at garden var delt, der andre delen omtales som Sindisåker (Sør-Røvika).
Delen ned mot sjøen er også omtalt som Havet.
Tyinga av navnet kan ha fleire variantar: Røvik eller Rydvik kjem nok av å rydde jord.
Revika, som vi seier, Re kan tyda heilagdom. Men at det er ei vik er nokså klårt.
Anders er første oppsittar som er nevnt i 1520. Han svara 2 lodd sølv i omframskatt, i tillegg var det leidangskatt på 1 pund smør og 1 vog melk. (Var det nokon som klaga på dagens eiendomskatt?)
Elles har det vore mykje embetsmenn som fut, sorenskrivar, og militære befalsmenn som budde på garden. Men felles for mange av dei var at dei åtte garden i felles-skap med div. institusjonar. Nedafor stuelåna ligg det ein kjellar som har ein-meters kvitkalka steinmurar, og kan vere frå 1600talet. Kva den har vori nytta til kan ingen med sikkerheit seia. I taket står det smidde jernkrokar, og at dei var nytta til å binde opp fangar den tida futen budde her, og at det kanskje var fengsel. Eller det har vore vinkjellar her ,så sjersantar, majorar og kapteinar som budde på garden, kunne lagre sine drikkevarer den tid det var dragonkvarter her. Potetkjellar var det ikkje, for poteten kom ikkje hit til lands før kring år 1760, men kjellaren fulgte nok med den også når garden var på salg, og det har den vore mange gonger.
Kjøpesummen for garden har gått både opp og ned, etter korleis tidene har vori. Men heile tida var ein gard det mest verdifulle som kunne kjøpast. Her var det husrom og jord så det kunne avlast mat til fleire enn seg sjølv. Og mat var det viktigaste som dei viste om i den tida.
I dag er ei lita hytte på ein bergskrent ned mot sjøen meire verd enn ein stor gard.
Nei, dei var rare før i tida - - - eller er det verdimåla våre som er rare?
Men i 1868 kjøpte staten garden til kappelangård for Inderøy. Han som solgte garden , var eigar i eit år, etter og ha kjøpt av Ole Sundfær som tok av kårjord på Havet. Men selgaren fekk god betaling av staten.
Første kapellan som var i Røvika: C. W. Pine, den siste var H.K. Solbu. I mellomtida har det vore 12 forskellige prestar der: C.W. Pine, S. Vik, H. Grimelund, T. Lunde, E.J. Nilssen, K. Lyshoel, C. Finsaas, N. C. Bonnevie, O.A. Knarlag, K. Fosse, K. Nilsen, H.K. Solbu.
Ein prest, S. Vik, har drevi garden sjølv, elles har det vore paktarar av hus og jord. Frå 1913 og fram til i dag, har garden vore drive av same familie, som i 2003 vart sjølveigar.
Når garden vart kappelangård, var det 8 husmannsplassar her: Sneve, Raugrinda, Rauenget, (Skogen), Marka, Sjøjerdet, Øvre og Nedre Sjøsveet, Øssebekken, tidlegare også Rønningen.
Men første husmannsfolket som er omskrive er frå 1762, og budde i Reviksjøen. Han heitte Rasmus Hanson (24 år) og Giertrud (14år). I 1765 er det døypt ei gjente frå denne plassen. Foreldra var tenestefolk til kaptein Kiøbing i Røvika. 4 år seinare blir det døypt ein gut derifrå, og 4 år deretter står det at det var gravferd etter Gjertrud som døyde av blodsott.
(Blodsott/Blodgang er det same som dysenteri. Dette er ein smittsom sjukdom i tarmkanalen, som mellom anna gjev blod i avføringa. Derfor navnet. På 1700 talat var det mange, serleg unge, som døde av sjukdomen da det ikkje var efektive medesinar mot det. Epedemiane oppstod når det var varmt i veret, og ved dårlege hygieniske forhold, likeså dårleg drikkevatn.
I dag finnes effektive medisiner, men på 1700 tallet var det ein fortvilt og frykta sjukdom.
Var det nokon som snakka om ”Gode gamle dagar ”?
Denne plassen, Reviksjøen, er ikkje nevnt i seinare folketellingar, men er truleg den same som Sjøsveet.
Det er der vi passerer på vår videre vandring langs ”Vargdalen”. Dette har vore to plassar (øvre og nedre Sjøsveet).
Etter navnet er nok jorda dyrka ved brenning og avsviing frå sjøen og oppover.
Det var husmannsplassar til ut i 1930 - 40 åra. Da vart først nedre Sjøsveet bortleid på åremål til Rasinus Klepp, som sidan kjøpte både øvre og nedre Sjøsveet.
Litt lenger ned, kjem vi til ein benk der vi set oss ned og funderar på kvar vart det av desse futane, majorane, sorenskrivarane og husmennene?